Gå til hovedinnhold

Kjære alle lærarar som hadde meg som elev på ungdomsskulen!

Dette skal bli ein hyllest til alle lærarar som hadde meg som elev på ungdomsskulen. Eg har aldri fått takka dykk for jobben de gjorde, og eg håper at regelen "bedre seint enn aldri" gjeld også for dykk.

Ungdomsskulen var, utan tvil, dei tre verste åra i livet mitt. Det handlar ikkje om at skulen var dårleg eller at lærarane var dårlege. Det handlar om meg. Det handlar om ungdomstid. Det handlar om dårleg sjølvtillit. Det handlar om usikkerheit. Det handlar om at du ikkje evnar å sette pris på noko som helst av det som er rundt på deg.

Aldri har eg vel vore meir sjølvsentrert enn desse åra på ungdomsskulen; aldri har eg vel heller vore meir usikker på meg sjølv.

Korleis var eg i åra mellom 13 og 15 år? Eg hugsar ikkje. Men eg trur eg var sur. Pottesur. Eg trur eg var i opposisjon. Mot alt. Eg hata livet mitt. Hata lærarane. Hata skulen. Hata foreldra mine.

Ikkje slik eigentleg altså, men det var det eg gav uttrykk for. Eg trur ikkje eg ein einaste gong i løpet av desse åra på ungdomsskulen gav uttrykk for glede eller at eg var glad for den jobben menneska rundt meg gjorde for meg. Anten det var prat om gode undervisingsopplegg frå lærarane eller det foreldra mine gjorde for meg.

Kvifor føler eg for å takke for jobben lærarane gjorde for meg på ungdomsskulen akkurat no? Nesten tjue år etterpå?

Sjølvsagt fordi eg er blitt ungdomsskulelærar sjølv. Eg lev i ein kvardag der eg kvar einaste dag blir møtt av ungdom som har reaksjonsmønster som minnar meg overraskande mykje om meg sjølv på den alderen.

Aldri tilfreds. Klagar på alt. Alt er kjedeleg. Skulen er pyton. Lærarane er teite. Lærarane behandlar oss urettferdig. Lærarane vil oss vondt. Livet er pyton. Alt går til helvete. Ingenting er moro. Drittliv!

Det er ikkje rart om lærarane mine på ungdomsskulen må ha følt at dei aldri gjorde noko som var bra nok. Kor mange gonger fortalde eg læraren min: "Fy søren; dette undervisingsopplegget var bra! I dag lærte eg kjempemykje!". Eg gjorde nok aldri det.

Så eg skal gjere det no:

- Til norsklærar Aud Solveig som lærte meg å lage avsnitt, som lærte meg å lage gode intervju og som fekk meg til å interessere meg for dialektar (som eg hugsar undervisinga di om målmerke og dialektar). Sitat eg hugsar: "Ikkje lag hybrid-avsnitt" og "Unngå for all del ping-pong-intervju. Det er noko eg tek med meg til mine elevar.
- Til kontaktlærar Arne som ringte foreldra mine og fekk dei til å kome på møte på skulen fordi eg hadde vore ufyseleg. Eg hugsar ikkje kva eg hadde gjort, men eg hugsar kor flau eg var då begge(!) foreldra mine møtte opp. Og korleis eg grein og grein (om ikkje under møtet, så etter møtet).
- Til kontaktlærar Arne som fann ut du skulle gje meg ei krone per minutt eg klarte å vere stille i ein time (det vart ti kroner). Kanskje ikkje heilt etter boka, men eg hugsar det. Og eg trur eg tok poenget!
- Til kontaktlærar Arne som alltid lot meg få rette på nynorsken din på tavla, utan å bli sint.
- Til kontaktlærar og mattelærar Arne som fekk meg å tru at eg hadde potensial for å klare ein S i matte om eg berre gadd jobbe litt meir (det gadd eg sjølvsagt ikkje).
- Til naturfagslærar Henning, som fekk meg til å interessere meg for Darwin og evolusjon. Undervisinga di var botnsolid og interessant, sjølv om vi sikkert gav uttrykk for at det var "drittkjedeleg".

Eg har i år undervist i valfaget "Forsking i praksis". Eg har ikkje takla det i det heile take. Eg har grua meg til kvar einaste gong fordi eg føler eg ikkje strekk til. Eg har følt elevane har kjeda seg og vore drittleie (og det i eitt fag dei har ønskja seg sjølv). Vi avslutta rett før påske, og eg be elevane om ei enkel evaluering. Kva var bra? Kva kunne vore betre? Anonymt sjølvsagt.

Eg har lese gjennom evalueringane. Og dei syner at elevane alt i alt er nøgde. Dei har hatt det moro - det skriv dei i alle fall.

Kva har eg følt? At det har vore pyton for dei! Eg har følt meg sur. Eg har ikkje følt eg har vore flink nok. Eg har ikkje følt meg kreativ nok. Og eg føler elevane har gjeve uttrykk for at dei ikkje trivst. Evalueringane syner at dei faktisk ikkje har hatt det så aller verst. Overraskande nok.

Kva for bodskap gav eg til lærarane mine på ungdomsskulen? Truleg at alt var pyton og at ingenting var moro. Ikkje ein gong det eg hugsar no, var eg sikkert positiv til då. Som då eg hadde det artig i mitt valfag då vi lagde skuleavis og eg fekk vere redaktør. Var eg positiv då? Neppe!

Så takk alle de kjære lærarar som hadde meg som elev på ungdomsskulen. Eg lærte mykje av dykk. Og hadde mykje moro. Min negativitet skuldast eine og åleine at eg ikkje var trygg nok på meg sjølv til å gje dykk positive attendemeldingar på jobben de gjorde.

Dårlege minner? Har eg det? Sjølvsagt! Men dei skal eg sjølvsagt halde for meg sjølv.

Kommentarer

  1. Takk for det! Berre vent til du startar som lektor i vidaregåande skule; då kjem du til å kjenne på dette ofte! :)

    Fint at eg kan gje noko attende til deg også - eg storkosar meg med bloggen din! Vil ha meir, meir, meir der også!

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…