Gå til hovedinnhold

Joggemagi

I dag opplevde eg magi. Såkalla joggemagi. Eg veit ikkje kor det kom frå, men i dag klarte eg å springe ei mil. 10 km. Nesten ein halv halvmaraton. Ei heil mil, altså. Og det mens eg jogga heile tida. Eg gjekk ikkje ein einaste meter.

Eg veit ikkje kva det skuldast. Men teoriar er:

- Ei veke vinterferie og masse restitusjon?
- Vegansk kosthald?
- Kettlebelltrening kvar onsdag?
- Oppdatert speleliste på iPhonen?
- Kan eg ha kvitta meg med noko flesk som gjer at det er mindre å dra på?

Det verste var at eg ikkje hadde planlagt å springe 10 km ein gong. Det var ei impulshandling. Men som kjend; eg er på mitt beste når eg er impulsiv!

Eg har eigentleg vore ganske lat i det siste. Før denne vinterferieveka hadde eg nesten ikkje jogga på tre veker. Eg har gått litt på ski og vore på kettlebelltreningane, men elles har eg eigentleg møtt ein liten vegg. Eg har hatt meir lyst til å gjere andre ting enn å springe. Eg har skulda på sørpeføre. Etter at det vart kaldt att har eg skulda på is. Eg har eigentleg funne veldig mange unnskuldningar for å sleppe unna jogginga. Tenkt at det er jo leeeeenge til 1.juni når eg skal springe halvmaraton.

I førre veke hadde eg treningspause på fire dagar på grunn av stølhet (åååå, gymlærarane på skulen ville himla med augo av meg; ikkje trene fordi du er støl! Ungdommen no til dags!). Før kettlebelltrening onsdag, så vart eg nemleg lokka med av treningsmafiaen her i Høyanger på ein time basistrening fyrst. Og sjølv om eg ikkje tok meg heilt ut den fyrste timen, så var kjernemuskelaturen min heilt øydelagt i fleire dagar. Det fine med det? Jo; å oppdage at ein faktisk har magemusklar!

Men i dag ja. Du vil vite kva som skjedde i dag?

Jo; eg sprang ut då sola stod opp klokka 1430 (vi har omlag ein og ein halv time sol om dagen no). Eg hadde ein plan om å springe fem kilometer. Det gjekk leikande lett dei fyrste to kilometra, litt verre på kilometer nummer tre. På kilometer fire og fram til fem gjekk det så lett at eg tenkte; jammen kan eg ikkje berre fortsette? Så eg fortsette. Eg klarte meg opp stigninga. Veit eg er ferdig med den verste biten då, og at eg har svak nedoverbakke dei siste tre kilometra. Då tenkjer eg; "Hanne! Tenk så stolt du er viss du klarar å springe heile runda på ti kilometer no!". Så eg gjorde det.

Lett som berre det! Og det verste er at eg trur eg kunne klart nokre meter til viss eg hadde pressa meg sjølv litt.

Fort går det ikkje. Eg brukar over ein time på 10 km, og spring med ein fart på omtrent 9 km/t. I følgje dama på Runkeeper.

Men berre at eg klarar å springe 10 km gjev meg håp om at eg faktisk kan klare å springe 21 km 1.juni. Og eg forstår endeleg logikken i Pappa (han spring mange maraton!) sin påstand om at viss eg klarar springe 13-14 km så klarar eg 21 km også. Før i dag hadde eg nemleg aldri jogga lenger enn 5 km. Men likevel gjekk det fint å springe 10 km.

Så kva gjer eg no? Jo; no veit eg at eg kan. No gjeld det å få meir fart i beina. Det er no det verste begynner, trur eg. No må eg fyrst sette meg som mål å springe 10 km på under ein time. Det blir seigt. Eg må truleg begynne med intervalltrening. Det er pyton! Meir pyton enn kettlebelltrening. Men jada, som han blide treningsguruen Yngvar på Nrk seier; det skal gjere vondt å trene! Og det må gjere vondt viss du skal ha framgang. Jada. Eg skjønner det. Men det er best å ha det behageleg, meiner no eg.

Men eg får heller overleve at det gjer litt vondt eit par-tre gonger i veka viss eg skal få oppleve maratonmagi 1.juni. Det er det heilt sikkert verdt!

Og tenk på all cavaen eg kan drikke etterpå! Fordi eg fortener det!

Kommentarer

  1. Eg har trent i TI ÅR, men ALDRI orka å springe ei heil mil. Vel å merke var det Yoga i går og styrketrening i dag. Men slikt har eg berre tid til når eg er arbeidslaus. Godt eg har kome til eit stadium i livet der eg ikkje samanliknar meg så mykje med andre lenger :p

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…