Gå til hovedinnhold

I kveld heier eg på Margaret Berger!

Såg no nettopp at eg ikkje har skrive eit einaste Melodi grand prix-innlegg i år. Eg veit ikkje om de saknar å lese om mine overfladiske analyser av artistane i grand prix, men eg saknar det sjølv. Og dette er jo tross alt årets høgdepunkt for meg.

Eg visste eigentleg før eg høyrte låta at eg kom til å heie på Margaret Berger. Ho er ein artist eg likar og  eg visste at når ho tok valet å stille opp i MGP, så måtte det bety at ho hadde ein kanonlåt. Det har ho også. "I feed you my love" er passeleg kjølig, men med sjel. Litt utypisk grand prix og kanskje ikkje det som får meg til å danse i sofaen på grand prix-cruise på danskebåten (ja, eg var på det i fjor), men eg er sikker på at det får oss skrullene til å skrike og hyle også under årets ESC-finale. 


Kveldens hardaste konkurranse får Margaret nok frå Adelen og låta "Bombo". Det er ei skikkeleg gladlåt som allereie er på plass på spelelista mi. Litt lett kanskje, men dette får meg i skikkeleg partyhumør. Så får det heller vere at ho sang surt som berre det etter ho vart kåra til vinnar førre laurdag:


Elles er det mykje grusomt og kjedeleg i årets finale. Trøsten er at det er ikkje mykje betre i Sverige i kveld. Dei har delfinale på same tid som vi har finale her, og låtane der er stort sett veldig kjedelege og platte (inkludert den mykje omtalte låta til Tone Damli). Så i kveld held eg meg nok på nrk sin nett-tv og ikkje på svt.se. Forøvrig så heier eg alltid på Sean Banan. 

Min rangering av låtane i kveldens norske finale

1. Margaret Berger - I feed you my love
2. Adelén - Bombo
3. Annsofi - I'm with you (at denne får pallplass seier alt om konkurransen)
4. Sirkus Eliassen - I love you Te Quiero
5. Gaute Ormåsen - Awake (mest fordi han er så pen)
6. Vidar Busk - Paid my way (ikkje heilt min type musikk, men høg plassering seier noko om resten av startfeltet)
7. Lucky Lips - Sweet and heavy
8. Datarock - The underground
9. Fjellfolk - Ulvetua (det kan vere så nasjonalromantisk det berre vil - dette er BORING)
10. Gromth feat. Emil Solli-Tangen - Alone (Eg får vondt. EG FÅR VONDT!)

Korleis skal eg feire kvelden? På sofaen framfor pc-skjermen (dette er einaste gong i året eg saknar tv) med pepsi max heilt mutters åleine. Hard fest i går gjer at tanken på vin og dansing i sofaen gjer meg dårleg. Men mens eg under kvar einaste nasjonale finale dei siste åra har vore oppteken i politiske møte, ser eg fram til at eg skal vere heilt åleine i mitt eige selskap no i kveld. Meg og Melodi Grand Prix. Elles heilt stille. Det kan ikkje bli vakrare enn det. 


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…