Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2013

Joggemagi

I dag opplevde eg magi. Såkalla joggemagi. Eg veit ikkje kor det kom frå, men i dag klarte eg å springe ei mil. 10 km. Nesten ein halv halvmaraton. Ei heil mil, altså. Og det mens eg jogga heile tida. Eg gjekk ikkje ein einaste meter.

Eg veit ikkje kva det skuldast. Men teoriar er:

- Ei veke vinterferie og masse restitusjon?
- Vegansk kosthald?
- Kettlebelltrening kvar onsdag?
- Oppdatert speleliste på iPhonen?
- Kan eg ha kvitta meg med noko flesk som gjer at det er mindre å dra på?

Det verste var at eg ikkje hadde planlagt å springe 10 km ein gong. Det var ei impulshandling. Men som kjend; eg er på mitt beste når eg er impulsiv!

Eg har eigentleg vore ganske lat i det siste. Før denne vinterferieveka hadde eg nesten ikkje jogga på tre veker. Eg har gått litt på ski og vore på kettlebelltreningane, men elles har eg eigentleg møtt ein liten vegg. Eg har hatt meir lyst til å gjere andre ting enn å springe. Eg har skulda på sørpeføre. Etter at det vart kaldt att har eg skulda på is. Eg h…

Snart vegansk mesterkokk

Kanskje ikkje akkurat, men eg kjem meg. Endeleg har eg fått take i bruk stavmiksaren som har stått og støva ned i skåpet og eg har funne ut korleis eg kan bruke ein haug med urter og krydder som tidlegare berre har stått og gått ut på dato.

Ja, korleis går livet som veganar lurer du sikkert. Eller kanskje ikkje. Eg kjem til å fortelje om det lell.

Det går heilt fint å vere veganar heime. Til og med når du bur i Høyanger. Det du ikkje får tak i på butikkane anten her i Høyanger enn i Førde kan du kjøpe på nettet. Og det har eg gjort opptil fleire gonger allereie. Likevel må eg få gje mykje skryt til Coop Mega i Førde for eit fantastisk utval. Eg var ikkje innom butikken før torsdag i førre veke, og det var som å kome til vegansk paradis (no må du tenkje kor eg bur hen; eg bur ikkje i urbane strøk der det er veganarar på kvart gatehjørne).

Over ser du eitt av to skåp med soyaprodukt. Himmel! Vegansk ost er testa. Det smakar høgg! Soyayoghurt naturell smakar høgg. Den med blåbær er OK. S…

No skal eg sove i ei veke (men fyrst skal eg drikke vin)!

Det er vinterferie! Noko eg ikkje har hatt sidan eg sjølv gjekk på skule. Eg trur eg alltid gleda meg veldig til feriane då eg sjølv var skuleelev, men neppe så mykje som eg har gjort no.

Det å kunne ta ferie i dag var ei fantastisk kjensle! Elevane var glade for ferie, men neppe så glade som meg.

Eg har ikkje gleda meg så mykje til ferie fordi eg ikkje likar jobben min. Eg elskar fortsatt jobben min. Grunnen til at eg har gleda meg så mykje til ferie er at eg er fullstendig på etterskott - i alt eg driv med. Og at eg er noko mentalt sliten om dagen (nei, det er ingen fare for min mentale helse).

Om eg skal gjere noko i ferien? Minst mogleg. Alt eg drøymer om no er å sove lenge om morgonen og komme a jour med alt som har med jobb å gjere. Så skal eg gå på ski. Eg skal skrive ein del. Eg skal lese. Også skal eg berre slappe av. Alt skal eg gjere i Høyanger.

Folk er nesten sjokkert over at eg ikkje skal heim til Valdres eller finne på noko i ferien. Det er ikkje eg!

Eg var på farten i b…

Eg tek ikkje attval som sentralstyremedlem i Frp

På laurdag kom nyheiten om at vår nestleiar Per-Arne Olsen gjev seg i sentralstyret. Eg kjem også til å gje meg, og gav beskjed om dette rett før helga. Eg veit det ikkje er like mange som bryr seg om det, men eg tenkte eg skulle kome med grunngjeving for valet mitt for dei som lurer.

Eg har berre vore sentralstyremedlem i Frp i ei periode. Det har ikkje vore lett å ta avgjerda om å gje seg berre etter to år, men eg trur eg har take eit rett val.

Eg hadde ikkje tenkt til å bli sentralstyremedlem i Frp. Eg skulle ha ei pause frå politikken. Eg ville gjere andre ting. Eg ville berre vere Hanne Maren. Ein heilt normal person som ikkje blir knytt til eit politisk parti eller politiske verv.

Då eg fekk førespurnad om å bli sentralstyremedlem i Framstegspartiet for nesten to år sidan kom det som eit sjokk. Men eg klarte ikkje takke nei. Eg tenkte eg ville angre viss eg sa nei, og eg visste at eg truleg ikkje ville få ei slik sjanse att. For å gjere ei lang historie kort, så vart eg vald inn…

Gratulerer kjære FpU!

I dag fyller Framstegspartiets Ungdom (FpU) 35 år. Eg har kjend FpU i omtrent 14 av desse åra. Det har vore 14 fantastiske år, og eg kan takke FpU for så mykje av min kompetanse og for min personlegheit.

Eg har hatt ungdomstida mi i FpU. Frå eg var omtrent 19 år til eg gjekk av som 1.nestformann i FpU i 2010 har FpU betydd utruleg mykje for meg. FpU er organisasjonen der eg har lært politikk, liberalisme og eg har lært ufatteleg mykje om menneske.

FpU er plassen eg har lært alt eg kan om unge gutar fulle av testosteron. Eg har sjekka i FpU. Eg har flørta i FpU. Eg har vore forelska i FpU.

Eg har festa i FpU. Eg har skratta i FpU. Eg har grått i FpU. Eg har dumma meg ut i FpU.
Frå sommarleir i FpU. Sommarbrun og bild - sitt vakt ved ei stang til eit partytelt vi sette opp. 
Mine beste vener har eg fått i FpU. Eg har også møtt ein haug med folk eg ikkje sett stor pris på. Så ja; eg har også bitcha og baktalt i FpU.

Mest av alt har eg lært i FpU. Utan FpU hadde eg ikkje vore så tøff i tr…

I kveld heier eg på Margaret Berger!

Såg no nettopp at eg ikkje har skrive eit einaste Melodi grand prix-innlegg i år. Eg veit ikkje om de saknar å lese om mine overfladiske analyser av artistane i grand prix, men eg saknar det sjølv. Og dette er jo tross alt årets høgdepunkt for meg.

Eg visste eigentleg før eg høyrte låta at eg kom til å heie på Margaret Berger. Ho er ein artist eg likar og  eg visste at når ho tok valet å stille opp i MGP, så måtte det bety at ho hadde ein kanonlåt. Det har ho også. "I feed you my love" er passeleg kjølig, men med sjel. Litt utypisk grand prix og kanskje ikkje det som får meg til å danse i sofaen på grand prix-cruise på danskebåten (ja, eg var på det i fjor), men eg er sikker på at det får oss skrullene til å skrike og hyle også under årets ESC-finale. 

Kveldens hardaste konkurranse får Margaret nok frå Adelen og låta "Bombo". Det er ei skikkeleg gladlåt som allereie er på plass på spelelista mi. Litt lett kanskje, men dette får meg i skikkeleg partyhumør. Så får de…