Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2013

Kjære alle lærarar som hadde meg som elev på ungdomsskulen!

Dette skal bli ein hyllest til alle lærarar som hadde meg som elev på ungdomsskulen. Eg har aldri fått takka dykk for jobben de gjorde, og eg håper at regelen "bedre seint enn aldri" gjeld også for dykk.

Ungdomsskulen var, utan tvil, dei tre verste åra i livet mitt. Det handlar ikkje om at skulen var dårleg eller at lærarane var dårlege. Det handlar om meg. Det handlar om ungdomstid. Det handlar om dårleg sjølvtillit. Det handlar om usikkerheit. Det handlar om at du ikkje evnar å sette pris på noko som helst av det som er rundt på deg.

Aldri har eg vel vore meir sjølvsentrert enn desse åra på ungdomsskulen; aldri har eg vel heller vore meir usikker på meg sjølv.

Korleis var eg i åra mellom 13 og 15 år? Eg hugsar ikkje. Men eg trur eg var sur. Pottesur. Eg trur eg var i opposisjon. Mot alt. Eg hata livet mitt. Hata lærarane. Hata skulen. Hata foreldra mine.

Ikkje slik eigentleg altså, men det var det eg gav uttrykk for. Eg trur ikkje eg ein einaste gong i løpet av desse åra p…

Eg er så motbydeleg at eg nesten spyr av meg sjølv!

Som eg har gjort narr av desse folka som er treningsgale! Som lever og andar for den treningsøkta dei tek fem gonger i veka, og som ikkje gjer anna enn å prate om treninga dei har gjennomført eller skal gjennomføre. Som ser uforskamma spreke ut der dei vandrar rundt i treningsantrekket sitt, og som melder seg på diverse konkurranser for å vise heile verda kor spreke dei er.

"Har du problem med deg sjølv?" har eg vel tenkt veldig mange gonger om desse folka, og tenkt at dei må ha skrekkeleg dårleg livskvalitet.

På måndag tok eg meg sjølv i å nesten spy av meg sjølv.

Eg satt på med ein kollega på veg til kettlebelltrening. Ho seier: "Det var deg eg såg jogga i stad, var det ikkje? Eg vart difor litt overraska over at du skulle bli med på kettlebelltrening også".

Eg svarar: "Ja, det var meg (for fyrste gong under tretti minutt på fem kilometer!), men herregud, det var jo berre ein halvtime, så tok eg meg ein smoothie (med proteinpulver), og så vart eg berre kjemp…