Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra 2013

Kjærleik til tre

Bloggen min er ikkje død. Eg har ikkje tenkt til å legge han ned. Eg har berre ikkje heilt funne ut korleis eg skal bruke han.

Det er snart to månader sidan eg gjekk frå å vere lærar til å bli statssekretær. Som lærar brukte eg bloggen både til å skrive om livet mitt som lærar og som terapi når eg trente til halvmaraton. Eg brukte han til å sparke litt hit og dit og få ut nokre frustrasjonar over skulekvardagen og norsk utdanningspolitikk.

Som lærar bryr ikkje så mange seg om kva du skriv - berre du ikkje bryt lovar og reglar. Som statssekretær bryr plutseleg mange fleire seg om kva du skriv om.

Brukar eg bloggen rett, kan eg bruke han til å få debatt om ting. Skriv eg noko feil eller noko som kan bli misforstått, risikerer eg å havne på framsida av dei største avisene. Kva eg skriv både på facebook, twitter og kva eg publiserer på Instagram kan plutseleg bli veldig interessant. Det er skummelt, men det gjev også moglegheiter. Moglegheiter eg har tenkt til å bruke.

Vi i politisk leiin…

Frå lærar til statssekretær

På tysdag var eg lærar. Klokka 1300 avslutta eg min siste undervisingstime i engelsk. Under eitt døgn etterpå vart eg i statsråd utnemnd som statssekretær i Landbruks- og matdepartementet.

Og det skulle vere hemmeleg. Det var så hemmeleg at eg lenge trudde at det ikkje kom til å skje. Eg var heilt overtydd om at det kom til å dukke opp eit eller anna slik at eg ikkje kom til å bli statssekretær. Då pressa begynte å ringe meg omtrent klokka 1030 på onsdag (det var ikkje offentleg før klokka 12), begynte eg å tru at det kom til å skje. Då eg stod og såg på at regjeringa kom ut på slottsplassen tenkte eg: "Dette er absurd".

Litt seinare på dagen vandra eg inn i Landbruks- og matdepartementet. Framleis eigentleg i sjokk. Vesle meg skal  bli politisk leiing i eit departement. Eg frøys. Eg hadde vonde føter (ikkje vandre rundt i Oslo hit og dit på skyhøge heler). Eg følte meg åleine. Eg vart teke i mot i Landbruks- og matdepertamentet. Vart synt kontoret mitt. Eg som før hadde del…

Er vidareutdanning det norske lærarar treng?

Eg tipper eit av dei konkrete punkta som blir med i regjeringsplattformen til ei framtidig borgerleg regjering, blir noko ala:

"Vi skal sørge for eit skikkeleg kompetanseløft for lærarane, og sikre at alle får tilbod om etter- og vidareutdanning".

Eg er lærar. Eg har seks års universitetsutdanning og eit år med PPU frå høgskule. Eg har 90 studiepoeng i nordisk og eg har 300 studiepoeng i geografi. Eg skal ikkje fortelje deg kor mykje eg har i studiegjeld, men forholdet mitt til Lånekassa kjem til å vare i mange år framover.

Eg har jobba som lærar i eitt år. Eg skal innrømme eg mange gonger det fyrste året har tenkt at det er mykje eg ikkje har kompetanse på. Eg skulle ønskje eg kunne meir om klasseleiing, samarbeid med heimen, konflikthandtering, elevsamtaler og vurdering. Ikkje minst skulle eg absolutt ønskje eg hadde eit større reportoar av undervisingsmetode eg kunne nytte i undervisinga. Det er kva eg har følt størst behov for dette fyrste året som lærar.

Har eg lært nok…

Stortingsval og kvite elefantar

Ved førre stortingsval var eg på Raufoss på Oppland Framstegsparti si valvake. Eg var 2. kandidat på Oppland Framstegsparti si liste. Eg hadde vore inne på dei aller fleste meiningsmålingane dei siste månadene. Kampen stod mellom meg og AP sin 4. kandidat Stine Renate Håheim. Det var det målingane synte.

Omlag ei veke før valet begynte ting å snu. Høgre fekk ein oppsving og begynte å puste oss i nakken.

GD sin måling viste no at eg ikkje lenger låg an til å kome inn på Stortinget. 

Valdagen for fire år sidan var ein grusom dag for meg. Men samtidig var det ein dag og natt prega av håp og endring av framtidsplanane mine.

Kvelden starta hjå NRK på Lillehammer. Eg og Stine Renate var både med på riksdekkande radio og vart intervjua av NRK Hedmark/Oppland. 

Seinare bar det til Raufoss for valvake. Då valdagsmålinga kom skjønte eg vel eigentleg at alt håp var ute. Og då resultata frå kommunane i Oppland begynte å strøyme inn skjønte eg at eg måtte finne meg noko anna å gjere enn politikk. Kl…

Halvsær og halvsøt jente søkjer ikkje lenger mann

For litt over to år sidan la eg ut ei kontaktannonse på bloggen min. Eg la ut denne kontaktannonsa som eit bevis ovanfor kollegaer, vener og familie på at eg er for sær og kravstor til å finne meg mann. Dette for å sleppe alt mas og alle spørsmål ala: "Kor lenge skal du vere singel då?".

Kontaktannonsa vart ein stor suksess. Som underhaldning for lesarane av bloggen min. Folk hadde der artig når dei las denne kontaktannonsa. Dessverre førte det ikkje til ein full innboks eller at folk stod i kø ved lyrikkhylla på biblioteket.

Det tok over to år før svaret plutseleg kom i innboksen min. Og for eit svar eg fekk! Og det var litt av ein mann eg fekk svar frå! (No skal eg ærleg innrømme at vi vart kjend før han las kontaktannonsa og før han sendte svar til meg, men at han tok seg bryet med å forfatte eit svært spanande og underhaldande svar tyda berre på at dette var mannen for meg)

Eg trudde jo ærleg talt dei krava eg sette i kontaktannonsa var umogleg å oppfylle. Det var jo lik…