Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2012

Forsking i praksis - eg treng hjelp!

I helga kunne Aftenposten rapportere om at det nye valfaget "Forsking i praksis" dessverre blir nedprioritert av skulane. 

Nokon av årsakane til dette er manglande lærarkompetanse, og at få elevar ønskja å velje seg dette faget. Det er synd. Forsking er spanande, og det er ein kunst å få elevane interessert i dette. I tillegg føler nok mange skular eit stort behov for å undervise i praktiske fag, og då kan nok faget "Forsking i praksis" høyrast litt tørt og teoretisk av.

På Høyanger skule gjev vi elevane tilbud om valfaget "Forsking i praksis". 18 elevar har vald dette faget og dei har meg som lærar. Vi kom i gang rett etter haustferien og køyrer no faget fire timar kvar veke i ei periode på 19 veker.

Eg skal innrømme at eg slit, og at eg tykkjer det er vanskeleg. Eg føler eit stort ansvar for å gjere faget spanande sidan dette faktisk er noko elevane har vald seg sjølve. Eg føler også på manglande kompetanse. Spesielt i realfag. Og alt eg har å støtte me…

Integrering pågår!

"Trivst du i Høyanger, Hanne?"

"Har du blitt kjend med nokon i Høyanger endå?"

"Er du blitt godt take i mot i lokalsamfunnet då, Hanne?"

Alt dette har vore spørsmål eg har fått sidan eg flytta til Høyanger (og nei, dette skal ikkje bli eitt av dei innlegga på bloggen min der eg klagar over alle dumme spørsmål eg får frå alle folk). Eg møter spørsmåla med varierande svar.

Mitt mest vanlege svar er: "Eg har ikkje fått nokre vener endå, men eg har møtt mange hyggelege folk".  Og det er sant. Eg har heller ikkje blitt kjend med andre enn kollegaer på Høyanger skule (men så er det 70 stk av dei, og eg kan ikkje namnet på halvparten endå).

Eg har ikkje følt meg einsam sidan eg kom til Høyanger. Eg veit det tek tid før du kjem inn i eit lokalsamfunn. I Vågå tok det mellom eit halvt år og eitt år før eg kjende at eg hadde det fint, og før eg følte meg sosialisert (men eg hadde kjærast då eg flytta til Vågå - no er eg singel, og reknar med at det er eit …

Vågå - frå stjernebygd til skambygd

For omlag tre år sidan fekk eg tilbod om jobb i Vågå. For meg var dette drømmejobben. Eg skulle vere prosjektleiar for eit skule- og samfunnsutviklingsprosjekt i kommunen der politikarane hadde sett seg som mål å lage Noregs beste skule. Målet på lang sikt var betre omdømme og stoltheit over lokale fortrinn. Slik skulle Vågå få fleire innbyggjarar til kommunen.

Vågå var kjend for å vere ei positiv kommune med ein ordførar som kjende alle og som gjorde alt for Vågå. Vågå sitt gode omdømme var ein viktig grunn til at eg søkte jobb i Vågå og at eg takka ja til denne jobben.

Eg starta i jobben 10.januar 2010. Jobben som prosjektleiar for eit slikt type prosjekt (les meir om det her) innebar for meg å bli kjend med både lokalsamfunn, tilsette i skule og barnehage, næringsliv og også eksterne samarbeidspartar. Sidan det var eit politisk initiert prosjekt, innebar også jobben min at eg måtte jobbe tett opp mot både ordførar og dei andre politikarane i kommunen. I tillegg prøvde vi å søkje st…