Gå til hovedinnhold

Eg er så motbydeleg at eg nesten spyr av meg sjølv!

Som eg har gjort narr av desse folka som er treningsgale! Som lever og andar for den treningsøkta dei tek fem gonger i veka, og som ikkje gjer anna enn å prate om treninga dei har gjennomført eller skal gjennomføre. Som ser uforskamma spreke ut der dei vandrar rundt i treningsantrekket sitt, og som melder seg på diverse konkurranser for å vise heile verda kor spreke dei er.

"Har du problem med deg sjølv?" har eg vel tenkt veldig mange gonger om desse folka, og tenkt at dei må ha skrekkeleg dårleg livskvalitet.

På måndag tok eg meg sjølv i å nesten spy av meg sjølv.

Eg satt på med ein kollega på veg til kettlebelltrening. Ho seier: "Det var deg eg såg jogga i stad, var det ikkje? Eg vart difor litt overraska over at du skulle bli med på kettlebelltrening også".

Eg svarar: "Ja, det var meg (for fyrste gong under tretti minutt på fem kilometer!), men herregud, det var jo berre ein halvtime, så tok eg meg ein smoothie (med proteinpulver), og så vart eg berre kjempemotivert for meir trening".

Eg høyrer det. Ho høyrer det. Eg er kvalm! Vi er kvalme i lag!

Vi sitt der og diskuterer kor mykje vi har trent sidan sist. Våre mål og kva vi har oppnådd så langt. Vi er nesten i ferd med å spy av oss sjølve.

På kettlebelltrening utbryt vi ved fyrste lille pause:

"Pause allereie no. Herregud, vi har jo så vidt begynt". Vurderer å ta ein tur opp i ribbeveggen i pausa eller fortsette med kettlebelløvingar i pausene berre for å vere ekstra kvalme. Diskuterer høglytt at vi tykkjer treninga går leikande lett og "at det slettest ikkje er så tungt i dag".

Finn ut at den dagen vi fortel kvarandre på fest at vi ikkje burde drikke alkohol fordi det øydelegg for treninga, må vi vurdere mental hjelp.

På turen heim frå kettlebelltrening planlegg vi Bergenshelg, mens vi skryt av kor spreke vi er og kor mykje framgang vi har hatt.

Kva skal vi gjere i Bergen? Ikkje det vi gjorde sist vi var i Bergen i lag, for å seie det slik.

Vi skal springe 5 km under Bergen maraton 26.april.

To av tre planlagte jenteturar framover handlar om trening. Eg skal springe 5 km 26.april og eg skal springe halvmaraton 1.juni. Trening er plutseleg blitt den nye moroa.

Velkomen til panikkalderen!

Når eg møter på kollegaer i gangen på jobb spør vi: "Trening i kveld?" eller vi fortel om kor langt eller fort vi sprang i går.

I morgon er det intervalltrening med kollega etter jobb. Det har sikkert alle kollegaene våre fått med seg. Eg trur dei er i ferd med å spy av oss.

Hadde det vore meg som hadde overhøyrt nokon planlegge neste intervalløkt hadde i alle fall eg tenkt: "Fy søren, eg spyr av deg! Mogleg du har eit kjedeleg liv, men ver snill og ikkje plag andre folk med denne panikkalderen din!".

Kommentarer

  1. Herlig, herlig! Kjenner meg dessverre litt igjen i sykdomsbeskrivelsen. Jeg har et fullt sett med kettlebells hjemme. Jeg skal dessuten komme fra USA som certified kettlebell instructor. Har eksamenen den 23. mai ;-).

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…