Gå til hovedinnhold

Forsking i praksis - eg treng hjelp!

I helga kunne Aftenposten rapportere om at det nye valfaget "Forsking i praksis" dessverre blir nedprioritert av skulane. 

Nokon av årsakane til dette er manglande lærarkompetanse, og at få elevar ønskja å velje seg dette faget. Det er synd. Forsking er spanande, og det er ein kunst å få elevane interessert i dette. I tillegg føler nok mange skular eit stort behov for å undervise i praktiske fag, og då kan nok faget "Forsking i praksis" høyrast litt tørt og teoretisk av.

På Høyanger skule gjev vi elevane tilbud om valfaget "Forsking i praksis". 18 elevar har vald dette faget og dei har meg som lærar. Vi kom i gang rett etter haustferien og køyrer no faget fire timar kvar veke i ei periode på 19 veker.

Eg skal innrømme at eg slit, og at eg tykkjer det er vanskeleg. Eg føler eit stort ansvar for å gjere faget spanande sidan dette faktisk er noko elevane har vald seg sjølve. Eg føler også på manglande kompetanse. Spesielt i realfag. Og alt eg har å støtte meg på er ei kort rettleiing til ein stutt læreplan, i tillegg til det eg finn av ressursar på nettet.

Vi har hatt 12 timar med dette faget så langt. Fyrste gong brukte eg tid på å gje nokre døme på forsking gjort av elevar. Vi gjekk så ein tur rundt i Høyanger for å lage oss gode spørsmål. Kva er du nysgjerrig på? Kva lurar du på? Det å vekke nysgjerrigheit er viktig.

Neste gong testa vi ut observasjon som metode. Eg hadde gjeve dei problemstilling på førehand, mens dei fekk lage hypoteser. Vi gjekk så i gang med å observere undervisingsmetodikk på skulen.

No denne veka hadde vi fyrst ei gruppekonkurranse, der dei fekk 18 spørsmål dei skulle finne svar på rundt omkring i Høyanger. Spørsmåla dei skulle finne svar på var alt frå: "Kva er omkrinsen av paviljongen?", "Kor mange er det plass til i ein telefonkiosk?" til "Kva for skofarge er det mest vanleg at lærarane på Høyanger skule har?".

På slutten av dagen gav eg dei beskjed om at kvar enkelt av elev no skal lage sitt eige forskingsprosjekt som dei skal presentere før vi tek juleferie. Der skal dei gå vegen fra problemstilling, hypotese til metode, resultat, metodekritikk og til presentasjon av resultata. Eg er spent på korleis dette skal gå. Klarar dei å lage gode problemstillingar? Klarar dei å finne ut kva for metode dei skal bruke? Kor mykje skal eg rettleie utan å blande meg inn i deira frie forsking? Kunsten er å finne gode problemstillingar som er moglege å forske på i Høyanger. Det er ikkje lett!

At elevane får forske på eigehand ønskjer eg å bruke halvparten av tida på. Den andre halvparten tenkjer eg å bruke på praktiske forsøk, og det er her eg treng hjelp.

Eg er samfunnsvitar. Med mastergrad i samfunnsgeografi er eg god på intervju som metode, observasjon og ikkje minst casestudier, som er det eg gjorde i masteroppgåva mi. Eg slit meir med realfag. Elevane elskar jo naturfagsforsøk, men her er verktøykassa ganske tom.

Eg ønskjer no å samle ei gruppe med interesse for forsking og som underviser i skulen. Vi må finne ein måte å utveksle idear og opplegg på, slik at vi kan gjere faget endå betre. Vi skal jo vekke interesse for forsking, og då må vi dele!

Er du interessert i å dele opplegg? Send meg ein mail, og vi får snart sett opp ei mailingliste og kanskje ein nettplattform etter kvart!

Kommentarer

  1. Hei Hanne, jeg heter Anna. Jeg er en svensk lærer som jobber på ungdomsskole i Vestfold. Jeg har også kjørt forskning i praksis siden høstferien, men jeg har bare 1,5 timer per uke. Jeg har lagd det opp litt annerledes enn deg, men jeg utveksler gjerne gode ideer. Jeg synes også at vi må få til gode opplegg for elevene våre. Sender deg linken til Wikien som vi begynt på (dm på Twitter), så kan du følge med litt på hva vi gjør.
    Vi "snakkes".

    SvarSlett
  2. Matthias Zimmermann18. november 2012 kl. 13:13

    Hei,



    eg slit faktisk og med dette faget. Eg har tenkt å vere litt meirr naturfagleg orientert (er sjølv biolog). Problemet mitt er at eg har 15 elevar, men 8 av dei har ikkje valt dette faget og blei plassert der fordi faget som dei hadde som 1. ynskje var fullboka. Motivasjonen er altså mildt sagt veldig labert. I tilleg skal det bli ein standpunktkarakter !!

    SvarSlett
  3. Jeg har fått tildelt dette valgfaget nå i år. Meget tidkrevende å lage opplegg som skal engasjere små 8. klassinger. Blir gjerne med i den overnevnte Wikien...

    SvarSlett
  4. Hei, jeg vil gjerne henge meg på. Er naturfagslærer og har en gruppe på 12 gutter som vil lage ting som brenner og eksploderer. De vil "lage", bruke hender og kreativitet, ikke bruke hodet. Har noen gode tips å dele, trenger flere tips.

    SvarSlett
  5. Hei, jeg henger meg på! Jeg er naturfagslærer, og har fått tildelt 12 gutter som vil lage ting, ikke bruke hodet. Jeg har noen oppgaver som har virket bra, men trenger flere!

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammakroppen og meg

Det er ganske menneskeleg å ha lyst på det ein ikkje kan få. Til dømes cava i graviditet eller ein skikkeleg fest når bebien er ein månad gamal og du er lenka til han. Eller kanskje sydentur når kjærasten nektar plent å bli med. Og i mitt tilfelle akkurat no; ein joggetur.

Altså; eg har aldri likt spesielt godt å jogge. Men eg gjorde det ein periode i livet mitt fordi eg oppdaga eg fekk overskot av det og fordi det gjorde godt for kroppen min.

Meg for tre år og 10 kilo sidan. Dette var sommaren eg traff Trond og han forelska seg i meg. Eg skal tilbake dit. Innan eitt år. 

Etter fødsel får ein ikkje lov til å jogge (ikkje anbefalt før etter tre månader). Altså får eg automatisk lyst til å jogge. No har eg allereie begynt å dagdrømme om deltaking i sentrumsløp og fjellmaraton til neste år. Og eg skal springe fort! Raskare enn eg nokon gong har gjort. Sjølvsagt! (og jada; eg drømmer også om kor godt det skal bli med cava etter løpet)

Men det er berre å innrømme det; eg er ein pudding. Ein…