Gå til hovedinnhold

Joggeblogge

Neidå. Dette skal ikkje bli ein av desse slitsamme bloggane kor eg skryt av kor flink eg er til å trene. Eg lover at eg ikkje skal joggeblogge veldig mykje framover. Men når eg har sett meg som mål å springe halvmaraton 1.juni, så må eg bruke det eg kan for å presse meg sjølv framover. Det er ikkje berre lett!

Mens eg i går hadde eit tonn med unnskuldningar for å ikkje kome meg inn i joggeskoa og ut, så hadde eg ingen i dag. Til og med vêret her i Høyanger var i mot meg. Det var opphald i fleire timar etter eg var ferdig på jobb i dag!

Lat oss seie det slik; det er lang veg fram til eg er i så god form at eg klarar halvmaraton. Veldig lang veg fram! Men det vart etter kvart artigare enn eg hadde trudd å springe (eg er veeeldig negativt innstilt til springing; det er berre å innrømme det!).

Seks km omtrent er den vegen eg hadde sett meg ut. Tre km fram og tre km attende. Målet mitt var at eg skulle gå i ein sang og springe i ein sang, og så vidare.

Eg starta med å gå. Det var kaldt, det var vondt og det var kjedeleg. Då eg starta på springinga trudde eg at eg skulle daue. Eg trudde kondisen skulle bli det største problemet, men det viste seg at tunge bein var ei større utfordringa. I tillegg til den mentale innstillinga.

Etter kvart gjekk det faktisk lettare. Overraskande nok. Dei tre fyrste kilometra held eg meg strengt til planen; springe ein sang, gå ein sang og så vidare.

Vel framme og klar til å snu, begynte det faktisk å gå lettare. På vegen attende begynte eg å sjå for meg sjølv springe kilometer på kilometer med eit smil 1.juni. Eg tenkte; dette skal eg klare! Det mentale bilete av meg sjølv legge kilometrane bak meg var eit flott syn. Eg innrømmer det! Difor klarte eg faktisk omtrent å springe samanhengande heile vegen attende. Fort går det ikkje. Det innrømmer eg. Men eg spring!
Halvvegs, og overraskande optimistisk, i alle fall når eg kunne ta ei pause for å ta bilete. 

Heime att begynte eg å skjønne kvifor folk som trener er tynne. Det handlar ikkje om at du forbrenn kaloriar. Det handlar rett og slett om at du blir så kvalm av all treninga at du ikkje orkar mat. Det einaste eg hadde lyst på når eg kom attende var pepsi max og røyk. Ikkje det at eg trur den dietten vil føre til at det blir lettare å springe halvmaraton, men....

Til tross for at eg ser blid og optimistisk ut, så treng eg fortsatt folk (og meg sjølv) som pressar meg. Om fleire utrente og umotiverte gærningar vil vere med meg på ferden fram mot halvmaraton, vil eg gjerne bli utfordra! Fleire som blir med å presse oss sjølv og kvarandre? Vi kan då mase på kvarandre kvar einaste dag fram mot det endelege målet med følgjande kommentar; "har du kome deg ut i frisk luft i dag, din late jævel, eller har du havna på sofaen med chipsposen att? Fortsett det slik liknar du faktisk snart på ein kvalross!".

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammakroppen og meg

Det er ganske menneskeleg å ha lyst på det ein ikkje kan få. Til dømes cava i graviditet eller ein skikkeleg fest når bebien er ein månad gamal og du er lenka til han. Eller kanskje sydentur når kjærasten nektar plent å bli med. Og i mitt tilfelle akkurat no; ein joggetur.

Altså; eg har aldri likt spesielt godt å jogge. Men eg gjorde det ein periode i livet mitt fordi eg oppdaga eg fekk overskot av det og fordi det gjorde godt for kroppen min.

Meg for tre år og 10 kilo sidan. Dette var sommaren eg traff Trond og han forelska seg i meg. Eg skal tilbake dit. Innan eitt år. 

Etter fødsel får ein ikkje lov til å jogge (ikkje anbefalt før etter tre månader). Altså får eg automatisk lyst til å jogge. No har eg allereie begynt å dagdrømme om deltaking i sentrumsløp og fjellmaraton til neste år. Og eg skal springe fort! Raskare enn eg nokon gong har gjort. Sjølvsagt! (og jada; eg drømmer også om kor godt det skal bli med cava etter løpet)

Men det er berre å innrømme det; eg er ein pudding. Ein…