Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2013

Hjelp; er eg blitt ein sutrelærar?

Min største frykt i jobben som lærar er at eg ein dag skal ha utvikla meg til å bli ein sutrelærar. Du veit; ein av desse sutrete, gnagete lærarmenneska som berre pratar om kor forferdeleg kvardagen som lærar er. Det er for lite pengar, for dårlege pcar, utstyret fungerer ikkje, byråkratiet knekker oss, lønna er for dårleg, jobben for tøff og lærarane blir pålagt fleire og fleire oppgåver vi ikkje har kompetanse eller utdanning til å gjennomføre.

Ein sutrelærar bruker alle moglegheiter ti å sutre og klage på jobben. Kvar einaste gong det er personalmøte, når vi er på forelesning under planleggingsdagane og i leserbrevspaltene i avisene. Når folk seier (dumt) at "du er heldig som har så mykje ferie" kjem vi automatisk i forsvarsposisjon ved å fortelje at vi jobber for f#$% ikkje 37-timarsveke, og så ramsar vi opp alt vi må gjere i tillegg. Meterhøge rettebunkar, tre karakterar i norsk, to i engelsk og for ikkje å prate om alle telefonane vi må ta til tjue-tretti heimar, møte …

Cavarunners - klare for halvmaraton 1.juni

Eg har no meldt meg på halvmaraton. Fjellmaraton på Beitostølen 1.juni er altså då eg skal teste om eg klarar å gjennomføre 21 km med springing. Det er langt fram til formen er slik at eg klarar det. Heldigvis er det nokre månadar att også.

Idrettslaget eg har meldt meg på under heiter Cavarunners. Dette fantastiske namnet er det ikkje eg som har funne på, men mi gode veninne Bettina som også har meldt seg på. Saman skal vi altså springe 21 km. Etterpå skal vi garantert tylle ned på store mengder cava og rocke dansegolvet (viss vi har att krefter i dei stakkars føtene våre).

Korleis ligg eg an? Det går framover. Det er vel det beste eg kan seie. Eg klarar no snart å springe 6,5 km utan gåpauser. Og det går raskare for (nesten) kvar einaste gong. Denne veka har eg lagt 19,5 kilometer bak meg (delt på tre gonger). Tida eg har brukt er i følgje min gode ven Runkeeper 2 timar og 13 minutt. You do the math.

Det går ikkje vidare fort altså, og springing er fortsatt ikkje noko eg gledar meg …

Kettlebellhelvete

Kettlebell er det store her i Høyanger om dagen. "Alle" trenar kettlebell kvar onsdag klokka 21-22 i Høyangerhallen. Hadde eg visst at dette var noko "alle gjorde" ville eg tenkt meg om to gonger før eg vart overtalt av ein kollega til å bli med tidlegare denne veka.

Eg burde skjønt det når eg skulle ned på "Sporten" for å kjøpe meg kettlebell. Eg stod og glana på desse slags østeuropeiske monstra då det kom to damer som begge greip tak i kvar sin rosa kettlebell og slengte den opp på disken. Dei spør meg: "Jasså; du skal vere med på kettlebelltreningane du også?". Eg visste ikkje kva eg skulle vere med på, men skjønte fort at eg kan gløyme å føle meg veldig alternativ desse onsdagane.

Mannen på Sporten meinte at også eg skulle ha ein rosa kettlebell. Åtte kilo. Eg bar han (kettlebellen altså) heim til Dale i sekken. Løfta han ut då eg kom heim, sette han på golvet og lurte på korleis eg i det heile take skulle klare å gjere noko som helst med d…

Eit veganarliv - fyrste steg til eit liv som særing

No har eg vore veganar i snart ei veke. Det vil seie; heilt veganar har eg ikkje vore, for eg har hatt att litt ost, makrell i tomat og yougurt eg har måtte ete opp fyrst. Eg er snart ferdig med det, og snart kjem altså tida der eg må vere heilt utan desse tinga eg er så glad i.

Det som slår meg etter at eg har lese meg opp på veganisme, er at det er meir komplisert enn eg trudde å vere veganar. Det er ting som kjem frå dyr i absolutt alt (nesten). Og no pratar eg faktisk ikkje om mat, men om andre ting.

Ekte veganarar brukar nemleg ingenting som kjem frå dyr. Og ingenting som er testa på dyr. Det betyr at den største utfordringa ligg i kva eg har på badet, ikkje på kjøkkenet.

Eg har heller ikkje peiling på korleis eg ser at eit produkt har ingredienser som kjem frå dyr. Men eg begynner å skjønne at eg ikkje kan kjøpe korkje krem, mascara eller foundation på vanlege butikkar meir. Eg må spesialhandle alt frå nettet. Noko som gjer at ting blir utruleg tidkrevjande slik i starten. Eg ka…

Eit liv utan Cava?

Cava er med meg kvar einaste veke (stort sett). Når eg blir invitert på fest med følge tek eg alltid med meg Cava. Faktisk reiser eg aldri på fest utan Cava. Cava har blitt utruleg viktig for meg. Cava er faktisk ein av dei viktigaste tinga i livet mitt.

Det er faktisk ikkje så mykje i livet mitt eg ville vald framfor Cava. Eg hadde gladeleg gjeve opp sjokolade og alt godteri for Cava. Eg hadde byta ut pizza for Cava. Eg hadde under tvil byta bort ost mot Cava (sjølv om Cava og ost er perfekt i lag). Eg vurderer også om eg faktisk ville vald Cava framfor bilen min (får håpe eg aldri blir take i promillekontroll; der har de overskrifta!).

Viss eg kunne vald mellom Cava og den verkeleg store kjærleiken (då pratar vi om kjærleik større enn det du finn i dei største kjærleiksromanane; kjærleik som gjer at alle bitar i livet ditt fell på plass og at du blir eit harmonisk menneske), trur eg nesten eg ville vald Cava. Kva skal eg med den store kjærleiken viss eg ikkje kunne ha delt Cava med …

Mitt liv som veganar

Eg har no bestemt meg for å teste ut livet som veganar. I dag hadde eg min fyrste veganske handletur. Turen gjekk til Førde, som er mitt nærmaste shoppingmekka.

Eg har flittig søkt etter veganske oppskrifter på nettet, og eg må berre seie; det er veldig mykje bra og spanande der ute! Og det finst ein haug med ingredienser som eg aldri har høyrt om før. Som til dømes "næringsgjær" og tahini. Også er det den slags krydderdingsen "ingefær" (som minner meg om den skrikande alruna vi finn i Harry Potter) som eg berre før har ete til sushi, men som eg aldri har eksperimentert med før.

Eg lagde meg ei så lang handleliste eg aldri har lagd før, med mellom anna om lag ti ulike krydder eg aldri har hatt i matskåpet før. No skulle eg også finne soyagranulat, tahini og næringsgjær, slik at eg skulle sleppe saknet av ost og anna greier eg stappar i meg.

Den største utfordringa blir nok kva eg skal ha på knekkebrødet i lunsjpausa på jobb. Korleis skal eg klare meg utan makrell i…

Joggeblogge

Neidå. Dette skal ikkje bli ein av desse slitsamme bloggane kor eg skryt av kor flink eg er til å trene. Eg lover at eg ikkje skal joggeblogge veldig mykje framover. Men når eg har sett meg som mål å springe halvmaraton 1.juni, så må eg bruke det eg kan for å presse meg sjølv framover. Det er ikkje berre lett!

Mens eg i går hadde eit tonn med unnskuldningar for å ikkje kome meg inn i joggeskoa og ut, så hadde eg ingen i dag. Til og med vêret her i Høyanger var i mot meg. Det var opphald i fleire timar etter eg var ferdig på jobb i dag!

Lat oss seie det slik; det er lang veg fram til eg er i så god form at eg klarar halvmaraton. Veldig lang veg fram! Men det vart etter kvart artigare enn eg hadde trudd å springe (eg er veeeldig negativt innstilt til springing; det er berre å innrømme det!).

Seks km omtrent er den vegen eg hadde sett meg ut. Tre km fram og tre km attende. Målet mitt var at eg skulle gå i ein sang og springe i ein sang, og så vidare.

Eg starta med å gå. Det var kaldt, de…

Knallhardt treningsregime startar i morgon - kors på halsen!

Som så mange andre no på denne tida har også eit mål om å bli sprekare og meir fit i løpet av 2013. Eg veit det er lite originalt, og slik sett passar meg dårleg (vi folk som desperat prøver å vere så annleis og alternative heile tida). Men det betyr ikkje at det ikkje er naudsynt. For det er det verkeleg!

I juni i år skal eg springe halvmaraton på Beitostølen. Det er målet. I dag på jobb lovde eg også (nesten) at eg skal vere med å sykle Bergen-Voss i mai (no såg eg nettopp ved hjelp av min ven google at desse to happeningane går same helg, så då kan eg jo kome opp i eit dillemma), og at skal ta med meg sykkelen min heim frå Valdres neste gong eg skal over fjellet, slik at eg får vore med på treningsøktene utover våren.

Eg har gjeve klar beskjed om at eg er ein person som jobbar best under press, og at eg er tøff i trynet. Det vil seie at eg kan vere litt bråkjekk og ha manglande sjølvinnsikt i blant - det gjeld spesielt når eg fortel om alt eg kunne vore i stand til å klare VISS eg …

Godt nytt år til vener og kjende!

Det eg skal gjere no er nok noko av det artigaste eg gjer i løpet av året. Det seier kanskje mykje om livet mitt, men det seier nok mest om meg. Eg er nok ein person som har det aller best når eg kan sitje framfor mac'en min, drikke eit glas vin og setje ord på korleis det eigentleg går i livet mitt. Sjølvsentrert og asosial som eg er.

Eg har no take meg eit glas cava og skal i gang med å oppsummere året som har gått. Du les no det årlege nyttårsbrevet frå meg der eg går gjennom om eg har nådd måla eg sette meg for 2012. Har drømmane mine blitt oppfylt? Kva hugsar eg best frå året som har gått?

Etter kvart vil eg også gå vidare til 2013 - kva er måla mine og ønskjene mine for det året som kjem? Dette har eg gjort i mange år no. Om folk som får denne e-posten har interesse av å lese dette, blir eg meir og meir usikker på, men i så fall ser eg på det som eigenterapi. Det er nok eg som har mest glede av desse breva, og om folk finn underhaldningsverdi i tillegg, tek eg det som ein bo…