Gå til hovedinnhold

Tida GÅR mykje raskare som lærar!

Det er snart ein månad sidan eg oppdaterte bloggen min. Eg har ikkje orka å vere aktiv på twitter på Gud veit kor lenge. Eg har ikkje fått skrive så mykje som eg hadde tenkt. Eg har ikkje fått trena så mykje som eg hadde som mål. Eg har ikkje fått lese alle bøkene eg hadde tenkt. Og no er det snart jul.

Eg har vore kontaktlærar i omlag tre månader no. Eg føler det som eg starta i går, samtidig som eg har vanskeleg for å hugse eit anna liv enn å vere lærar. Dagane flyg av garde. Du kjem på jobb klokka halv åtte, og etter at skulen ringer inn klokka 0830 går det i eitt. Mogleg dagen er lang for elevane - eg rekk aldri meir enn halvparten av det eg har tenkt. Og ikkje før det er blitt måndag att, så er det fredag og helg. Og slik går no vekene, og no er snart halve året gått.

Det er ikkje tull. Tida går mykje raskare som lærar enn det gjorde i min førre jobb. Men det er jo OK. Helgene går forresten også altfor fort. Men det har alltid vore eit problem.

Eg har no fullført halvparten av alle utviklingssamtaler med elevar og føresette. Dette er arbeidskrevjande i forkant, men utruleg givande når du er i gang. Og denne halvtimen som er sett av til kvar elev er så alfor lite. Du skal gje attendemeldingar på alle fag, samtidig som ein ønskjer å få til ei samtale med både elev og heim korleis vi kan gjere læringssituasjonen optimal. Eg prøver alt eg kan for å få til dialog, men eg merkar at det er eg som pratar absolutt mest. Å utvikle både desse samtalene, og få til gode fagsamtaler med kvar enkelt elev, er noko eg kjem til å jobbe med i tida som kjem framover.

I går hadde elevane mine sitt livs fyrste heildagsprøve. I norsk. Eg valde å dele opp heildagsprøva i ein del lesing og ein del med skriving. Vi har jobba med lesing og skriving av fagtekstar  i alle fag heilt sidan skulestart, og dette var også tema på heildagsprøva. Dette er ting vi aldri blir ferdig med, men eg er spent på å sjå resultata no når eg skal vurdere arbeida i helga. Og så kjem den vanskelege jobben med å finne ut korleis eg skal forbetre undervisinga framover for å gripe fatt i det elevane slit med.

Om ei og ei halv veke er det ny heildagsprøve. Denne gongen i engelsk. Då får eg ein ny rettebunke. Eg får høyre eg er gal som underviser i to skriftlege fag, noko som krev mykje for- og etterarbeid av oss som lærarar. Men eg likar det. Eg er glad i både norsk- og engelskfaget, og ser eit stort utviklingspotensial for å forbetre undervisinga i begge fag. Og ja; alt heng saman med alt!

Eg stortrivst som lærar. Eg føler endå at eg er under opplæring, men eg blir stadig tryggare i mi rolle som pedagog. Eg begynner å sjå kva som fungerer, og kva som ikkje fungerer. Eg evaluerer meg sjølv heile tida.

Elevane har også fått kome med sine attendemeldingar til meg. Viktigaste attendemelding er at eg pratar altfor høgt og skrik litt for mykje. "Eg får vondt i hovudet", seier dei. Slike attendemeldingar tek eg på største alvor, og har no jobba siste veka med å dempe stemmevolumet mitt. Ikkje lett, men eg tek hintet. :)

NO er det helg. Eg kosar meg med rettearbeid, planlegging av undervising og vurderingar av elevane. Og eg får også god tid til å drikke kaffi, lese, oppdatere blogg, sjå på film og elles gjere avslappande ting. Og no skal eg snart på kaffibesøk hjå kollega.

Ting går bra her i Høyanger. Eg stortrivst på jobb, og no føler eg også at eg blir meir og meir integrert. Gode kollegaer, gode vener og trivelege elevar og føresette. Alt i alt er dette forhold som kjem til å gjere meg til eit endå betre menneske og lærar.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammakroppen og meg

Det er ganske menneskeleg å ha lyst på det ein ikkje kan få. Til dømes cava i graviditet eller ein skikkeleg fest når bebien er ein månad gamal og du er lenka til han. Eller kanskje sydentur når kjærasten nektar plent å bli med. Og i mitt tilfelle akkurat no; ein joggetur.

Altså; eg har aldri likt spesielt godt å jogge. Men eg gjorde det ein periode i livet mitt fordi eg oppdaga eg fekk overskot av det og fordi det gjorde godt for kroppen min.

Meg for tre år og 10 kilo sidan. Dette var sommaren eg traff Trond og han forelska seg i meg. Eg skal tilbake dit. Innan eitt år. 

Etter fødsel får ein ikkje lov til å jogge (ikkje anbefalt før etter tre månader). Altså får eg automatisk lyst til å jogge. No har eg allereie begynt å dagdrømme om deltaking i sentrumsløp og fjellmaraton til neste år. Og eg skal springe fort! Raskare enn eg nokon gong har gjort. Sjølvsagt! (og jada; eg drømmer også om kor godt det skal bli med cava etter løpet)

Men det er berre å innrømme det; eg er ein pudding. Ein…