Gå til hovedinnhold

Knallhardt treningsregime startar i morgon - kors på halsen!

Som så mange andre no på denne tida har også eit mål om å bli sprekare og meir fit i løpet av 2013. Eg veit det er lite originalt, og slik sett passar meg dårleg (vi folk som desperat prøver å vere så annleis og alternative heile tida). Men det betyr ikkje at det ikkje er naudsynt. For det er det verkeleg!

I juni i år skal eg springe halvmaraton på Beitostølen. Det er målet. I dag på jobb lovde eg også (nesten) at eg skal vere med å sykle Bergen-Voss i mai (no såg eg nettopp ved hjelp av min ven google at desse to happeningane går same helg, så då kan eg jo kome opp i eit dillemma), og at skal ta med meg sykkelen min heim frå Valdres neste gong eg skal over fjellet, slik at eg får vore med på treningsøktene utover våren.

Eg har gjeve klar beskjed om at eg er ein person som jobbar best under press, og at eg er tøff i trynet. Det vil seie at eg kan vere litt bråkjekk og ha manglande sjølvinnsikt i blant - det gjeld spesielt når eg fortel om alt eg kunne vore i stand til å klare VISS eg berre hadde gidda å trene - til dømes.

Lærdommen er; dess fleire du fortel om dine planar om kva du skal gjere, dess flauare blir det viss du ikkje klarar det. Eg forstår difor at folk skriv såkalla "slankebloggar". Då vil jo heile verden kunne sjå og påpeke om du fortsatt går rundt som ein kvalross etter ei stund som "slankebloggar". Ingenting er meir flaut enn det.

I dag var fyrste skuledag og slik fyrste dag på jobb. Ein fantastisk flott dag å begynne sitt nye og betre liv. Vel..det gjekk slik:

1. Eg dreg meg opp klokka 0630 fordi eg har ambisjonar om å GÅ til jobb. I år 2013 er det synd  og skam å bruke bilen. Men så finn lille late meg ut at eg eigentleg bør vere på kontoret i GOD tid fordi eg ikkje har fått høyrt gjennom den lytteøvinga eg har tenkt til å ha i engelsktimen og fordi eg ikkje eigentleg har full kontroll på den eine av TO HEILE undervisingstimar eg har på torsdagar (ja, eg veit, torsdagar er min favorittdag på jobb, og slik sett ein god start på skuleåret).

Så når klokka blir 0705 og eg er ferdig med kaffien og klar til å gå, har eg 80% sikkert bestemt meg for at eg MÅ ta bil i dag. I tillegg seier eg til meg sjølv; eg må handle mjølk og pepsi max etterpå, og det blir ALTFOR tungt å bere DEN LANGE vegen heim.

Og så kjem eg ut, og då er det ingen tvil lenger! Det har begynt å regne litt meir (det regner alltid i Høyanger, så at det regnar er ingen god grunn i seg sjølv)!! Det regner så mykje at eg burde ha brukt paraply viss eg skulle gått. Det regnar eigentleg skikkeleg kjempemykje. Og då seier eg til meg sjølv: "Hanne, ja, du kunne ikkje ha gått til jobb i dag. Du MÅ ta bilen".

Og slik vart det.

2. Det var overraskande moro på jobb i dag. Det var hyggeleg å møte kollegaer og elevar att i dag, og no gler eg meg nesten til jobb i morgon (fy søren eg var negativt innstilt før eg starta dagen i dag; så negativt innstilt til alt at eg nesten skjønte at folk kan tykkje det er behageleg og greitt "å nave").

Og det er noko med meg og denne jobben; eg får energi av det. Og når eg får energi blir eg veldig optimistisk på egne vegne. Og det var då eg fortalde ho eg deler kontor med at eg skulle jogge etter jobb i dag. Og vi planla at eg skulle bli med på sykling og gudene veit kva utover våren.

3. Eg kjem heim - ganske tidleg, men litt seinare enn planlagt (det skjer alltid). Eg var heime 1630, og tenkte at eg no hadde god tid. Dessverre var eg noko innihampen svolten og berre måtte ha mat. NO!

Eg lagar meg brokkolisuppe. Eller det vil seie; brokkoli med suppe. Eg kokte meg ein heil brokkoli, og lagde ei slags suppe av den. Det vart ikkje så aller verst.

Det regna sidelengs, og jogging akkurat då utgjekk.

Av suppe blir du veldig fort mett, veldig trøtt og veldig svolten att.

Etter middagen la eg meg på sofaen og las nokre sider av Einar Førde-biografien (no er han blitt NRK-sjef og eg nærmar meg slutten). Om eg ikkje var trøytt før, få vart eg det i alle fall no (ikkje på grunn av Einar Førde, men på grunn av at lesing generelt fører til at eg blir trøytt).

Og kva skjer? Joda, eg sovnar. Sjølvsagt. Vi burde jo ha skjønt det, sjølv om eg sa til meg sjølv då eg var i ferd med å forsvinne frå Einar Førde; "mmm...eg skal berre sove litt, etterpå skal eg lage meg kaffi...".

Når vaknar eg? Klokka 2032. Tre timar har eg altså sove. Tre timar eg kunne brukt på jogging, yoga eller noko anna fornuftig, og heilt sikkert også ville fått meir energi av (eg pleier ikkje å kvile middag i tre timar altså; har noko med forstyrra døgnrytme å gjere....).

4. No er klokka 2128. Det eg har gjort sidan eg vakna er å skrive eit blogginnlegg om kor ubrukeleg eg er. Ein time eg kunne brukt på å vere i aktivitet - i staden for skriv eg altså om at eg burde ha vore i aktivitet. Du må jo berre elske deg sjølv etter noko slikt.

5. Eg kan sikkert berre gløyme å sove i nær framtid. Eg er så svolten at magen min skrik, og det einaste eg klarar å tenkje er: "Vil ha mat, vil ha mat, vil ha mat!".

6. Eg har fortsatt ein ambisjon om at eg skal finne fram yogamatta mi etterpå, setje på noko av meditasjonsmusikken min og bruke i alle fall ein halvtime på yoga. Då kan eg i alle fall seie med (nesten) god samvit at eg har både trent og ete sunt i dag, og at det skal bli endå betre i morgon. Og eg kan seie til ho som vil spørje meg om korleis joggeturen gjekk: "Nei, eg var meir in the mood for yoga" (og då høyrast eg jo både sporty og sofistikert ut).

7. Men i morgon startar eg for fullt altså. Eg lover!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv. Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten. Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgon

Hanne tester trappene i Høyanger

Høyanger er visstnok kjend for sine trapper. Dette heng saman med vatnforsyning og industri (eg skal finne ut meir om dette når eg skal på industrimuseet seinare i veka). Det er to trapper i Høyanger. Ei med omlag 1250 trappetrinn og ei med 2500 trappetrinn. Optimistisk som eg er bestemte eg meg for å teste den lengste av dei. Dette bilete er take rett etter at eg har gått heimanfrå. Eg bur i eit bustadområde rett på venstresida av bileteramma. Trappa kan du sjå der langt framme på fjellet omtrent midt i biletet. Du ser det som ein grå strek som går oppover. Elva er også rett ved der eg bur, og eg såg mange fiskarar på vegen fram og attende (fisking rett utanfor stovedøra, bokstaveleg talt!). Høyanger sentrum ligg i motsatt retning, altså der elva renn ut i fjorden. No ser du at eg nærmar meg. Også eg begynner å tru at det er håp om at eg skal kome fram. Litt skeptisk på om det er lov til å gå inn på området nå, og tenkjer: "neinei, eg må snu!". Då ser

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år. Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg.  Terningkast: 2  Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt? Terningkast: 5  Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det.  Terningkast: 3 Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein