Eg er ei jente på 30 år, som ikkje heilt veit om eg har lyst på kjærast. Men eg kunne tenkje meg å ha ein kjærast for å sleppe folk som sett spørsmålsteikn ved min sivilstatus. Eg ønskjer altså å stoppe kjeften på håplaus familie, kollegaer og elles andre eg ikkje har vald å omgås. Blir eg forelska i deg, er det ein biverknad eg kan ta med på kjøpet.
Eg er 168 cm høg. Eg er korkje tjukk eller tynn, men eg er konstant mislukka med eige kropp. Eg gjer likevel med jamne mellomrom verkeleg narr av folk i panikkalderen som har eit forskrudd forhold til trening og kosthald (men innerst inne ønskjer eg litt at eg kunne hatt viljestyrke til all denne treninga sjølv).
Dietten min på våren og sommaren består av cava og jordbær. Eg finst ikkje måtehalden med alkohol, og det er ikkje berre på fest eg røykar, for å seie det slik. Men det er berre nikotin eg røykar, sjølv om eg er liberal.
Eg tykkjer sjølv eg er ganske pen. Spesielt etter eit visst inntak av alkohol. Då hender det at eg kan stå lenge og berre beundre meg sjølv i speilen mens eg seier: "Fy faen, Hanne, så bra du ser ut". Eg blir også ofte spurt om leg på polet, noko som seier meg at i alle fall damer i femtiårsalderen godt kan ta meg for å vere langt under 30 år.
Eg ønskjer at du skal vere pen. Eg har aldri hatt ein pen kjærast før, så no ønskjer eg meg ein skikkeleg kjekkas. Ein slik "vise-fram-gut". Du må gjerne vere litt yngre enn meg. Sidan eg er slik halvvegs i panikkalderen, ønskjer eg gjerne ein yngre kjærast. Viss du er veldig fit og smart, kan eg strekke alderen litt. Du må difor vere mellom 22 og 35 år. Eg gjer eit unntak for George Clooney. Ikkje Brad Pitt. Han har for mange ungar.
Du må vere smart. Du MÅ ikkje ha høgare utdanning, men det er ingen ulempe. Det er viktig for meg at du ikkje er ein belest arrogant drittsekk, så det er difor viktig at du har ei jordnær haldning til livet. Du må til dømes kunne bli med på DDE- eller Ole Ivars-konsert der du glir rett inn mens du gauler: "Her blir det liv!". Etter konserten kan vi godt sette oss ned for å diskutere Leo Tolstoj sitt forfattarskap, men det er viktig at du ikkje gjer narr av korkje det eine eller det andre. Du må også vere klar til å bli med meg som date på FrP sin valgcamp (og der opptrer ofte Ole Ivars).
Haldningar er likevel det viktigaste. Du må vere liberal i visse livssynsspørsmål, og eg kan ikkje under nokon som helst høve tolerere følgjande:
* Kjærleik til George Bush
* At du er tilhengjar av dødsstraff
* At du meiner homofile ikkje bør ha same rettar som heterofile
* Rasisme
* Motstand mot retten til sjølvbestemt abort
* Latterliggjering av nynorsk
* Latterliggjering av bygda (viss eg då ikkje sjølv er med på det)
* Kristenkonservative fordømmande gærningar
Du bør vere praktisk anlagt, slik at du kan fikse og ordne ting i huset. Du må også kunne fjerne edderkoppar. Det vil seie at du skal fjerne dei. IKKJE ta dei opp og skremme meg med dei. Mogleg du ser på det som flørting. Det er ondskap. Ikkje anna enn ondskap!
Du må vere glad i ein fest. Du må kunne sitje saman med meg og pælme fleire flaskar vin mens vi gjer alt frå å prate tull om banale ting til å lese dikt av Tor Jonsson. For ikkje å gløyme klininga!
Du må ha førarkort. Det kjem likevel ikkje på tale at du gjer narr av køyringa mi. Uansett. Du må heller ikkje seie eg er ein fantastisk dyktig sjåfør. Då veit eg du bløffar.
Du må vere fantastisk forelska i meg. Men ikkje så forelska at du blir som ein klegg. Du bør vere avslappa, og ikkje få panikk viss eg ikkje svarar på ein sms. Du bør ha ditt eige liv og gjere noko du brenn for. Eg har eit stort behov for armslag og åleinetid, og det er du nøydd til å respektere. Eg veit heller ikkje om eg nokon gong ønskjer meg ungar, og det må du ha forståing for (men du må gjerne prøve å overtale meg til det motsette).
Du kan ikkje vere ein person som klagar over livet ditt, men du må gjere noko med det viss du ikkje er nøgd.
Du må vere idealistisk. Spelar ingen rolle på kva for område, men det er viktig at eg beundrar deg for det du gjer, slik at ros og beundring frå meg kan vere ekte.
Du må ha mykje humor og ikkje ta deg sjølv så høgtideleg. Du skal gje meg rett og beundre meg over alt på jord, men du må gje meg motstand. Eg treng å bli utfordra. Eg har lett for å vere lat - både mentalt og fysisk, og det er viktig at du klarar å utfordre meg på begge plan.
Du kan ikkje gjere narr av mine interesser eller jobb. Du må tru heilt og haldent på det eg driv med, og du må vere interessert i jobben min og hobbyane mine. Du må ha forståing for sære interesser som Grand Prix, countrymusikk og harry duppedittar. Du må ikkje dele interessene, men du må finne interessene mine interessante.
Viss du kan matche alt dette, har du sjansen til å bli kjend med meg. Eg kan tilby humor, spanande samtaler, mange gode festar og eg lovar at du sjeldan kjem til å kjede deg i lag med meg. Det gjeld både på godt og vondt. Eg meiner eg sjølv er den mest fantastiske i verda, og trur du også kjem til å meine det. Om du blir kjend med meg.
Passar denne skildringa til deg, kan du sende meg ein mail, eller du kan dukke opp liksom heilt tilfeldig ein gong eg er på biblioteket. Slik kan vi møtast mens vi begge to grip etter ei diktsamling av Tor Jonsson. Då blir det meg og deg for alltid.
Bill.merk: "Harry, men halvsmart"
fredag 27. april 2012
mandag 23. april 2012
Kvifor eg er liberalist
Mange spør meg om kvifor
i alle dagar eg er med i Framstegspartiet. Eg skal her forklare kvifor.
Publisert i spalta "Blåmandag" i Dagsavisen 23.april 2012.
Eg kjem frå ein
liberal heim, men ikkje ein liberalistisk heim. Eg har foreldre som har lært
meg opp til aldri å skulde på andre viss det ikkje går meg vel her i verda. Eg
kjem også frå ein heim som har eit grunnleggjande liberalt grunnsyn der
menneske skal respekterast for handlingane sine, ikkje ut i frå kva slags
hudfarge dei har eller kva for legning dei har.
Eg har foreldre som aldri
hadde stemt Framstegspartiet. Likevel valde eg i ung alder å kalle meg
liberalist og å melde meg inn i FpU.
Eg vart liberalist
fordi eg trur på enkeltmenneske. Eg trur meir på enkeltmennesket enn på system.
Eg er liberalist fordi
eg trur enkeltmennesket er dei som er best egna til å disponere sine eigne
pengar. Eg meiner det er ineffektivt med politikarar som dreg inn pengar for så
å fordele dei ut att til kva dei meiner er gode formål. Eg meiner at det er du
sjølv som veit best kva du treng i livet, og ikkje meir eller mindre
velmeinande politikarar.
Eg er liberalist fordi
eg trur på den private eigedomsretten. Eg trur på mindre lover og reguleringar
som innskrenkar kva grunneigarar skal gjere med sin eigen eigedom.
Eg er liberalist fordi
eg trur på likebehandling av alle menneske. Eg trur det er våre handlingar som
skal avgjere korleis vi blir behandla som menneske - ikkje kva for legning
eller nasjonalitet vi har. Eg har alltid vore for like rettar for homofile og
heterofile. Difor ønskjer eg at også homofile bør få moglegheit til å bli
vurdert som adoptivforeldre.
Eg er liberalist fordi
eg trur på det gode i mennesket. Eg trur også at ein enorm velferdsstat passiviserar
altfor mange menneske. Eg trur vi no verkeleg byrjar å sjå resultat av den
politikken som er blitt ført i Noreg; fleire og fleire som går på trygd, og som
ikkje tek ansvar for eigne liv. Dette er ein trend som oppriktig bekymrar meg,
og som skuldast at vi dei siste åra har ført ein altfor lite liberalistisk
politikk i Noreg.
Eg ønskjer å skape eit
samfunn der enkeltindivid tek ansvar for sine eigne liv og får moglegheit til
dette.
Eg er med i
Framstegspartiet fordi eg er liberalist. Det er gjennom eit politisk parti eg
kan endre samfunnet i den retning eg ønskjer, og det har eg vald å gjere
gjennom Framstegspartiet.
mandag 9. april 2012
Kor lenge skal du vere singel?
Mens eg tidlegare har irritert meg grenselaust over alle slitsamme folk som spør meg: "Kor lenge skal du bli i Vågå då?" har eg no begynt å irritere meg grenselaust over alle som spør "Kvifor flytter du til Høyanger då?"
Eg blir så glad av desse fantastiske folka som i staden for å setje deg i automatisk forsvarsposisjon med eit slikt spørsmål, heller seier: "Høyanger?! Så fantastisk spanande då!". Som eg elskar dykk! Dykk er gode menneske. Det er dei same folka som heller aldri spurte "Kor lenge blir du i Vågå då?" fordi dei veit at slike ting kan ikkje jenter som meg vite. Vi tek livet som det kjem seg, og orkar ikkje tanken på at ting blir føreseielege.
Desse håplause folka som elskar å stille deg spørsmål som "Kor lenge blir du i Vågå", "Kvifor i alle dagar skal du flytte til Høyanger", er dei same folka som i fullaste alvor kan stille deg spørsmål som: "Kor lenge skal du vere singel då?". Eller gjerne konstatere: "No har du vel snart vore singel lenge nok?!" eller "Har DU nokon gong hatt kjærast eigentleg?".
Dette er også dei folka som lurer på om eg flytter frå Vågå til Høyanger på jakt etter betre menn (JEEEZ, eg meiner JEEEEZ), og som trur det er lite med mannfolk på bygda samanlikna med byane (Halla folkens, sjå på statistikken, det er HER det er menn).
Eg veit ein del som stiller slike spørsmål ikkje meiner noko vondt med det, men eg kan ikkje noko anna enn å bli frykteleg irritert over det. Forbanna nokon gonger - faktisk!
Som Mamma, som (nesten) kvar gong eg pratar med ho spør: "Har du fått deg kjærast?" Aldri spørsmål om: "Korleis går det i jobben?" eller "ser du har fått gjort fire ting på lista over 50 ting du skal gjere før du døyr, så bra!!". Neidå; "Har du fått deg kjærast?" er tydeligvis det viktigaste for ho å få vite.
Eller som då eg hadde møtt ei veninne heime i påska, var det einaste spørsmålet Mamma stilte då eg kom heim: "Har ho kjærast?". Akkurat som det er DET viktigaste å få vite om venene mine. Akkurat som det er utruleg viktig å få høyre om det er fleire der ute. Fleire som er i den ulukkelege situasjon å ha døtre på 30 år som er ugifte og barnlause. Og single! Der det ikkje er noko håp om forbetring.
For ei ulukke for ei mor. For ei ulukke for samfunnet! Der går det ei 30 år gamal jente. Pen og med høg utdanning. OG ho er singel!!
Ja, eg innrømmer det. Eg blir sint når folk spør meg om eg har kjæraste eller om eg har funne mannen i mitt liv. Ein ting er i samtale med gode vener når vi pratar om alle håplause fyrene vi har testa sidan sist, men når dette spørsmålet kjem som opningsspørsmål, eller blir ein viktig del av samtala. DÅ blir eg sint. Sint fordi dei gongene eg har vore lukkelegast i livet mitt har vore når eg har oppnådd ting på andre areaner enn den oppskrytte kjærleiksarenaen. Det eg drøymer mest om i livet mitt handlar ikkje om menn (eller ungar) - det handlar om heilt andre ting.
Ja. Det er koseleg å vere forelska. Og ja, klart eg ønskjer at eg blir lukkeleg håplaust forelska og at stjernene skin og alt er bra. MEN, eg kjenner meg sjølv såpass godt at eg ikkje taklar ein slik situasjon. Eg blir ufokusert og fjollete. Eg likar ikkje eingong meg sjølv i slike situasjonar.
Alternativet er jo å vere litt mindre forelska, og tenkje litt klarare. Men kva skal eg då med mann? Eg er då mykje meir lykkeleg åleine enn saman med ein halvirriterande fyr eg truleg ville slått i hovudet med ein hammar til slutt. Og det skjer viss ein ikkje er kjempeforelska (og forelskelse tek jo uansett slutt ein gong, så eg trur det uansett mine forhold ville hatt det siste utfallet).
Det er frykteleg provoserande at det viktigaste folk lurer på i mitt liv ikkje gjeld meg, men gjeld ein eventuell annan person. Det høyrast kanskje egoistisk ut, men eg ønskjer oppmerksemd rundt meg som person og kva eg har opplevd i livet mitt. IKKJE kring han eg tydeligvis ikkje har møtt.
Eg er lukkelegare utan mann enn eg er med mann. Viss folk hadde hatt augo nok til å sjå MEG, hadde dei sett det også. Min største draum omhandlar ting som ikkje har med menn å gjere. Og det krev til og med kanskje at det ikkje er menn der (eller forelskelser som gjer meg ufokusert).
No høyrast dette kanskje ut som ei lang forsvarstale, og mange vil sikkert seie noko slikt som; "Jamen, du ville vel ikkje blitt sint viss du ikkje hadde følt at folk hadde hatt LITT rett. Er du kanskje innerst inne litt lei deg for at du ikkje har kjærast?".
Dei folka som spør om dette er paradoksalt nok ofte dei same som stiller spørsmålet "Har du fått deg kjærast". Og det betyr at dei innerst inne trur at eg er lei meg for at eg ikkje har kjærast. Likevel spør dei. Dei spør altså for å gjere meg vondt! Noko som gjer desse folka til dei mest ondskapsfulle jævlane som finst.
Eg skal likevel gje dei rett i ein ting. Sjølvsagt ønskjer også eg å vere gjennomført lukkeleg. Gjerne med ein mann (hallo, eg er jo eit bilogisk individ). Men eg har innsett at eg ikkje er egna til langvarige greier.
Eg er for sær. Eg skal bevise det ved å setje inn ei kontaktannonse på denne bloggen. Det skal vere det neste innlegget mitt. Då skal de få sjå at ingen i fullaste alvor vil ønskje seg eit liv med meg.

Abonner på:
Innlegg (Atom)