Gå til hovedinnhold

Integrering pågår!

"Trivst du i Høyanger, Hanne?"

"Har du blitt kjend med nokon i Høyanger endå?"

"Er du blitt godt take i mot i lokalsamfunnet då, Hanne?"

Alt dette har vore spørsmål eg har fått sidan eg flytta til Høyanger (og nei, dette skal ikkje bli eitt av dei innlegga på bloggen min der eg klagar over alle dumme spørsmål eg får frå alle folk). Eg møter spørsmåla med varierande svar.

Mitt mest vanlege svar er: "Eg har ikkje fått nokre vener endå, men eg har møtt mange hyggelege folk".  Og det er sant. Eg har heller ikkje blitt kjend med andre enn kollegaer på Høyanger skule (men så er det 70 stk av dei, og eg kan ikkje namnet på halvparten endå).

Eg har ikkje følt meg einsam sidan eg kom til Høyanger. Eg veit det tek tid før du kjem inn i eit lokalsamfunn. I Vågå tok det mellom eit halvt år og eitt år før eg kjende at eg hadde det fint, og før eg følte meg sosialisert (men eg hadde kjærast då eg flytta til Vågå - no er eg singel, og reknar med at det er eit betre utgangspunkt for å sosialisere seg). Venene eg fekk kom etter kvart, og livet vart berre betre og betre.

Det verkar til å vere ein sosial gjeng på Høyanger skule. Faktisk føler eg at eg allereie er for mykje borte til å bli skikkeleg sosialisert.

Etter jobb på torsdagar er det ein gjeng frå skulen som går ut for å ete middag på Øren hotell. Eg har no tvinga meg sjølv med to gonger, og det er veldig hyggeleg! Det er eit eller anna med at du blir litt lei av folk etter ein heil dag på skulen, og du tenkjer at alt du eigentleg vil gjere er å kome deg heim for å planlegge undervising eller ligge på sofaen. Men når du bestemmer deg for å vere sosial, så er det jo kjempehyggeleg!

På fredagar er det quiz på same hotell, og det er prat om å stille eige lærarlag til desse fredagane. Det håper eg å få vore med på, men eg er pokker med borte nesten kvar einaste helg (det må det bli ein slutt på!). Denne hausten har det vore anten utdrikkingslag, bryllaup, konferanser, eller som neste helg når det er landsstyremøte. Denne fredagen må eg heim til Valdres for å hente vinterdekk (smarte meg trudde det var leeeeenge til vinter, men så plutseleg er han her snart).

MEN SÅ!!...så skal heile personalet på tur til Bergen for å sosialisere oss og få med oss Dagfinn Lyngbø-show. På skulen er det nemleg eige reisebyrå som lagar turer for heile personalet. Det er berre heilt knall! OG det gler eg meg til! Eg tykkjer det er så fantastisk at kollegaer gjer slike ting i lag - det gjer noko med miljøet. Ikkje berre møte kvarandre på kopirommet (nei, tenk ikkje dirty no), mellom timane springande hit og dit eller i lunsjpausa der du kastar maten i deg.

Skuledagen er eit stress utan like, så det blir sjeldan tid til å setje seg ned og berre vere folk. Prate om tull og meir tull. Det er så viktig at kollegaer gjer slike ting. Og det skal vi altså gjere snart. EG GLER MEG!

Er eg integrert i lokalsamfunnet endå? Nei, men det kjem seg. Eg helser på alle eg treff når eg er ute og går tur, eg prøver å smile masse, og frå og med no skal eg takke ja til alt av sosiale aktivitetar. For å bli integrert i eit lokalsamfunn må du ha eit ope sinn, du må vere aktiv sjølv og ha ei positiv innstilling. Det krev mykje av deg, men fy søren så moro det er å bli kjend med nye menneske.

Nye stader. Nye menneske. Ny atmosfære. Ny kultur. Nye impulsar. Alt dette gjer meg til eit betre menneske. Det gjer at eg ikkje stagnerar. Og er vel også grunnen til at eg flyttar på meg. Eg er ikkje personen som ønskjer å stagnere. Korkje mentalt eller fysisk. Og difor er eg her eg er no. Og integrering pågår.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv. Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten. Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgon

Hanne tester trappene i Høyanger

Høyanger er visstnok kjend for sine trapper. Dette heng saman med vatnforsyning og industri (eg skal finne ut meir om dette når eg skal på industrimuseet seinare i veka). Det er to trapper i Høyanger. Ei med omlag 1250 trappetrinn og ei med 2500 trappetrinn. Optimistisk som eg er bestemte eg meg for å teste den lengste av dei. Dette bilete er take rett etter at eg har gått heimanfrå. Eg bur i eit bustadområde rett på venstresida av bileteramma. Trappa kan du sjå der langt framme på fjellet omtrent midt i biletet. Du ser det som ein grå strek som går oppover. Elva er også rett ved der eg bur, og eg såg mange fiskarar på vegen fram og attende (fisking rett utanfor stovedøra, bokstaveleg talt!). Høyanger sentrum ligg i motsatt retning, altså der elva renn ut i fjorden. No ser du at eg nærmar meg. Også eg begynner å tru at det er håp om at eg skal kome fram. Litt skeptisk på om det er lov til å gå inn på området nå, og tenkjer: "neinei, eg må snu!". Då ser

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år. Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg.  Terningkast: 2  Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt? Terningkast: 5  Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det.  Terningkast: 3 Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein