Gå til hovedinnhold

Bieberhysterikarane


Nei, eg pratar ikkje om 13 år gamle jenter som er håplaust forelska i Justin Bieber. Eg pratar om vaksne folk som går fullstendig bananas for at nokre skular i Noreg bestemte seg for å flytte tentamen på grunn av Justin Bieber-konsertane.  Desse Bieberhysterikarane skrik ut om at dette kan sende ut signal om at Justin Bieber er viktigare enn skulen. Trøste og bære!

Av den generelle læreplanen følgjer det at vi som lærarar både skal stimulere, utnytte og danne motvekt til den kulturen ungdom skaper sjølve.

Det er ikkje berre lett å vite kva dette betyr, men vi kan i alle fall vere einige om at det er viktig for skulen å vere oppdatert på det som skjer utanfor klasserommet. I tillegg skal vi faktisk også bruke ungdomskultur når vi legg opp undervisinga vår.

Justin Bieber er i høgste grad ungdomskultur. Justin Bieber er eit fenomen. Han er ei verdsstjerne. Ungdom ser opp til han. Han viser at det er mogleg å bli verdsstjerne uansett kor du kjem frå. Frå ein småby i Canada vart han oppdaga via YouTube (dette har eg lært av elevane mine).

For ungdom handlar Justin Bieber om så mykje meir enn ein pen gut som kan danse og synge. For mange er Justin Bieber symbolet på at du kan bli det du vil i livet uansett kor du kjem frå.

Som engelsklærar blir eg glad når eg ferskar elevane mine i å skrive bursdagskort til Justin Bieber i ein time. Eg må sjølvsagt be dei legge det bort for å gjere det dei skal, men eg hjelper gladeleg til med rettskriving i friminuttet.

Som norsklærar blir eg glad når elevane mine etter ein ferie fortel meg at dei har lese ei bok om Justin Bieber. Eg blir glad for alt som får elevane til å lese meir. Om det er Justin Bieber, fotball eller ”En pingles dagbok” spelar mindre rolle.

Eg trur ikkje eg undergrev min lærarkompetanse ved å seie at elevane faktisk kan lære utan at eg har bestemt at dei skal det.  Faktisk vil eg påstå at elevane lærer meir viss det er noko dei sjølve ønskjer å lære om.

Eg trur elevane lærer meir av å reise på Justin Bieber-konsert enn å vere på skulen denne dagen. Det har eg også fortald elevane mine som skal i vegen.
Det betyr ikkje at eg meiner skulen ikkje er viktig. Det betyr heller ikkje at eg meiner vi burde byta ut alle skuledagar med Justin Bieber-konsertar.

Viss elevane mine etter ein vanleg skuledag får spørsmål om kva dei lærte i dag, vil mange slite med å kome med fleire enn tre punkt. Truleg hugsar dei ikkje alle fag dei har hatt ein gong.

Spør eg dei same elevane om kva dei lærte av å vere på Justin Bieber-konsert, vil dei truleg kome med mange punkt. Dei vil hugse spenninga. Forventingane. Bråket. Hyla. Songane. Kva han sa. Luktene. Smakane. Synsinntrykka. Dei brukar alle sansane sine i ei slik oppleving.

Når folk skrik ut at det vitnar om liten respekt for skulen at ein kommune valde å flytte tentamenane sine på grunn av Justin Bieber, tenkjer eg at dei syner liten respekt for den jobben vi gjer i skulen. Dei syner manglande respekt for den fridom skulane må ha til å legge opp kvardagen og årshjulet slik dei ønskjer. Gjerne i samråd med elevane sjølve.

Eg ønskjer alle som skal av garde til Justin Bieber-konsert i neste veke god tur. Eg er heilt sikker på at de både får ei oppleving og lærdom for livet.

Og til mine elevar; den dagen Take That skal ha reunion-konsert i Oslo midt i veka, kjem også eg til å søkje meg permisjon for å reise på konsert!


Dette innlegget var også å lese i Nationen 12.april 2013

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammakroppen og meg

Det er ganske menneskeleg å ha lyst på det ein ikkje kan få. Til dømes cava i graviditet eller ein skikkeleg fest når bebien er ein månad gamal og du er lenka til han. Eller kanskje sydentur når kjærasten nektar plent å bli med. Og i mitt tilfelle akkurat no; ein joggetur.

Altså; eg har aldri likt spesielt godt å jogge. Men eg gjorde det ein periode i livet mitt fordi eg oppdaga eg fekk overskot av det og fordi det gjorde godt for kroppen min.

Meg for tre år og 10 kilo sidan. Dette var sommaren eg traff Trond og han forelska seg i meg. Eg skal tilbake dit. Innan eitt år. 

Etter fødsel får ein ikkje lov til å jogge (ikkje anbefalt før etter tre månader). Altså får eg automatisk lyst til å jogge. No har eg allereie begynt å dagdrømme om deltaking i sentrumsløp og fjellmaraton til neste år. Og eg skal springe fort! Raskare enn eg nokon gong har gjort. Sjølvsagt! (og jada; eg drømmer også om kor godt det skal bli med cava etter løpet)

Men det er berre å innrømme det; eg er ein pudding. Ein…