Gå til hovedinnhold

Gratulerer kjære FpU!

I dag fyller Framstegspartiets Ungdom (FpU) 35 år. Eg har kjend FpU i omtrent 14 av desse åra. Det har vore 14 fantastiske år, og eg kan takke FpU for så mykje av min kompetanse og for min personlegheit.

Eg har hatt ungdomstida mi i FpU. Frå eg var omtrent 19 år til eg gjekk av som 1.nestformann i FpU i 2010 har FpU betydd utruleg mykje for meg. FpU er organisasjonen der eg har lært politikk, liberalisme og eg har lært ufatteleg mykje om menneske.

FpU er plassen eg har lært alt eg kan om unge gutar fulle av testosteron. Eg har sjekka i FpU. Eg har flørta i FpU. Eg har vore forelska i FpU.

Eg har festa i FpU. Eg har skratta i FpU. Eg har grått i FpU. Eg har dumma meg ut i FpU.
Frå sommarleir i FpU. Sommarbrun og bild - sitt vakt ved ei stang til eit partytelt vi sette opp. 

Mine beste vener har eg fått i FpU. Eg har også møtt ein haug med folk eg ikkje sett stor pris på. Så ja; eg har også bitcha og baktalt i FpU.

Mest av alt har eg lært i FpU. Utan FpU hadde eg ikkje vore så tøff i trynet og hardhuda som eg er no. Eg har lært tale- og debatteknikk i FpU. Eg måtte lære meg å bli høgrøsta i FpU. Eg har lært ideologi og liberalisme i FpU. Tru det eller ei, men eg har også lært å bli feminist i FpU. Eg har når alt kjem til alt lært å bli eit betre menneske i FpU.

Eg kursar nye medlemmar i utdanningspolitikk på sommarleir i FpU

Eg har så mykje å takke FpU for. Eg trur eg ville vore ein dårlegare lærar utan FpU. Eg ville vore mindre reflektert. Eg ville fortsatt ha grua meg til å ta ordet i forsamlingar. Eg ville hatt mindre sjølvtillit og eg ville vore meir hårsår. 

Det er også meget mogleg at eg ville vore gift og hatt ungar utan FpU. FpU har nok gjort at eg har tvihalde på ungdommen. FpU har nok også gjort at eg har fått eit trøblete forhold til folk av det motsette kjønn. Eg skal ikkje gå mykje inn i denne analysa, men det er som ei veninne av meg brukar å seie: "Er det rart vi er kyniske og ikkje klarar forelske oss i menn når vi har hatt ungdomstida vår i FpU?". Eg ville ikkje ha bytta bort ungdomstida mi mot meir naivisme. Eg trivst eigentleg ganske bra. 

Meg og gutta. Eg var einaste kvinnelege sentralstyremedlem i fire år (to av dei som nestformann). Du blir truleg litt påverka av slikt. 

Det har vore trist å bli for gammal for FpU. Det var trist å gje seg som 1.nestformann. Men tida var så inne for akkurat det då. På eit eller anna tidspunkt må du gje slepp på det som har vore bra i livet ditt også. Eg gav slepp på FpU i 2010, men kjem alltid til å tenkje attende på FpU med glede. Denne utskjelte organisasjonen som har vore gjennom fleire skandaler enn du skulle tru var mogleg. 

Meg på mitt siste landsmøte i FpU. Formann til venstre og 2.nestformann til høgre. Dei var begge kjend for å vere større liberalistar enn meg, noko du ser her på stemmegivinga. 

Eg vil gratulere mitt kjære FpU med 35-årsdagen. Eg vil også få gratulere alle medlemmar av denne fantastiske organisasjonen. Organisasjonen som fortsatt står på beina, til tross for alt han har vore gjennom. Ta godt vare på åra dine i FpU. Du kjem nemlig til å sakne tida di der når du blir vaksen, og  vil alltid minnast festane, konferansene og intrigene med eit smil.  


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv. Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten. Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgon

Hanne tester trappene i Høyanger

Høyanger er visstnok kjend for sine trapper. Dette heng saman med vatnforsyning og industri (eg skal finne ut meir om dette når eg skal på industrimuseet seinare i veka). Det er to trapper i Høyanger. Ei med omlag 1250 trappetrinn og ei med 2500 trappetrinn. Optimistisk som eg er bestemte eg meg for å teste den lengste av dei. Dette bilete er take rett etter at eg har gått heimanfrå. Eg bur i eit bustadområde rett på venstresida av bileteramma. Trappa kan du sjå der langt framme på fjellet omtrent midt i biletet. Du ser det som ein grå strek som går oppover. Elva er også rett ved der eg bur, og eg såg mange fiskarar på vegen fram og attende (fisking rett utanfor stovedøra, bokstaveleg talt!). Høyanger sentrum ligg i motsatt retning, altså der elva renn ut i fjorden. No ser du at eg nærmar meg. Også eg begynner å tru at det er håp om at eg skal kome fram. Litt skeptisk på om det er lov til å gå inn på området nå, og tenkjer: "neinei, eg må snu!". Då ser

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år. Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg.  Terningkast: 2  Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt? Terningkast: 5  Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det.  Terningkast: 3 Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein