Gå til hovedinnhold

God jul frå Nesøya

Eg er nettopp komen attende frå julegudsteneste i Holmen kirke no 1.juledag. Det var ei utruleg fin gudsteneste i ein veldig velståande menigheit. Det var mykje pels og diamanter, men utruleg hyggeleg stemning (ikkje det at eg ikkje trur velståande folk ikkje kan vere hyggelege altså). Bonus for at siste salme vi song var på nynorsk. Eg følte meg litt falsk der eg song på bokmål i over ein time, men eg song av full hals på siste salma.

Eg tilbringer fyrste del av jula på Nesøya i Asker kommune. Dette er fyrste gong eg feirer julekveld utanfor Valdres (minus det året eg var charterturist i Egypt), og det er jo sjølvsagt spesielt. Men også her er det rikeleg med julestemning ute (med snø og skog), så får det heller vere at eg ikkje har hatt julestemning inne i meg på i alle fall ti år.

Jul for meg er å kople fullstendig ut. Stå opp tidleg (som vil seie mellom åtte og ni) og nyte morgonane med kaffikopp og bok. Eller skriving. I går fekk eg låne meg Frank Rossavik sin biografi om Einar Førde: "Stikk i strid". No les eg om Høyanger.

"Høyanger er eit kulturelt og sosiologisk mostykke til Asterix sin gallarlandsby, eit røft, lukkeleg frilynt og noko burlesk unntak frå tungsinnet og snusfornufta som elles rår på Vestlandet, og då særleg i Sunnfjord" (Rossavik, 2007: s. 19).

Kjenner eg att skildringa av det som har vore heimplassen min i snart eit halvt år? Ja, eg gjer det. Eg har ikkje møtt tungsinn, eg har møtt lite fornuft, eg har møtt røff festing og eg har lært meg burleskdansing dette halvåret (jaja, eg lærte ikkje det i Høyanger, og eg veit at Rossavik ikkje fyrst og fremst tenkte på burleskdansing då han skreiv det, men i denne samanhengen passa det inn).

Det er uansett utruleg interessant å lese om Einar Førde sin oppvekst på denne plassen eg bur på no. Du får både ei historie om ein stor politikar og historia om plassen som har forma han som menneske. Plassen som også kjem til å forme meg som menneske i ei god tid framover.

Eg lover å kome med fleire sitat og refleksjonar rundt det eg les om Høyanger og Einar Førde dei neste dagane. Men eg prøver å ikkje lese for fort, sidan eg gjerne vil spre gleda.

 Eg skal prøve å oppdatere blogg flittig denne romjula. Det er no eg har tid til å gjere det, og sjølv om det ikkje skjer så mykje (heldigvis), så tipper eg at eg kan finne på noko å gripe fatt i. Snart skal eg ut å gå tur på Nesøya, så skal eg lese meir bok, før eg skriv litt og les litt i Se og Hør. 3.juledag skal eg på Ikea før eg reiser heim til Valdres. Det skal bli interessant. Ikea altså. Denne plassen vi har eit elsk-hat-forhold til. Eg har bestemt meg for at det er lite folk der 3.juledag, og at eg skal få vandre rundt nesten åleine mens det kjem dårleg julemusikk ut i frå høgtaleranlegget.

Inntil vidare vil eg ønskje alle lesarar riktig god jul. Eg sett stor pris på at du les det eg skriv, og satsar på at kreativitet og humor skal kome til meg i løpet av romjula, slik at eg snart klarar å skrive underhaldande, provoserande og kanskje også reflektert, att.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…