Gå til hovedinnhold

Cavarunners - klare for halvmaraton 1.juni

Eg har no meldt meg på halvmaraton. Fjellmaraton på Beitostølen 1.juni er altså då eg skal teste om eg klarar å gjennomføre 21 km med springing. Det er langt fram til formen er slik at eg klarar det. Heldigvis er det nokre månadar att også.

Idrettslaget eg har meldt meg på under heiter Cavarunners. Dette fantastiske namnet er det ikkje eg som har funne på, men mi gode veninne Bettina som også har meldt seg på. Saman skal vi altså springe 21 km. Etterpå skal vi garantert tylle ned på store mengder cava og rocke dansegolvet (viss vi har att krefter i dei stakkars føtene våre).

Korleis ligg eg an? Det går framover. Det er vel det beste eg kan seie. Eg klarar no snart å springe 6,5 km utan gåpauser. Og det går raskare for (nesten) kvar einaste gong. Denne veka har eg lagt 19,5 kilometer bak meg (delt på tre gonger). Tida eg har brukt er i følgje min gode ven Runkeeper 2 timar og 13 minutt. You do the math.

Det går ikkje vidare fort altså, og springing er fortsatt ikkje noko eg gledar meg til.

Som i dag. Minus ti grader. All fornuft seier at du bør bli inne framfor rettebunken din. Heller rette innleveringar om Trymskvadet enn å springe ute i kulda. Rettebunken blir ferdig. Du veit du må ut. Fyrst oppdaterer du spelelista di på Spotify. Tenkjer det kan gje deg den motivasjonen du treng for å kome deg ut (alt går mykje lettare med god musikk). Snart er du ferdig med det også. Finn ikkje meir musikk som er hørbar. Du veit du MÅ ut.

Du dreg deg inn på badet. På med ullstilongs og ullgenser. Gruar deg allereie til du kjem ut og begynner å fryse på rumpa (det må vere null varmeproduksjon i rumpeballane mine - at det går an å bli så kald der når du sveitter som ein gris elles. Så ja, i dag har eg shoppa på nett. Ullboxer. Kjempemoro å bruke pengane på fornuftige ting, du...). Smører trynet full av kuldekrem. På med swix-buksa. På med jakka. Feste iPhonen på armen. Ull på øyro. Ull i halsen. Ut døra. Vondt! Vondt! Vondt!

Spring i 15 minutt. Det begynner å gå oppover. Vondt. Må ta gåpause. Prøver å legge inn nokre spurtar. Må gå etterpå for å ha att krefter. Høyrer på dama på Runkeeper at eg ligg framfor skjema. Eg kjem til dit eg skal snu. Attende er det svak helling heile vegen. Det er no eg skal gje alt. Beina vil ikkje. Det går sakte. Det begynner å gå opp for meg at eg ikkje klarar å springe raskare i dag enn eg gjorde på fredag.

Trur eg må spy på omlag fem kilometer. Men pressar meg sjølv til å springe heile vegen attende. Kjem fram til døra og får den harde sanninga. Det har gått litt saktare i dag enn på fredag. Fyrste dag med tilbakegang. Og eg skjønner ikkje kvifor.

Det er i alle fall ikkje cavaen si skuld. Eg har ikkje drukke ein einaste dråpe cava dei to siste helgene. Fortsett det slik må eg melde meg inn i avholdsidrettslaget. Eg har ei kjensle av at det ikkje er der eg finn dei artigaste treningspartnarane.

Eg veit det ikkje er ein god plan å blande drikking og halvmaraton, men eg skal no innføre cava som belønningssystem. Innan 1.februar skal eg klare å springe 6,5 km samanhengande. Klarar eg det skal eg drikke cava 8.februar. Ikkje før.

1.juni skal vi vise heile verda at vi klarar å springe 21 km - med cava som motivasjonsmiddel.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv. Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten. Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgon

Hanne tester trappene i Høyanger

Høyanger er visstnok kjend for sine trapper. Dette heng saman med vatnforsyning og industri (eg skal finne ut meir om dette når eg skal på industrimuseet seinare i veka). Det er to trapper i Høyanger. Ei med omlag 1250 trappetrinn og ei med 2500 trappetrinn. Optimistisk som eg er bestemte eg meg for å teste den lengste av dei. Dette bilete er take rett etter at eg har gått heimanfrå. Eg bur i eit bustadområde rett på venstresida av bileteramma. Trappa kan du sjå der langt framme på fjellet omtrent midt i biletet. Du ser det som ein grå strek som går oppover. Elva er også rett ved der eg bur, og eg såg mange fiskarar på vegen fram og attende (fisking rett utanfor stovedøra, bokstaveleg talt!). Høyanger sentrum ligg i motsatt retning, altså der elva renn ut i fjorden. No ser du at eg nærmar meg. Også eg begynner å tru at det er håp om at eg skal kome fram. Litt skeptisk på om det er lov til å gå inn på området nå, og tenkjer: "neinei, eg må snu!". Då ser

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år. Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg.  Terningkast: 2  Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt? Terningkast: 5  Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det.  Terningkast: 3 Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein