Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra april, 2013

Eurovision song contest - desse er best!

No er det berre ein månad til Eurovision song contest. Det er utan tvil det eg gler meg mest til om dagen (med unntak av sommarferie, men det er jo lenge til). Det er, som vanleg, mykje ræl i årets ESC. Meir enn i fjor faktisk. Det er vanskeleg å finne gode låtar og ein klar favoritt.

Eg har likevel funne fram til nokre låtar deg ikkje får lyst til å rive av meg armen når eg høyrer. Det er nokon av dei (eg skal lage ein bloggpost med det største rælet seinare). Så her kjem lista over hørbare låtar med potensial for å få stemme frå meg i årets ESC.


Sveits -  Takasa: "You and Me"


Ikkje av favorittane i årets konkurranse, men eg liker denne låta. Denne kan eg faktisk høyre på mens eg skriv, les eller berre rydder. Potensial for stemme frå meg.


San Marino - Valentina Monetta: "Crisalide"


Tenk at dette er same dama som deltok med "Social network song" i fjor. Frå makkverk av ein song til ein av dei verkeleg store favorittane mine i år. Dette er nyyydeleg. Det er…

Redd skulen vår!

Fakkeltog for Høyanger vidaregåande skule i går
Eg har aldri vore skikkeleg engasjert i skulenedleggingssakar. Det har aldri rørt meg direkte. Eg har heller stått utanfor og sett på engasjement i slike sakar med ein viss fascinasjon. Eg har sett og høyrt folkemengdene som påstår at alt går ad undas om skulen deira blir lagt ned. Ein debatt farga i svart-kvitt. Det er dei onde mot dei gode. Alt handlar om å redde skulen, elles kan det eigentleg vere det same med alt anna. Forsvinn skulen, døyr lokalsamfunnet og så vidare.

Eg har vore med å legge ned skular som lokalpolitikar. Det vil seie; vi la eigentleg berre ned ein skule, og argumenta for å legge ned var gode. For lite elevmiljø er ikkje sunt det heller. Eg trur det går ei smertegrense for kor liten ein skule kan vere. Uansett så er slike debattar vanskelege. Det er ikkje svart-kvitt. Det er ofte gode argument både for det eine og det andre. Det eg trur på er tydelege skuleeigarar som tek ei avgjerd og står ved den. Ofte ser vi des…

Kom indre motivasjon!

Livet er eigentleg ganske fint utan for mange fristar. For mykje press. For mykje du berre MÅ gjere. Eg trivst eigentleg veldig fint utan. Eg har hatt få fristar det siste året. I alle fall etter at eg slutta å skrive for "Dagsavisen". No har eg eigentleg ikkje hatt andre fristar enn dei eg sett for meg sjølv.

Eg kjenner meg sjølv. Eg veit at den indre motivasjonen ofte ikkje er nok. Eg treng fristar. Eg jobbar best under press. Eg klarar ikkje levere om ingen andre pressar meg til å levere. Det er eit forbanna ork, men det fungerer.

Det er liksom ein grunn til at eg aldri får fullført denne boka mi (mykje artigare å reise på fest, lese bok, sjå på filmar eller henge på Facebook). Det er ein grunn til at eg ikkje klarar å oppdatere bloggen min så ofte. Og det er ein grunn til at desse fantastisk kreative undervisingsopplegga mine aldri blir realisert. Eg manglar fristar. Og ytre press.

Heldigvis er eg også ein person som sjeldan seier nei til ting (anten det er prat om ein g…

Høyanger i eitt år til!

I natt drømde eg at eg flytta attende til Vågå. Eg skulle ikkje attende i same jobb, men skulle begynne å jobbe som lærar på Vågåmo skule. Der var det berre rot. Dei hadde tilsett ny rektor (eg hugsar ikkje kven dette mennesket var), og ingen visste kor eg skulle brukast hen. Men det var stor sjanse for at eg vart spes.ped-lærar på småskulen. Ikkje akkurat drømmesituasjonen, og eg trur ikkje eg følte meg spesielt lykkeleg. Det var sikkert difor eg vakna.

Eg har ikkje prøvd meg på å tolke draumen. Eg trur ikkje eg gidd det heller. Berre konstatere at Vågåmo skule har mykje betre system i verkelegheita enn i draumen min. Og at draumen nok ikkje handla om Vågå, men om at eg har take avgjerd om å bli i Høyanger eitt år til. Og at eg trur det er rett avgjerd.

Eg er heldig. Eg har fridom til å flytte kor eg vil hen. Gjere det eg ønskjer. Det er slik eg liker å ha det. Det betyr også at viss eg ikkje er nøgd med livet mitt eller jobben min, treng eg ikkje tenkje på andre enn meg sjølv viss e…