Gå til hovedinnhold

Å bruke våpen; ein del av lærarkompetansen?

Vi nordmenn har ofte ein tendens til å tru at nordmenn og amerikanarar er ganske like. Vi tenkjer ofte at USA og Noreg eigentleg er ganske like land. Vi tenkjer at vi tenkjer likt, sidan vi blir påverka av mykje av det same. Velstand, kultur og varer, for å nemne noko.

At USA og Noreg er to veldig forskjellige land har vi ikkje minst fått sjå når det gjeld debatten om våpen. Mens vi i Noreg ikkje let politi få bere våpen, diskuterar dei i USA om lærarane skal få bere våpen. 

Dei fleste nordmenn reagerer med "sjokk" og gremmelse av eit forslag om at lærarar skal få bere våpen.  For oss i Noreg er det heilt framand at vi skal ha våpen alle plassar for å beskytte oss sjølve mot desperadoar som kjem for å skyte vilt rundt seg. Vi har ikkje våpen i husa våre for å beskytte oss. For oss er det fortsatt ganske utenkeleg at vi skal bli utsett for drapsforsøk privat eller på jobb (sjølv om frykta opplagt er kome nærare). Nordmenn har fyrst og fremst våpen for å gå på jakt, noko som heng saman med ein lang jakt- og sanketradisjon i dette landet vårt.

Eg forstår at amerikanarane diskuterer å gje skular og lærarar opplæring i å bruke våpen. Eg forstår veldig godt at det er av dei mest seriøse forslaga som har komen for å beskytte elevane mot fleire skulemassakrarar.

På komplekse politiske spørsmål blir det ofte gjeve enkle svar. Det er dei enkle politiske svara som folk forstår. Det er desse som er enklast å forsvare. Det er desse som er enklast å argumentere for. Å gje eit politisk svar på korleis ein skal hindre i at fleire marginaliserte menn går inn på skular og plaffar ned uskuldige menneske, er verre. Å gje svar på spørsmålet "kva er det med vårt samfunn som gjer at folk føler trangen til å gå inn på ein skule og skyte vilt rundt seg?", er verre.

Det er mange teorier rundt dette. Vi kan skulde på ei liberal våpenlovgiving, klassesamfunnet, datspel, feiminisering av samfunnet (og marginaliserte menn), fattigdom, prestasjonssamfunnet, mediasamfunnet eller vi kan meine at dei moralske standardane amerikanarar likar å forfekte tydeligvis ikkje kjem fram i enkelte familiar.

Vi kan sjølvsagt også droppe alle strukturalistiske forklaringar, og skulde alt på individet. I samfunn vil det alltid vere individ som klikkar og som gjer slike ting, og det er deira feil. "Det er menneska som drep, ikkje våpen".

Det siste meiner eg blir litt for lettvint, sidan USA er eit land der det er fleire drap enn samanliknbare land. Og det er USA som er skulemassakrane sitt heimland (sjølv om andre land desseverre har opplevd det same). USA har eit høgt straffenivå, men mykje kriminalitet. Noko som seier at det er ikkje så enkelt som å seie at det einaste som skal til for å minske kriminalitet er høgare straffer.

Poenget mitt er vel (som så ofte før) at eg ikkje har ein konklusjon; at eg har fleire spørsmål enn svar. Men å gje lærarar våpentilgang og opplæring meiner eg er eit veldig enkelt politisk svar på eit veldig komplekst politisk spørsmål.

Som lærar kan det skje at eg må redde liv. Eg håper eg aldri må bruke det eg lærar på fyrstehjelpskurs, men eg er klar over at det kan skje. Når eg er på jobb, er eg der for å sørgje for at elevane lærer det dei skal, men eg skal også passe på at dei har det bra. Dei skal føle seg trygge på skulen. Det same gjeld for amerikanske lærarar. Deira oppgåve er å sørgje for at elevane har det bra. Som alle andre lærarar i heile verda. Eg føler med dei, og eg forstår kvifor dei føler seg utrygge i kvardagen.

Eg forstår også at amerikanske lærarar tek i mot tilbod om kurs i å bruke våpen. Eg skal ikkje seie hundre prosent sikkert at eg ikkje ville gjort det same om eg hadde vore lærar i USA. Ikkje fordi eg hadde hatt lyst til å bruke våpen, men viss skulen hadde hatt våpen, ville eg visst korleis eg skulle bruke det. Eg hadde følt eit ansvar for å bruke våpenet som var der, sidan eg ikkje ville blitt møtt med seinare; "Kvifor brukte du ikkje våpenet, du som hadde moglegheit?".

Skulen vår har hjartestartar. Eg gjekk på hjartestartarkurs fordi eg ikkje vil stå hjelpeslaust i ein situasjon der det kan bli aktuelt å bruke den. Eg føler meg ikkje kompetent og eg håper eg for alltid slepp å bruke det eg har lært, men eg skal vere i stand til det. Eg skal vere i stand til å redde liv viss eg kjem opp i den situasjonen (om eg klarar det, er ein heilt annan sak).

Med våpen mellom hendene kan du ta liv. Å ta liv er noko heilt anna enn å redde liv (sjølv om eg veit du kan redde liv ved å bruke det). Du må ta avgjerder du truleg ikkje er i stand til. Det er ein grunn til at  dei som normalt skal ta slike avgjerder har lang utdanning og mykje trening. Det er ikkje meininga at vanlege folk skal bli utsett for slike avgjerder. Lærarar skal sleppe å ta slike avgjerder. Dei skal sleppe å føle på ansvaret om at dei må gå på kurs for å lære seg å bruke eit skytevåpen som ligg på skulen.

Når samfunnsutviklinga har kome dit at kompetanse i å bruke skytevåpen blir ein del av lærarkompetansen er det på tide å stoppe opp og tenkje. Eg er redd for at vi om nokre år vil sjå at skular i USA prioriterer våpenkurs framfor kompetanseheving på lesing, skriving og rekning.

Det er når politiske vedtak får slike absurde konsekvensar du får lyst til å skrike; "Stopp utviklinga! Eg vil av!".

Eg er glad eg lev i eit land der eg blir sendt på kurs i å redde liv, framfor kurs i korleis eg tek liv. Måtte det bli slik i Noreg i mange mange år framover.

Kommentarer

  1. Som skrevet er; – et ondt menneske med våpen, kan lettest uskadeliggjøres av et godt menneske med våpen. Tror ikke livredningskurs ville hjulpet så meget der i Connecticut.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv. Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten. Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgon

Hanne tester trappene i Høyanger

Høyanger er visstnok kjend for sine trapper. Dette heng saman med vatnforsyning og industri (eg skal finne ut meir om dette når eg skal på industrimuseet seinare i veka). Det er to trapper i Høyanger. Ei med omlag 1250 trappetrinn og ei med 2500 trappetrinn. Optimistisk som eg er bestemte eg meg for å teste den lengste av dei. Dette bilete er take rett etter at eg har gått heimanfrå. Eg bur i eit bustadområde rett på venstresida av bileteramma. Trappa kan du sjå der langt framme på fjellet omtrent midt i biletet. Du ser det som ein grå strek som går oppover. Elva er også rett ved der eg bur, og eg såg mange fiskarar på vegen fram og attende (fisking rett utanfor stovedøra, bokstaveleg talt!). Høyanger sentrum ligg i motsatt retning, altså der elva renn ut i fjorden. No ser du at eg nærmar meg. Også eg begynner å tru at det er håp om at eg skal kome fram. Litt skeptisk på om det er lov til å gå inn på området nå, og tenkjer: "neinei, eg må snu!". Då ser

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år. Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg.  Terningkast: 2  Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt? Terningkast: 5  Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det.  Terningkast: 3 Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein