Gå til hovedinnhold

Eit veganarliv - fyrste steg til eit liv som særing

No har eg vore veganar i snart ei veke. Det vil seie; heilt veganar har eg ikkje vore, for eg har hatt att litt ost, makrell i tomat og yougurt eg har måtte ete opp fyrst. Eg er snart ferdig med det, og snart kjem altså tida der eg må vere heilt utan desse tinga eg er så glad i.

Det som slår meg etter at eg har lese meg opp på veganisme, er at det er meir komplisert enn eg trudde å vere veganar. Det er ting som kjem frå dyr i absolutt alt (nesten). Og no pratar eg faktisk ikkje om mat, men om andre ting.

Ekte veganarar brukar nemleg ingenting som kjem frå dyr. Og ingenting som er testa på dyr. Det betyr at den største utfordringa ligg i kva eg har på badet, ikkje på kjøkkenet.

Eg har heller ikkje peiling på korleis eg ser at eit produkt har ingredienser som kjem frå dyr. Men eg begynner å skjønne at eg ikkje kan kjøpe korkje krem, mascara eller foundation på vanlege butikkar meir. Eg må spesialhandle alt frå nettet. Noko som gjer at ting blir utruleg tidkrevjande slik i starten. Eg kastar sjølvsagt ikkje det eg allereie har på badet, men tida kjem snart for at eg er tom for enkelte ting. Som dagkrem og foundation (siste er vanskeleg å kjøpe på nett). No kjem difor tida for at eg må finne noko som fungerar og som samtidig passar mitt nye liv som veganar.

Når det kjem til maten går det greitt. Sjølv om utvalet i butikkane her i Høyanger er ikkje bra. Dei har soyamjølk, soyadessert og nokre få yougurtar. Resten må eg handle på nett. Eg har sendt av garde min fyrste bestilling frå iherb.com, men ventar fortsatt på at soyagranulaten min skal kome i posten.

Denne veka har eg lagd cashewost. Det smaker veldig bra, men eg har endå ikkje vent meg til folk som ser rart på meg på personalrommet når eg smører på noko på knekkebrødet mitt frå ein liten plastboks eg har med meg. Folk er vant til at pålegg kjem i sin rette emballasje. Når det kjem i anten eit glas som før er blitt brukt til pesto eller i ein liten plastboks, då blir dei skeptiske. Eg anar ikkje kor mange gonger  eg har fått spørsmålet: "Kva er det du et?" denne veka. Det er ulempen med veganisme. At du konstant må forsvare kva du et og kvifor du et det. Livet er rett og slett lettare med smøreost.

No koker eg kikerter. Min nye favorittingrediens. Eg kan ikkje forstå kvifor eg ikkje har laga meg hummus før. Hummus er verkeleg noko av det beste som finst. I dag er eg klar for å eksperimentere med ei rekkje ulike variantar av hummusen. Det gler eg meg til.

Og fredagstacoen min får eg ha i fred. Vegetartaco er betre enn taco med kjøt. Men i går hadde eg att både ost og rømme i kjøleskåpet eg kunne bruke. Det blir verre neste gong, når eg må bruke cashewost i staden. Men det går vel på eit vis det også. Og eg har ei kjensle av at det faktisk kan bli betre.

(Ps: eg er ikkje ein person som er veldig glad i å ta bilete av maten min - difor blir det nok få veganarbilete her på bloggen - viss eg då ikkje har klart å lage noko som ser heilt jævleg ut).

Kommentarer

  1. Gøy å høre om første uka di! Og hummus ja, det samme tenkte jeg etter å ha smakt det for første gang, hvorfor i huleste har jeg ikke laget dette før! :O)

    SvarSlett
  2. Jeg synes det er bra å bruke produkter som ikke er testet på dyr, fordi, hva er vitsen egentlig? Det finnes mange fine merker der ute, det jeg bruker som hudpleie er MyChelle og Acure fra Iherb, andre ting er Kingfisher tannkrem og vaskemiddel som ikke er testet på dyr som Ecoleaf og Attitude :) Det jeg synes er meget rart, er at de fleste er faktisk imot dyretesting, eller synes det er grusomt, men ikke like mange vet om eller er villig til å bruke andre produkter, det er snakk om en (u)vane, som man kan gjøre noe med. At man må forsvare og forklare, vitner bare om manglende evne til forståelse, det er ulempen med a4 mennesker ;)

    SvarSlett
  3. Alt på Lush er fri for dyretesting! I tillegg er 83 prosent vegansk. Alt er tydelig merket. Anbefaler alt!

    http://lushnorge.no

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…