Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra desember, 2012

Å bruke våpen; ein del av lærarkompetansen?

Vi nordmenn har ofte ein tendens til å tru at nordmenn og amerikanarar er ganske like. Vi tenkjer ofte at USA og Noreg eigentleg er ganske like land. Vi tenkjer at vi tenkjer likt, sidan vi blir påverka av mykje av det same. Velstand, kultur og varer, for å nemne noko.

At USA og Noreg er to veldig forskjellige land har vi ikkje minst fått sjå når det gjeld debatten om våpen. Mens vi i Noreg ikkje let politi få bere våpen, diskuterar dei i USA om lærarane skal få bere våpen. 

Dei fleste nordmenn reagerer med "sjokk" og gremmelse av eit forslag om at lærarar skal få bere våpen.  For oss i Noreg er det heilt framand at vi skal ha våpen alle plassar for å beskytte oss sjølve mot desperadoar som kjem for å skyte vilt rundt seg. Vi har ikkje våpen i husa våre for å beskytte oss. For oss er det fortsatt ganske utenkeleg at vi skal bli utsett for drapsforsøk privat eller på jobb (sjølv om frykta opplagt er kome nærare). Nordmenn har fyrst og fremst våpen for å gå på jakt, noko som h…

God jul frå Nesøya

Eg er nettopp komen attende frå julegudsteneste i Holmen kirke no 1.juledag. Det var ei utruleg fin gudsteneste i ein veldig velståande menigheit. Det var mykje pels og diamanter, men utruleg hyggeleg stemning (ikkje det at eg ikkje trur velståande folk ikkje kan vere hyggelege altså). Bonus for at siste salme vi song var på nynorsk. Eg følte meg litt falsk der eg song på bokmål i over ein time, men eg song av full hals på siste salma.

Eg tilbringer fyrste del av jula på Nesøya i Asker kommune. Dette er fyrste gong eg feirer julekveld utanfor Valdres (minus det året eg var charterturist i Egypt), og det er jo sjølvsagt spesielt. Men også her er det rikeleg med julestemning ute (med snø og skog), så får det heller vere at eg ikkje har hatt julestemning inne i meg på i alle fall ti år.

Jul for meg er å kople fullstendig ut. Stå opp tidleg (som vil seie mellom åtte og ni) og nyte morgonane med kaffikopp og bok. Eller skriving. I går fekk eg låne meg Frank Rossavik sin biografi om Einar F…

Til neste år skal alt bli så mykje betre..

To dagar att på jobb og eg har aldri gleda meg så mykje til ferie som eg gjer no. Ikkje fordi eg er lei av jobben min, men fordi eg føler eit akutt behov for å kople ut og gjere normale ting. Kome inn i gode rytmer att. Lese bøker og skrive litt meir. Gå lange turar og få meg litt frisk luft.

Dei to siste månadene er trening lagt bort, skriving er lagt bort og lesing er lagt bort. Det seier seg sjølv at du ikkje får meir overskot av slikt. Og dette er ein ond sirkel.

Utviklingssamtaler gjennomført, vurderingar skriven, to tentamenar retta og snart er mitt fyrste halvår som kontaktlærar gjennomført. Det har søren med ikkje vore lett, og det går opp og ned. Men eg har kome meg gjennom det. Det er faktisk berre eit par gonger eg har tenkt: "Det blir berre med eitt år i denne jobben her. Dette gidd eg ikkje meir!". Eg innrømmer det; eg har tenkt det! Eg har tenkt; "fy søren, det var meir behageleg å vere politisk rådgjevar på Stortinget". "Fy søren, eg ønskjer meg…