Gå til hovedinnhold

Godt nytt år til vener og kjende!

Det eg skal gjere no er nok noko av det artigaste eg gjer i løpet av året. Det seier kanskje mykje om livet mitt, men det seier nok mest om meg. Eg er nok ein person som har det aller best når eg kan sitje framfor mac'en min, drikke eit glas vin og setje ord på korleis det eigentleg går i livet mitt. Sjølvsentrert og asosial som eg er.

Eg har no take meg eit glas cava og skal i gang med å oppsummere året som har gått. Du les no det årlege nyttårsbrevet frå meg der eg går gjennom om eg har nådd måla eg sette meg for 2012. Har drømmane mine blitt oppfylt? Kva hugsar eg best frå året som har gått?

Etter kvart vil eg også gå vidare til 2013 - kva er måla mine og ønskjene mine for det året som kjem? Dette har eg gjort i mange år no. Om folk som får denne e-posten har interesse av å lese dette, blir eg meir og meir usikker på, men i så fall ser eg på det som eigenterapi. Det er nok eg som har mest glede av desse breva, og om folk finn underhaldningsverdi i tillegg, tek eg det som ein bonus.

Eg har ei målsetting om at dette brevet skal bli kortare i år enn det har vore tidlegare, men eg er litt usikker på om eg klarar det. Men i vinglas nummer ein er eg fortsatt optimist. Klokka er no 17. Klokka 20 skal eg til ein kollega for å drikke vin. Då må eg vere ferdig med brevet. Eg bør heller ikkje vere for full når eg kjem dit. Det er ikkje eit sjakktrekk å få rykte på seg for å vere skapdrankar etter berre eit halvt år på ny bustad. I alle fall ikkje når du jobbar som lærar (eg trur forresten det ikkje hadde vore betre om eg hadde vore lege eller bussjåfør).

Kva skjedde i 2012?


Eg har altså bytta bustad og jobb - att. Og eg valde meg Høyanger. CV'en min ser kanskje ikkje super ut no; omlag 2 1/2 år i kvar av dei to førre jobbane eg har hatt. Eg har ein ambisjon om å vere lærar lenger. Men det er ikkje godt å seie kva året kjem til å bringe.

2012 kjem eg til å hugse at følgjande skjedde i livet mitt:

1. Eg flytta frå Vågå til Høyanger (nei, eg kjende ingen der då eg flytta dit, for dykk som lurer)
2. Eg vart kontaktlærar i klasse 8a på Høyanger skule, og fekk meg ein haug med heilt supre kollegaer
3. Eg gjekk Besseggen - heilt åleine (eg kjende i alle fall ingen der eg var)
4. Eg var på sydentur - heilt åleine (eg kjende i alle fall ingen der eg var)
5. Eg var forlovar i eit bryllaup for fantastiske Cecilie, som gifta seg.
6. Vi arrangerte kulturveke i skule og barnehage i Vågå, noko som var ein super oppleving, og kanskje det mest krevjande og spanande vi har gjort i prosjektet eg jobba med i Vågå
7. Eg fekk meg iPhone og Mac, og kjøpte dei med mine eigne pengar
8. Eg og Bettina var på Grand Prix-cruise på danskebåten, og vant søren med heile quizen i konkurranse med skrullete MGP-folk.
9. Eg lagde mitt livs fyrste kontaktannonse, og har fått NULL respons.
10. Eg fekk mitt livs fyrste farstbot


Ute i verda skjedde det også ein del i 2012, og eg kjem nok for alltid til å hugse at følgjande skjedde:

1. To rettsakar eg og mange med meg følgde med stor interesse - begge to vekte kjensler, om på veldig forskjellige måtar
2. Barack Obama vart attvald som president i USA
3. Justin Bieber var i Oslo ein snartur

Mål og ønskjer for 2012 - er dei oppnådd?


Livet mitt kunne hatt godt av meir mål- og resultatstyring. Det er ikkje i tvil om. Eg hugsar no faktisk ikkje kva for mål eg sette meg for 2012, for eitt år sidan. Det er difor like artig kvart einaste år å gå gjennom måla for fjoråret. Hadde eg levd mitt liv som eg ønskjer samfunnet skal gjere, så burde eg sett meg sjølv delmål kvar einaste månad, og styrt livet mitt etter det. Det har eg altså ikkje gjort, og då går det så som så med målsettingane mine.

Måla mine for 2012 var altså følgjande:

1. Kome innatt i rosa drømmekjole størrelse 36

IKKJE GJENOMFØRT. Med store bokstavar. Eg er så langt frå målet som eg har vore nokon gong. Eg har aldri følt meg så usexy som eg gjer no. Å kalle meg tjukk er kanskje eit hån mot dei som slit med overvekt, men eg føler meg verkeleg smålubben no. Og det er jo ikkje rart at verda ser stygt på meg når eg sjølv ser stygt på meg. Dei siste tre månadene er den største trimmen eg har fått opp og ned trappene til klasserommet, og skytteltrafikk mellom kontor og kaffitraktar. Det er kanskje ikkje verst berre det, men du kjem verkeleg ikkje inn i drømmekjolen av slikt. Og du ender opp som sur og singel jente på 31 år. Huff.

2. Bli ein betre fotograf

IKKJE GJENNOMFØRT. Eg er om mogleg blitt endå dårlegare. I den førre jobben sprang eg rundt med kamera heile tida for å dokumentere. I ny jobb har eg ikkje dokumentert noko som helst. Og eg, som alltid har brunne for å bruke foto i undervisinga, har ikkje gjennomført eit einaste opplegg med foto i undervisinga. Det er ein skam. Det er verkeleg ein skam!

3. Gå Besseggen

GJENNOMFØRT! Og det er det jævligaste eg nokon gong har gjort i heile mitt liv. Eg skal aldri utsette meg sjølv for noko slikt nokon gong att. Du kan lese meir om Hanne-med-høgdeskrekk-på-Besseggen her. 

4. Skrive ferdig boka mi

IKKJE GJENNOMFØRT. Men eg er kome eit stykke på veg. Eg er kome ganske langt, og eg er nærmare enn nokon gong. Og ho blir ikkje så aller verst, om eg skal seie det sjølv.

5. Klare å springe 10 km

IKKJE GJENNOMFØRT. Eg sprang og gjekk 10 km terrengløp på Beitostølen i juni. Eg er ganske sikker på at eg kunne klart å springe 10 km viss eg hadde pressa meg sjølv. I haust skulle eg ut på springetur, og overraska meg sjølv med å springe i fem kilometer utan problem. Men då kjeda eg meg så mykje at eg ikkje gadd meir. Det VAR altså ikkje fysikken det kom an på, men viljen. Men i haust gjekk eg opp og ned ein del trapper, som gjorde at eg var i bittelitt betre form enn eg er akkurat no.
Hanne Maren nesten på toppen av Siplo-trappa i Høyanger. I Einar Førde sine fotspor. 


6. Bli vegetarianer att

DELVIS GJENNOMFØRT. Eg er vegetarianar på privaten, men eg er ikkje fanatisk. Det vil seie; eg lagar meg aldri måltid med kjøtt heime, men eg gidd ikkje vere vanskeleg når eg er i selskap eller ute blant folk. Det vil seie; eg åt kjøt i jula. Eg orkar ikkje bry foreldra mine med å lage alternativ, fordi dei blir heilt sett ut. Då er det mykje betre å ete kjøt, og tenkje at eg har litt å gå på i CO2-rekneskapen min.

7. Spare opp ein buffer som tilsvarar ei månadsløn

(Fy søren for nokon kjipe mål eg sette meg for 2012)

GJENNOMFØRT. Faktisk. No er dessverre bufferen litt mindre att sidan eg måtte ta av han til å fikse noko bremsegreier (høyrer du ein ulyd i bilen din, vent ikkje på at det skal gå over, men få bilen på verkstad med ein gong!). Men det er vel det ein buffer er til for, ikkje sant? Utgifter du ikkje planlegg? Og bilen min treng viss også ei understellsbehandling fekk eg beskjed om frå verkstaden - utan at eg kom med upassande kommentarar ala; "det er vel eigaren som hadde trengt ei understellsbehandling". Hipp hurra for det!

8. Gå på kurs og lære noko nyttig

GJENNOMFØRT. For ei utruleg kjip målsetting! Når du er lærar eller jobbar i offentleg sektor er det umogleg å unngå kurs! Eg har gått på ei rekkje kurs, og eg har nok også vore i nærleiken av å lære noko nyttig.

9. Bli kjend med nokre nye folk


GJENNOMFØRT. I januar 2012 visste eg ikkje at eg skulle flytte på meg. Det har eg altså gjort, og eg er blitt kjend med ei rekkje herlege personlegdommar. Fy søren for nokre kollegaer eg har her i Høyanger!  Dei er berre kremen av tilsette. Dei kan feste, dei er rett fram, høgrøsta og ufyselege. Akkurat slik eg elskar det!

10. Reise meir i verda

IKKJE GJENNOMFØRT. Visstnok er eg blitt betre kjend i Sogn og eg har flytta til ein ny plass. Eg var også på tur til Kreta i mai. Men kan eg definere det som å reise meir i verda? NEPPE!

Så kan vi gå vidare til å sjå på dei ønskja eg sette meg for 2012. Er ønskja mine blitt oppfylt? 

Ønskja for 2012 - er dei oppfylt?

1. Vinne masse pengar slik at eg kan ta meg eit friår og reise jorda rundt

Ikkje oppfylt. Det kan kanskje vere ein god idé å tippe viss ein vil vinne pengar. Det held kanskje ikkje med dei fem flakslodda du får til jul (sjølv om eg rett nok vann femti kroner). 

2. Reise til LA til sommaren, treffe ein hot amerikanar og så flytte til USA for å leve lukkeleg i alle mine dagar. 

Eg kom meg ikkje til LA (fordi eg ikkje var tynn og sexy nok), og no bur eg i Høyanger. Eg er ganske lukkeleg då - det er då noko. 

3. Bli ferdig med boka mi og vere nøgd med resultatet

Eg er ikkje ferdig, men eg er ganske nøgd med resultatet så langt. Det står att å sjå om andre, som kan tenkje seg å gje ut boka, er nøgd med resultatet. Svarer får eg forhåpentlegvis i 2013. 

4. At familie og vener held seg friske og lykkelege gjennom året

Familie og vener har halde seg friske. Om dei er lykkelege er ein annan sak. 

5. At eg unngår ulykker, sjukdom og glaskår i foten

Eg held på å dette på isen, eg har vore litt forkjøla (men ikkje borte frå jobb) og eg har ikkje fått glasskår i foten. 

6. At eg held på motivasjonen i jobben eg har no og at eg i løpet av året når målsettinga mi; gjere meg sjølv overflødig. 

Jaja. Eg har bytta jobb - fordi eg ikkje var motivert meir i den gamle. Eg trur det går ganske bra med prosjektet og satsingane i Vågå - utan meg. Om det er fordi eg gjorde ein god jobb eller om eg alltid var overflødig, veit eg ikkje. I jobben eg har no vil eg aldri bli overflødig. Det er i alle fall sikkert. 


Resultatoppnåing 2012 - oppsummering

Eg er i alle fall på ein heilt annan plass no enn det eg trudde eg skulle vere då eg starta på 2012. Eg havna i Høyanger - kven hadde trudd det? I alle fall ikkje eg då eg mest for moro skuld sende av garde jobbsøknaden. Då eg takka ja til intervju tenkte eg; "Korleis skal eg finne på ein god grunn til at eg må takke nei til denne jobben her?". Og her er eg altså. Eg har blitt kjend med ein ny plass, nye menneske og eg er blitt betre kjend med meg sjølv. Mange målsettingar har eg nådd, nokre er eg på veg til å nå, mens atter andre har eg aldri vore fjernare frå å klare (springing og slanking). 

Nytt år - nye moglegheiter

Eg startar med ei kjend frase. No skal eg sette meg målsettingar for det nye året, og eg skal finne noko eg ønskjer skal skje i 2013. Den er så fin den kjensla du har på starten av eitt nytt år - alt kan skje. Noko veit eg heilt sikkert kjem til å skje i 2013.

Det som heilt sikkert kjem til å skje i 2013 er:

1. Eg kjem ikkje til å vere vararepresentant til Stortinget lenger
2. Eg må bestemme meg for om eg tek attval eller ikkje som medlem av sentralstyret i Framstegspartiet

Mine målsettingar for 2013 er:

1. Gjere ferdig boka eg skriv på (lite originalt, men eg er nærmare enn nokon gong før)
2. Bli ein mindre sint og kjeftete lærar (det hjelp aldri å bli sint!)
3. Nytte meg meir av sansebasert læring i undervisinga (som eg forfekta stort i min førre jobb, og som eg trur på, men har ein tendens til å gløyme opp i alt anna)
4. Ta formell utdanning i engelsk (eg elskar å undervise i faget, men manglar dessverre studiepoeng)
5. Bruke den lange velfortente sommarferien min på noko nyttig
6. Bli sprekare, og springe halvmaraton på Beitostølen i sommar (eg trur eg lovde Pappa at eg skulle gjere det no i juleferien. Eg sa vel; det er nesten berre nedoverbakke. Det skal eg klare!). 
7. Reise utanlands
8. Gjere noko impulsivt

Mine ønskjer for 2013 er:

1. At eg skal få moglegheit av min arbeidsgjevar til å ta vidareutdanning i engelsk
2. Mykje moro i lag med mine kollegaer og vener både i Høyanger, Vågå, Valdres og Oslo
3. Større økonomisk fridom
4. Meir sol
5. Mindre regn (eg har flytta til den mest regnfulle plassen i Noreg. Minst!)

Når dei to siste ønskja dine går på vêret, skjønner du at du eigentleg har det ganske bra. Så eg gjer meg no. 

Kva skal ein seie?

Nyttårshelsinga mi går mot slutten. Eg har klart å gjere den kortare enn i fjor. Betyr det at eg har mindre på hjartet? Betyr det at eg har drukke for mykje vin (klokka er no 1830 og er på glas nummer tre)? Betyr det at eg har skjønt at det er veldig få som eigentleg i det heile take gidd å lese så langt at dei les dette her? 

Eg veit ikkje. 

Eg veit berre ein ting, og det er kva eg ikkje vil høyre i 2013, og det er:

1. Jobbar du som vanleg lærar? (Eg HATAR det spørsmålet. Eg veit ikkje om det betyr at eg er veldig sår for det temaet; at eg sjølv føler det er for simpelt for meg å jobbe som lærar, eller at det berre er eit veldig IDIOTISK spørsmål. Eg mistenker at det er det siste. Eg anar ikkje kor mange gonger eg har opplevd følgjande dialog det siste året: Ein eller annan IDIOT: - Jobbar du som lærar no? Hanne: Ja. Ein eller annan IDIOT: - Heilt vanleg lærar altså?. Hanne: JA! Eg kunne sikkert sagt: "Nei, eg er ein uvanleg lærar" eller eit eller anna, men eg GIDD ikkje. Det er mogleg at folk ser på det som eit steg ned karrieremessig når eg har gått frå å vere politisk rådgjevar på Stortinget til å bli prosjektleiar i Vågå til no å vere VANLEG lærar i Høyanger, men eg gjer det ikkje. Eg har aldri følt eg har hatt viktigare, meir krevjande jobb og mindre fri enn eg har no. Og det seier eg ikkje fordi eg er i forsvarsposisjon. Eg har vald dette sjølv, og det er sant!)

2. Du har vel mykje fri du, no som du er lærar? (Ja, særleg. IDIOTAR!!)

3. Har du fått deg kjærast du då (opningsspørsmål etter ikkje å ha sett meg på fleire år!)? NEI; eg har berre ein haug med elskarar, som dessverre ikkje er rike nok til at eg vil ha noko med dei å gjere på fulltid. JEEEEEZ!

Okey...de vil sikkert meine at desse tre tema er så såre for meg og at eg difor blir irritert. Javel - kanskje det, men drit i å spørre då, viss du trur det!

Hoho. Vi avsluttar aggressivt, som vanleg. 

Eg har det ganske bra altså, til trass for avslutninga. Eg kunne berre ikkje dy meg. 

No eg er på vinglas nummer fire, og har klart å avslutte nyttårshelsinga innanfor tidsskjemaet. No skal eg snart gå for å vere endå meir aggressiv i lag med høgrøsta kollegaer her i Høyanger. I god Einar Førde-ånd skal vi vere ufyselege og frekke mot kvarandre. De skjønner sikkert at eg kunne ikkje ha havna på betre plass enn eg er akkurat no. 

Med ønskje om eit godt nytt år! Måtte alle mine målsettingar bli nådd, og mine ønskjer bli oppfylt!

Hanne Maren. :)





Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammakroppen og meg

Det er ganske menneskeleg å ha lyst på det ein ikkje kan få. Til dømes cava i graviditet eller ein skikkeleg fest når bebien er ein månad gamal og du er lenka til han. Eller kanskje sydentur når kjærasten nektar plent å bli med. Og i mitt tilfelle akkurat no; ein joggetur.

Altså; eg har aldri likt spesielt godt å jogge. Men eg gjorde det ein periode i livet mitt fordi eg oppdaga eg fekk overskot av det og fordi det gjorde godt for kroppen min.

Meg for tre år og 10 kilo sidan. Dette var sommaren eg traff Trond og han forelska seg i meg. Eg skal tilbake dit. Innan eitt år. 

Etter fødsel får ein ikkje lov til å jogge (ikkje anbefalt før etter tre månader). Altså får eg automatisk lyst til å jogge. No har eg allereie begynt å dagdrømme om deltaking i sentrumsløp og fjellmaraton til neste år. Og eg skal springe fort! Raskare enn eg nokon gong har gjort. Sjølvsagt! (og jada; eg drømmer også om kor godt det skal bli med cava etter løpet)

Men det er berre å innrømme det; eg er ein pudding. Ein…