Gå til hovedinnhold

No skal eg sove i ei veke (men fyrst skal eg drikke vin)!

Det er vinterferie! Noko eg ikkje har hatt sidan eg sjølv gjekk på skule. Eg trur eg alltid gleda meg veldig til feriane då eg sjølv var skuleelev, men neppe så mykje som eg har gjort no.

Det å kunne ta ferie i dag var ei fantastisk kjensle! Elevane var glade for ferie, men neppe så glade som meg.

Eg har ikkje gleda meg så mykje til ferie fordi eg ikkje likar jobben min. Eg elskar fortsatt jobben min. Grunnen til at eg har gleda meg så mykje til ferie er at eg er fullstendig på etterskott - i alt eg driv med. Og at eg er noko mentalt sliten om dagen (nei, det er ingen fare for min mentale helse).

Om eg skal gjere noko i ferien? Minst mogleg. Alt eg drøymer om no er å sove lenge om morgonen og komme a jour med alt som har med jobb å gjere. Så skal eg gå på ski. Eg skal skrive ein del. Eg skal lese. Også skal eg berre slappe av. Alt skal eg gjere i Høyanger.

Folk er nesten sjokkert over at eg ikkje skal heim til Valdres eller finne på noko i ferien. Det er ikkje eg!

Eg var på farten i både haustferien og i juleferien, og eg vart ikkje utkvilt. No ønskjer eg berre å vere her i Høyanger og få unna alt eg stressar med. Eg skal rette to prøver, eg skal sortere papir og dokument og eg skal planlegge mykje av undervisinga fram til påskeferien (som berre er fire veker etter vinterferien er over).

Eg veit ikkje om det er eit dårleg teikn når det eg gler meg mest til berre er å vere åleine. Kose meg i eige selskap. Det er vel i alle fall fyrste sikre teikn på eit liv som evig singel. Men eg kan ikkje tenke meg noko betre akkurat no.

Korleis går eg inn i ferien? Med dadler og ei flaske cava. Tenkte eg skulle kose meg i eige selskap mens eg skriv på den boka eg desperat prøver å få ferdig.

Kva skjer alltid når du planlegg litt etterlengta åleinetid? Jo; sjølvsagt blir eg invitert til å vere med på pubquiz her i Høyanger. Hadde eg berre hatt ei helg, så kanskje eg ville takka nei. Men no tenkjer eg at eg har ei heil veke framfor meg der eg skal rekke skriving, jobbing, trening, lesing og soving. Det er det fine med feriar. Du har alltid store ambisjonar over kva du skal rekke i starten på han.

Og det fine med Høyanger? At det alltid er folk her som er klare for å dra ut ein i overkant asosial lærar, slik at eg faktisk kjem meg ut blant folk!

God ferie alle saman!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…