Gå til hovedinnhold

Snart vegansk mesterkokk

Kanskje ikkje akkurat, men eg kjem meg. Endeleg har eg fått take i bruk stavmiksaren som har stått og støva ned i skåpet og eg har funne ut korleis eg kan bruke ein haug med urter og krydder som tidlegare berre har stått og gått ut på dato.

Ja, korleis går livet som veganar lurer du sikkert. Eller kanskje ikkje. Eg kjem til å fortelje om det lell.

Det går heilt fint å vere veganar heime. Til og med når du bur i Høyanger. Det du ikkje får tak i på butikkane anten her i Høyanger enn i Førde kan du kjøpe på nettet. Og det har eg gjort opptil fleire gonger allereie. Likevel må eg få gje mykje skryt til Coop Mega i Førde for eit fantastisk utval. Eg var ikkje innom butikken før torsdag i førre veke, og det var som å kome til vegansk paradis (no må du tenkje kor eg bur hen; eg bur ikkje i urbane strøk der det er veganarar på kvart gatehjørne).

Over ser du eitt av to skåp med soyaprodukt. Himmel! Vegansk ost er testa. Det smakar høgg! Soyayoghurt naturell smakar høgg. Den med blåbær er OK. Soyarømme er også ok. Smøreost endå ikkje testa, men har ikkje store forhåpningar. Soyamjølk er godt. Spesielt i kaffi latten.

Kva fann eg også på Coop Mega i Førde? Jo; vidunderkrydderet som blir brukt i ein haug med veganske oppskrifter. Røkt paprikapulver! Nei; det er ikkje som vanleg paprikapulver. Og dette blir påstått å vere utruleg vanskeleg å finne i norske butikkar. Og kor har dei det hen? I FØRDE!! Og no er det også i mitt krydderskåp.

Kva brukar du røkt paprikapulver i? Det meste. Og det gjev ein slags røkt smak, som du kan finne som smakstilsetting i mange kjøttrettar. Det er rett og slett berre eit himmelsk krydder som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje har brukt før.

I dag har eg lagd seitan. Det er ei slags guffe sett saman av krydderet over, glutenmjøl, næringsgjær og andre krydderi. Kva brukar du det til? Jo til dømes innbakt i filodeig tilsett "cashewost" og diverse. Oppskrift henta frå fantastiske www.vegetarbloggen.no. Det var ein utruleg god rett dagen derpå - sakna ikkje pizza i det heile take!

For å lage seitan blandar du alt det over saman i ein deig og koker det i over ein time. Då ser det slik ut



Jada. Det ser sikkert ikkje så pokkers delikat ut. Men ser verkeleg kjøttdeig delikat ut? Eller First Price ferdiglasagne? Neppe!

Alt i alt trivst eg utruleg godt som veganar. Eg er blitt sunnare. Eg lagar stort sett all mat frå botn av, og eg et ein haug med grønsaker.

Og eg kan fortsatt drikke cava og ete dadlar. Meir treng eg eigentleg ikkje for å vere lukkeleg.

Når treff eg på dei største utfordringane som veganar?

Ikkje på pauserommet på jobb når eg smører på påleggsguffa mi på knekkebrøda mine (jada, eg har møtt mange skeptiske ansikt, store grin og udanna spørsmål, men det tåler eg! :)).

Det er faktisk vanskelegast å vere veganar når eg er ute og reiser. Som to veker sidan då eg var i møte og budde på hotell i tre dagar. Eg måtte berre gje opp då. Det er festaost i salaten, det finst ikkje soyayoghurt ved frukostbordet og det er ikkje mogleg å overleve på berre poteter og salat. Så eg måtte bite i det sure eplet og ha ei helg med mjølkeprodukt.

Men no er eg back on track, men gruar meg allereie til neste gong eg skal ut for å reise.

Kommentarer

  1. OI, da har du kommet langt! Soyayoghurt er ikke noe godt, enig! Heller ikke hoteller har kommet langt. Men vi står på! Liker du bønner, kikerter o.l.?

    SvarSlett
  2. Ser ut som du klarer deg kjempebra :) Seitan og greier, det har ikke jeg prøvd meg på ennå, etter snart 4 år som veganer. Jeg er imponert!

    Er det Alpro soyayoghurt naturell du har smakt? Jeg synes den er supergod. Ikke å spise i seg selv, men i dip og dressinger er den perfekt!

    SvarSlett
  3. Dyrevennlig: Eg et mykje bønner og kikerter. Hummus er favorittgreia mi. Har det på alt! Men tek gjerne i mot fleire tips!

    Jane: Det er Alpro sin soyayoghurt eg har prøvd ja. Til frukost med frukostblanding rett nok, så kanskje eg skal teste han i dressingar. Men tykte den hadde ein slags merkeleg ettersmak! :) Oppskriftsarkivet på bloggen din er også blitt flittig brukt. Tusen takk for mykje inspirasjon! :)

    SvarSlett
  4. Skjønner at det er ikke lett å være veganer på reise, men man lærer seg noen gode løsninger etter noen mnd og år som veganer ;) Ang ost så synes jeg at Tofutti revet ost og Cheezly er generelt best på smak og konsistens. Kanskje du vet at man må smake på det samme 7 ganger før du blir vant med smaken? Før likte jeg ikke rismelk, nå drikker jeg Ricedream nesten hver dag! Og det finnes flere bøker med oppskrifter på vegansk hjemmelaget ost, kanskje noe for deg? Alpros yoghurt bruker jeg som oftest til div dressinger eller i bakst :) Men vil du ha en annen alternativ løsning for yoghurt, så finnes det dette - https://www.allergimat.no/butikk/s/products/view.html?p=1509515&c=6006&g=false&ref=search

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…