Gå til hovedinnhold

Eg tek ikkje attval som sentralstyremedlem i Frp

På laurdag kom nyheiten om at vår nestleiar Per-Arne Olsen gjev seg i sentralstyret. Eg kjem også til å gje meg, og gav beskjed om dette rett før helga. Eg veit det ikkje er like mange som bryr seg om det, men eg tenkte eg skulle kome med grunngjeving for valet mitt for dei som lurer.

Eg har berre vore sentralstyremedlem i Frp i ei periode. Det har ikkje vore lett å ta avgjerda om å gje seg berre etter to år, men eg trur eg har take eit rett val.

Eg hadde ikkje tenkt til å bli sentralstyremedlem i Frp. Eg skulle ha ei pause frå politikken. Eg ville gjere andre ting. Eg ville berre vere Hanne Maren. Ein heilt normal person som ikkje blir knytt til eit politisk parti eller politiske verv.

Då eg fekk førespurnad om å bli sentralstyremedlem i Framstegspartiet for nesten to år sidan kom det som eit sjokk. Men eg klarte ikkje takke nei. Eg tenkte eg ville angre viss eg sa nei, og eg visste at eg truleg ikkje ville få ei slik sjanse att. For å gjere ei lang historie kort, så vart eg vald inn i sentralstyret til slutt. 

Eg har hatt snart to fine år som sentralstyremedlem i Frp. Eg har lært mykje, eg trur eg har fått påverka noko og eg er blitt kjend med ein haug med fine folk. Eg har også hatt mykje moro.
Meg og sjefen rett etter at eg vart vald inn i sentralstyret i 2011. 

Så kvifor i alle dagar gjev eg meg etter berre ei periode? Er ikkje det tåpeleg?

Eg har tenkt fram og attende om eg skal ta attval eller ikkje dei siste tre månadene. Eg har vore så usikker. Er det eit år ein bør fortsette i Frp sitt sentralstyre så er det i 2013, er det rasjonelle argumentet for attval. Vi fyller 40 år og det er stor sjanse for at vi kan kome i regjering. Likevel vel eg å gje meg. Tek eg rett avgjerd? Eg veit ikkje, men det er den avgjerda eg har take.

Det er den berømte magekjensla som slår inn. Kjensla av at du ikkje er motivert nok. Kjensla av at du ikkje har nok engasjement. Kjensla av at du ikkje har nok å medverke med. Kjensla av at du heller har lyst til å gjere andre ting enn å reise i møte.

Eg tok avgjerda i løpet av førre veke. Førre helg var eg på eit flott fylkesårsmøte i Nordland Frp. Traff mange flotte folk, og hadde det moro. Men eg tok meg sjølv i å tenkje; det hyggeligaste med dette er eigentleg å treffe hyggelege folk og det å stå på talerstolen og få oppmerksemd. Det eg brann mindre for var politikken. Sjølv om eg hadde litt lyst til å kaste meg inn i ein politisk disksujon om verneplikta.

Førre måndag hadde vi sentralstyremøte. Eg tok meg sjølv i å tenkje; eg klarar ikkje tenkje tankar som restan av dei som sitt her ikkje klarar. Og viss eg gjer det, så er det ikkje tankar som kan gjere partiet sterkare eller betre. Det er berre destruktive sure tankar og analysar om kva som ikkje går bra. Eg klarar ikkje finne ut kva som må bli gjort annleis. Eg klarar ikkje føre dette partiet vidare.

Eg har ikkje engasjementet som skal til. Eg har meir lyst til å reise jorda rundt enn å reise i møte. Eg har meir lyst til å skrive bok enn å skrive resolusjonar. Eg klarar heller ikkje tenkje ut ny politikk. Eg klarar ikkje kome med spenstige forslag. Eg vil bruke tida mi på andre ting.

Eg vil bli ein betre lærar. Eg vil ta vidareutdanning. Eg vil skrive bok. Eg vil skratte. Eg vil lære meg noko nytt. Eg vil bli kjend med nye menneske. Eg vil lære noko nytt.

Alt dette har eg meir lyst til enn å bruke tida mi på politikk. Då er det ikkje rett av meg å tvihalde på ein posisjon som det heilt sikkert finst meir engasjerte menneske som ønskjer.

Om eg kjem til å sakne partiet? Ja. Utan tvil! Alle folka. All energien. Diskusjonane. Debattane. Sa eg alle dei hyggelege folka?

Eg kjem til å gråte 26.mai når eg går ut av landsmøtesalen og veit at eg ikkje har att nokon verv i dette partiet som har vore ein så viktig del av livet mitt.

Dagen etterpå fyller eg 32 år. Det skal vere starten på det året i livet mitt då eg får gjort det eg har lagt på vent delvis på grunn av politikk. Skrive bok, få sett meir av verda, lære meg noko nytt og bli ein betre lærar.

Og ja; eg lover å engasjere meg i utdanningspolitikk. Denne gongen blir det berre ikkje som politikar, men som ei forhåpentligvis konstruktiv lærarstemme.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…