Gå til hovedinnhold

Ein sommar i ein bygdetulling sitt liv

På fredag starta eit nytt kapittel i livet mitt her i Høyanger. Eg fekk endeleg kopla meg opp til nett, så no har eg trådlaust nett til alle dingsane mine i kåken min. Det er ei heilt ny verd; alle moglege radiokanalar, spotify, akkurat den musikken eg vil ha, og ikkje minst; eg kan blogge når eg vil.

Etter at eg flytta til Høyanger har eg kvitta meg med tven (att) og eg er blitt vegetarianar (att). Forsøk på å gjere livet mitt meir meiningsfullt ved å bli meir aktiv og sunn. Folk som kjenner meg veit at eg har ein tendens til å vere både fysisk og mentalt lat - å ha tv hjelp ikkje akkurat på nokon av delane.

Etter å ha synkronisert telefon med mac'en min, såg eg att eg har ein haug med bilete (av varierande kvalitet) som eg ikkje har fått publisert, og eg har ikkje skrive om alle dei artige tinga eg gjorde i sommar (vel..eg gjorde ikkje så mange artige ting i sommar, men eg gjorde i alle fall noko). Så her kjem ei sommarkavalkade av ein sommar i unge Blåfjelldal sitt liv.

På hyttetur med veninne

Sommar i Valdres betyr tur på hytta. Denne gongen tok eg med meg Marianne, som er ein fantastisk skribent og som eg vart kjend med på vidaregåande på Fagernes, der vi mellom anna forska på råning og rånekultur. Vi drakk store mengder med vin, og kom attende utkvilte og fulle av myggestikk.


Trollrock og Hellbillies

Fekk med meg ein festival i sommar, og det var trollrock. Høgdepunktet var sjølvsagt Hellbillies, der eg fekk plass heilt framme, og gnåla heile konserten gjennom. Og ja, tok ein haug med bilete.




På tur i Aurland 


Eg budde i Aurland frå eg var null til fire år. Eg hugsar ikkje så mykje av det, men eg har altså budd i Sogn og Fjordane før. No ønskja eg å reise dit for å oppleve slike ting eg har gløymt. Gjere ein del turistting, og besøkje gamle vener.

På veg ned til Aurland via Hol. Denne vegen reiste vi alltid då vi skulle besøkje Aurland då eg var liten. Og eg hugsar han som bratt, smal, svingete og full av tunnelar. Ikkje så dramatisk i vaksen alder, men dramatisk nok.


 Den overprisa Flåmsbana, som eg personleg tykkjer er noko oppskrytt. Men sidan eg ikkje hugser sist eg tok bana, måtte vi gjere det no. 

 Aurlandsdalen. Ein flott tur som vi vel brukte ein fem-seks timar på. Flott oppleving. Bratt, smalt og dramtisk. Men ikkje så skummel som Besseggen. 


Stegastein. Utsiktspunkt i Aurland. Knallbratt og smalt på vegen opp, men utsikten er verdt den dramatiske turen opp dit. 

Kjøpt meg drill.


Det er ikkje ein ting eg ikkje klarar!

På tur med snøggbåt til Bergen 
 Debuterte på snøggbåt til Bergen i vakkert solskin - på veg til møte i programutval for skule, utdanning og forsking i partiet. 

På toppen av 2500 trappetrinn

No har eg vore til toppen av begge trappene i Høyanger. Min favoritt er den lengste på 2500 trinn. Ikkje fordi eg er ein sporty jævel, men fordi trappetrinna er lågare.

På toppen av 2500 steg

Du kan også ta trallebana opp og ned viss du vil. Det hadde eg aldri tørt. Jaggu skummelt nok å gå opp om ein ikkje skal køyre nedover i ei slik bittelita vogn. 


Ferie ja....no har det regna i over ei veke i strekk her i Høyanger. Eg er solsjuk, men veit at det blir lenge til eg får sjå sola att. Vil færra til Mexico, ligge på ei strand og drikke margaritas heile dagen. I jula kanskje....

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…