tirsdag 28. februar 2012

Kva slags perverse folk er det som mishandlar dyr?

Det går nesten ikkje ei veke utan at eg kan lese groteske oppslag om dyremishandling i anten riksaviser eller i lokalaviser. I lokalmiljøet her kan ein ofte høyre om husdyr som ikkje får mat, vatn eller blir forsømt på andre måtar. Også kjæledyra sine er folk slemme mot.

På VG-nett i dag kan vi lese om katten Thelma som har blitt mishandla på det grovaste. Det eine auga var stukke ut, bakbeina var skåre av, og katten var ikkje til å kjenne att.

 Katteeigarane fryktar no at det er ein kattemishandlar laus på Raufoss. Også ein annan katt har fått bakbeina skåre av - den levde så vidt, men måtte avlivast.

Det er knapt noko som får meg til å bli meir lei meg og sint enn mishandling av uskuldige. Anten det er menneske eller dyr. Og dyra er heilt avhengig av at vi menneska er snille mot dei. Dei kan ofte ikkje kjempe i mot. Difor er det så lett for forskrudde folk å la sin aggresjon eller perverse fantasiar gå utover desse stakkars dyra.

Og politiet har ikkje ressursar til å etterforske slikt. Sakene blir henlagt nesten like raskt som dei blir levert inn.

Og kva i alle dagar gjer vi med slikt? Korleis forebygger vi? Korleis hindrar vi at vi får ungdom til å mishandle kjældyr på det grovaste? Kva er det med menneskesynet deira?

Eg er full av spørsmål som eg ikkje veit om eg klarar å finne svaret på.

Det som er sikkert er at vi må gjere noko, og dette er ei politisk oppgåve. Eg ønskjer difor attendemelding og innspel på kva vi skal gjere.

- Kva skal vi gjere for å hindre dyremidhandling?
- Kva for type folk er det som driv med dyremidhandling?
- Kva er passande straff for å midhandle dyr?
- Kva kan vi gjere for å betre dyrevelferden i samfunnet vårt?

torsdag 23. februar 2012

Frå innsida i Oppland fylkesting

Eg har ikkje skrive om korleis min karriere som resirkulert fylkespolitikar går. Det har eg ikkje klart å mobilisere nok motivasjon til å gjere enno. Faktisk har den einaste motivasjonen eg har funne så langt som fylkespolitikar, vore å formulere alternative forslag på nynorsk. Og eg kjenner at eg har mest lyst til å engasjere meg i at nynorsk burde vore meir brukt i Oppland. Då skjønner du kanskje at du ikkje er verdas mest motiverte fylkespolitikar. Men altså; kva er eigentleg Fylkestinget? Og kva driv dei eigentleg med? Det har du kanskje spurt deg sjølv. Viss det er ei trøst, så trur eg ikkje mange av oss som er medlemmar i Fylkestinget som klarar å svare på det andre spørsmålet her heller. Fylkestinget i Oppland har 37 medlemmar. Vi møtast omlag to-tre dagar for å behandle sakar. Då møtast vi stort sett på hotell rundt omkring. Det er Ap/SP/SV som styrer skuta. Åj..eg gløymte KrF. Dei er også i posisjon. Opposisjonen er Høgre, Venstre og oss. No er vi på Fagernes i Valdres. Vi skal vere i lag i tre dagar. No skal eg fortelje kva vi har gjort så langt – slik over halvvegs i samlinga. Onsdag Vi møtte opp klokka 10. Frå klokka ti til tolv hadde vi gruppemøte. Det vil seie at vi tre i gruppa til FrP møtte kvarandre for å diskutere sakane vi skal behandle. Så var det lunsj. Etter lunsj skulle Valdres som region presentere seg. Det er viktig slik at vi blir kjend med regionane i fylket vårt. Eg stilte spørsmål om kvifor dei ikkje brukar meir nynorsk i Valdres, men fekk ikkje noko godt svar. Når det er sagt så var Valdres flinke til å presentere seg, og nokre av ordførarane var rett så flinke til både å synge og til å vere artige. Klokka fem var vi ferdige med program. Då gjekk eg for å trene. Når vi har Fylkesting, så et vi mykje. Og dess meir vi sitt i ro, dess meir svolten blir ein. Difor droppa eg pause-baguett og gjekk for å trene. Vart fullstendig dehydrert i tide til middagen. Klokka 19 var det klart for middag på Valdres folkemuseum – Fagernes. God mat, og fantastisk flott bygg dei har fått opp der. Eg vart øydelagt av eit glas med vin, og drakk pepsi max resten av middagen. Attende på hotellet gjekk eg for å legge meg. Eg les litt, og då eg legg hovudet ned på puta høyrast det ut som mannen i pianobaren sitt inne på badet mitt. Sint som ei fele går eg ned i resepsjonen, og får heldigvis nytt rom. Klokka kvart på eitt sovna eg lukkeleg på nytt rom og utan slitsam musikk. Torsdag Stod opp halv åtte, og stakk ned for å bruke treningsrommet (som er det desidert beste med Fagernes hotell). Hadde med meg vassflaske denne gongen, av redsel for å bli endå meir dehydrert enn i går. Går for å ete frukost. Et frukost mens eg les aviser på iPad’en min. Åj…det gløymte eg å seie. Alle vi politikarar har fått iPad for å bli papirlause. Så no har vi både fin iPad og vi får sakspapir i posten. Men det er berre mellombels altså. Vi må berre få systemet på iPad’en til å funke fyrst. Klokka 10 er det nytt gruppemøte. Då møtast både Høgre, FrP og Venstre for å sjå om vi kan kome til einigheit om ein del av sakene og at vi kan fremme felles forslag. Eg lager eit forslag – på nynorsk. Klokka 1230 møtast vi i Fylkestingssalen for utdeling av vaksenopplæringsprisen. Prisvinnar er Abdul Wahed Mohammadi, som kom til Noreg oog Otta som einsleg mindreårig flyktning i 2004. Utan grunnskuleutdanning og kunne ikkje ein gong skrive på eige morsmål. No går han på politihøgskulen. Fantastisk historie, som kan motivere oss alle til å stå på for å nå våre mål i livet. Klokka 13 er det lunsj, og klokka 14 fortsett vi gruppemøta våre. Fyrst klokka 1530 møtast vi endeleg for å starte behandling av sakane. No er klokka 1652, og så langt har fylkesordførar berre svart på spørsmål. No diskuterer vi setebelte på buss for elevar. Forslag frå FrP, Høgre og Venstre om at vi må finne ut om vi har økonomi til å gje alle elevar sittteplass og setebelte på skulebussen blir samrøystes vedteken. No er det pause. Klokka er 1654 og det er mat. Klokka er 1716 Vi er i gang med å behandle fyrste sak. Om opplæring for folk i institusjon. Eg knasker på min favorittgrønsak; stangselleri, som vi har fått i pausa. Mange fylkestingsrepresentantar var kjempesvoltne, og tykte kanskje stangselleri ikkje metta nok. Innstilling samrøytes vedteken etter litt debattt. Klokka 1726 Vi startar på ein sak om bompengeselskap på Austlandet – ny og meir effektiv organisering. Det er truleg den saken som vil ta lengst tid i dag. Eg er ikkje bompengepolitisk talskvinne, og skal vere i ro i dag. Mine sakar; kultur, folkehelse og lærlingar, kjem fyrst i morgon. Så det er altså grunnen til at eg kan bruke tid på lytting og blogging i dag. I morgon skal eg prate. Lasse Lehre frå Høgre legg fram forslag på vegne av opposisjonen. Anbud er tema. Lasse har jobba med denne saken i heile dag, og eg trur han gler seg til saka er ferdigbehandla. Gunnar frå oss tek ordet. Han er bompengepolitisk talsmann. Her omtrent vart alt sletta av dette blogginnlegget. I dag - fredag - fann eg det heldigvis att på politisk.no. Så no har eg limt det inn att. No er det fredag og klokka er 1143. Eg har vore møteplagar og hatt lange innlegg i to sakar. Det er særdeles umotiverande å halde innlegg for ein gjeng der alle ser ned i ipad'en sin. Og på bloggen er det no fullstendig umogleg å få til avsnitt. Alt er kluss. Heia min ikt-kompetanse!

mandag 20. februar 2012

Gummi-Tarzanen i oss

Det er ikkje berre Gummi-Tarzan som ufriviljug måtte hopp bukk i gymtimane i skulen.

I oppveksten var eg overvektig og tidvis lat, men eg hadde heldigvis talent for ballspel og eg trena både handball og fotball på fritida. Eg kom meg gjennom kroppsøvingstimane, sjølv om det aldri var mitt favorittfag. Eg grua meg ofte til gymtimane – fordi det i gymtimane er ekstra synleg når du dummar deg ut. Også eg hata å hoppe bukk.

Elevane i ring rundt. Du åleine mot bukken. Dei andre elevane som skratta når du mislukkast. For min del slutta det alltid med at eg ikkje ein gong orka å prøve. Fordi eg var så redd for å feile.

Eg har ofte tenkt i etterkant på kor forferdeleg mange må ha hatt det i gymtimane. Dei som ikkje klarte å ta i mot ballen, dei som ikkje eigde koordinasjon og dei som aldri følte meistring. Dette er ekstra synleg i eit fag som kroppsøvingsfaget.

Eg trur veldig mange vaksne i dag har eit minne om kroppsøvingslæraren frå helvete. Han eller ho i sine proffe treningsklede og fløyte og som såg ut som han fryda seg viss vi ikkje klarte noko.

Gymlæraren frå helvete gav ikkje medelevane kjeft fordi dei skratta av han som ikkje klarte. Gymlæraren frå helvete berre teia, og aksepterte slik latteren og hånflira. Ofte deltok han i det sjølv med eit lite smil i munnvika.

Kroppsøvingsfaget er nok det faget flest har dårlege minner frå når dei tenkjer attende på skuletida. Dei som har dårlege minner frå kroppsøvingsfaget er også dei som er mest inaktive i vaksen alder.

Også i kroppsøvingsfaget er det slik at dei som meistrar faget vil ha mest nytte av meir fysisk aktivitet. For mange kan meir fysisk aktivitet bety endå meir av det dei ikkje meistrar og det dei så grundig avskyr.

Det hjelp ikkje å gje ein elev som slit i matte meir matte. Vi må gje han annleis matte. Det hjelp aldri å pøse på med meir av det ein elev føler at han ikkje lukkast med. Det same gjeld fysisk aktivitet.

Det hjelp difor ikkje berre å gjere noko med mengda fysisk aktivitet i skulen viss vi vil ha meir aktive innbyggjarar og betre folkehelse. Vi må gjere noko med forma også. Glede over å vere i aktivitet må vere det viktigaste.

Vi treng ikkje fleire gymlærarar frå helvete som tvingar alle dei med ein Gummi-Tarzan i oss til å hoppe meir bukk og klatre endå høgare i ribbeveggen.

Publisert i spalta "Blåmandag" i Dagsavisen 20.februar 2012.

lørdag 18. februar 2012

Skal skulen ta ansvar for at ungane er fysisk aktive?

Ungdom er latare enn aldri før. Det er eigentleg ikkje nokon nyheit, men Dagsavisen kunne presentere nye tal førre veke om at 15-åringar sitt meir i ro enn pensjonistar.

Vi likar jo å tru at vi er så aktive i Noreg, men statistikk viser at vi slett ikkje er best i Europa. Faktisk ligg vi ganske langt ned på lista. Ja, faktisk er vi i ferd med å nå att USA når det kjem til å vere tjukke og late.

Det er eit paradoks at vi brukar stadig meir pengar på treningsstudio og flott utstyr, men at vi aldri har vore feitare og latare enn no.

Vi på bygda liker også å tru at vi er mykje meir aktive enn dei i byane. Vi har jo naturen rundt oss og det er berre å spenne på seg skia for å gå ut i skogen. Vi går rundt i Bergans-jakker og swix-dresser heile tida.

Eg hadde ein ambisjon om at eg skulle gå på ski i dag, og tok difor på meg skikleda mine frå morgonen av. Den har eg vandra rundt omkring i heile dag, mens eg køyrte ein tur til Lom der eg var innom biblioteket og Bakeriet i Lom. Etterpå gjekk eg på kafe. Eg har fortsatt på meg swix-buksa mi, og har no funne ut at det er for mykje snø til at eg gidd å gå ut. Så eg sitt her og skriv om fysisk aktivitet i staden for. Det er viktigare for meg å framstå sporty enn faktisk å vere sporty.

Dette kjem kanskje som ei bombe, men folk i byane er meir aktive enn oss på bygda. Tru det eller ei. Dette kan sjølvsagt henge saman med utdanningsnivå. Folk med høgare utdanning er meir aktive enn dei med grunnskuleutdanning. Og folk med høgare utdanning dei bur stort sett i byen.

Vi kan på mange måter seie at vår tids store klasseskille, er på folkehelse. Og desse skilnadene blir reprodusert. Har du late og dumme foreldre, er det stor sjanse for at du også blir lat og dum som vaksen.

Det er no eit skrik om at vi må ha meir fysisk aktivitet i skulen. Når samfunnet sviktar, skal skulen ta ansvar. Når foreldra svikter, skal skulen ta ansvar.

Det er anbefalt av Folkehelsedirektoratet at barn og unge skal vere 60 minutt fysisk aktive kvar dag. Skal vi då putte desse minutta inn i skulen, slik at vi løyser denne store folkehelseutfordringa som inaktivitet er? At folk er late og tjukke skapar store utgifter for samfunnet, og det er difor viktig at vi får gjort noko med det. Og det er skulen sitt ansvar. Tydeligvis.

Eg er positiv til meir fysisk aktivitet i skulen – kanskje også så mykje som ein time. Men eg meiner forslaget krev meir refleksjon. Eg tykkjer det er blitt litt lettvint å seie at på alle områda der foreldra eller samfunnet svikter, må skulen ta ansvar. Eg trur dette kan ta ansvaret vekk frå foreldra.

For det fyrste: Ungar i dag er meir aktive på kvardagane enn dei er i helgene. Dette tyder på at det ikkje er på skulane ungane er mest inaktive, men når dei har fri. Altså den tida dei er i lag med foreldra.

For det andre: Det hjelper ikkje med meir gym for dei som hatar gym. Då vil dei bli enno meir negative til fysisk aktivitet, og dette kan skade meir enn det hjelper.

For det tredje: Det er ikkje skulen si skuld at ungane er inaktive.

Det er likevel ingen tvil om effektane av fysisk aktivitet i skulen. Dei skulane som har prøvd ut meir fysisk aktivitet har stort sett berre positive effektar. Ungane blir meir konsentrerte, snillare mot kvarandre og blir meir aktive også på fritida. På desse testskulane har også innhaldet vore viktig. Den fysiske aktiviteten skal vere lystbetont aktivitet der det er personleg meistring og ikkje konkurranse som skal stå i fokus. Der er ikkje utviding av kroppsøvingsfaget (med læringsmål og alt det fører med seg), men fysisk aktivitet for aktiviteten si skuld.

Eg veit at når eg begynner å jobbe som lærar att (som nok ikkje blir så lenge til), kjem eg til å sørgje for at elevane er fysisk aktive i løpet av dagen. Men då gjer eg dette fordi eg veit det fører til meir konsentrerte elevar og fordi eg trur du kan bruke fysisk aktivitet som metode for å nå kompetansemåla i alle fag. Dette er noko eg ønskjer fridom til å gjere på min måte, og det har eg tillit til at veldig mange andre lærarar også gjer.

(Eg skriv meir om dette temaet i Dagsavisen fyrstkommande måndag)

torsdag 16. februar 2012

Kommunane som nynorskeigarar

Eg hadde tenkt å skrive om kommunane si rolle som skuleeigar. Så kom framlegget om endringar i norskfaget, som gjer at eg må omtale vår rolle som nynorskeigarar.

Du bur truleg i ein kommune som i alle fall på papiret har ei offensiv haldning til nynorsk, men også i våre kommunar merkar ein presset mot nynorsk. Vi opplever foreldre som går saman og krev bokmålsklasser for elevane, og veldig mange av elevane vel å byte målform til bokmål når dei kjem i vidaregåande skule.

Når elevane sjølv vel å byte til bokmål, ja då har vi eit problem. Då gjer vi ikkje ein god nok jobb i kommunane med å spreie språkglede og skape positive haldningar til nynorsk.

Eg var ein av desse altfor mange som bytte hovudmål frå nynorsk til bokmål då eg gjekk på vidaregåande. Eg vart umotivert av å få attende nynorskstilar der det var raude strekar under annakvart ord, og der attendemeldingane handla om alt som ikkje var lov.

Eg bar med meg ei haldning om at nynorsk var veldig vanskeleg, og eg trudde dei som klarte å skrive god nynorsk, var supermenneske.

For to år sidan fekk eg jobb i Vågå kommune. Vågå er ein markant nynorskkommune. Du har ikkje noko val om du skal jobbe her. Du må skrive nynorsk.

Det var tungt i starten, men eg var motivert. Eg fekk også tilbod om nynorskkurs. På dette kurset lærte eg alt det eg skulle ønskje eg lærte då eg var ung skuleelev.

Denne erfaringa fortel meg at det nyttar at kommunane har ein offensiv språkpolitikk.

Nynorskundervisninga er for dårleg i norsk skule, og det er her eg trur hovudproblemet ligg. I tillegg trur eg nynorsk blir oppfatta blant dei yngre som eit forbodsspråk og ei målform som ikkje er prega av glede og optimisme.

Det er vi som jobbar i kommunane, som må sørgje for at elevane har lyst til å fortsette med nynorsk når dei blir vaksne. Då treng vi tilsette som beherskar nynorsk og som framstillar målforma som logisk.

Vi eig språket vårt. Og det er vårt ansvar at nynorsk blir eit levande språk for heile landet. Den beste måten å gjere det på er å sørgje for ei god nynorskopplæring i skule og barnehage. Det vil skape mange gode nynorskambassadørar i framtida.

Publisert i LNK-nytt 10.februar