Gå til hovedinnhold

Til neste år skal alt bli så mykje betre..

To dagar att på jobb og eg har aldri gleda meg så mykje til ferie som eg gjer no. Ikkje fordi eg er lei av jobben min, men fordi eg føler eit akutt behov for å kople ut og gjere normale ting. Kome inn i gode rytmer att. Lese bøker og skrive litt meir. Gå lange turar og få meg litt frisk luft.

Dei to siste månadene er trening lagt bort, skriving er lagt bort og lesing er lagt bort. Det seier seg sjølv at du ikkje får meir overskot av slikt. Og dette er ein ond sirkel.

Utviklingssamtaler gjennomført, vurderingar skriven, to tentamenar retta og snart er mitt fyrste halvår som kontaktlærar gjennomført. Det har søren med ikkje vore lett, og det går opp og ned. Men eg har kome meg gjennom det. Det er faktisk berre eit par gonger eg har tenkt: "Det blir berre med eitt år i denne jobben her. Dette gidd eg ikkje meir!". Eg innrømmer det; eg har tenkt det! Eg har tenkt; "fy søren, det var meir behageleg å vere politisk rådgjevar på Stortinget". "Fy søren, eg ønskjer meg ein jobb der eg får litt fleire positive attendemeldingar". Og; "eg ønskjer meg ein jobb der eg faktisk er ferdig klokka 16".

Men no når juleferien nærmar seg har eg allereie begynt å planlegge ein frisk start på nyåret. Undervising 3.januar er planlagt allereie, og eg tenkjer eg neste år skal gjere meir spanande ting.

Mykje tid dei fyrste månadene har gått med til å teste ut ting, få system på ting og å finne min eigen stil. Finne mine eigne grenser og elevane sine grenser. Temme temperamentet mitt. Finne ut korleis eg best kommuniserer med elevane.

Eg har dessverre ikkje fått gjort så veldig mykje av det eg forfekta som prosjektleiar i min førre jobb; sansebasert læring. Eg tok meg sjølv i å tenkje her om dagen; "Hanne! Kvifor har du ikkje brukt foto i undervisinga?". Dette jobba eg mykje med å få lærarane til å gjere då eg jobba i Vågå. No er det heilt borte for meg. Eg kan skulde på at vi ikkje har utstyret, men det er søren med ikkje godt nok.

Javisst brukar eg mykje bilete i undervisinga. Men har elevane fått prøve seg som kreative fotografar sjølve? Nei! Huff. Full skjerpings, Hanne!

Det er utruleg kor fort du blir sosialisert inn i eit system der du følgjer same tralten og ikkje evnar å tenkje utanfor boksen. Hengt opp i ein timeplan som du følgjer frå dag til dag, der du brukar møtetid på å klage på alt som ikkje fungerar. Til dømes at vi ikkje har utstyr eller pengar til å gjere artige ting. Hanne som prosjektleiar eller som politikar ville sagt: "Slutt å syt, begynn å yt". Har eg skrive ein søknad om støtte til gode tiltak? Har eg take kontakt med pressa for å informere om noko av det spanande vi har gjort? Nope. Alt eg gjorde og stod for i min førre jobb har eg no gløymt. Skjerpings, Hanne! Nok ein gong!

Men det skal eg tenkje på i ferien. Då skal eg planlegge gode tiltak og undervisingsopplegg. For eg reknar med at eg ikkje får mykje tid og ro på meg til det frå og med 3.januar.

No før ferien står det att å lage ei adjektivforteljing, ein quiz og finne ein film vi skal sjå (kanskje eg til og med skal vurdere litt elevmedverknad her) siste skuledag. Eg veit elevane ser fram til å kunne ta juleferie, og at dei kjem til å springe ut av skulen klokka 11 på fredag. Vel..dei skulle berre visst at eg har lyst til å gjere akkurat det same!




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…