Gå til hovedinnhold

Høyanger i eitt år til!

I natt drømde eg at eg flytta attende til Vågå. Eg skulle ikkje attende i same jobb, men skulle begynne å jobbe som lærar på Vågåmo skule. Der var det berre rot. Dei hadde tilsett ny rektor (eg hugsar ikkje kven dette mennesket var), og ingen visste kor eg skulle brukast hen. Men det var stor sjanse for at eg vart spes.ped-lærar på småskulen. Ikkje akkurat drømmesituasjonen, og eg trur ikkje eg følte meg spesielt lykkeleg. Det var sikkert difor eg vakna.

Eg har ikkje prøvd meg på å tolke draumen. Eg trur ikkje eg gidd det heller. Berre konstatere at Vågåmo skule har mykje betre system i verkelegheita enn i draumen min. Og at draumen nok ikkje handla om Vågå, men om at eg har take avgjerd om å bli i Høyanger eitt år til. Og at eg trur det er rett avgjerd.

Eg er heldig. Eg har fridom til å flytte kor eg vil hen. Gjere det eg ønskjer. Det er slik eg liker å ha det. Det betyr også at viss eg ikkje er nøgd med livet mitt eller jobben min, treng eg ikkje tenkje på andre enn meg sjølv viss eg bestemmer meg for at eg må gjere noko med livet mitt eller viss eg ønskjer å bytte jobb.

Eg har bestemt meg for at eg skal vere lærar ved Høyanger skule til neste år også. Noko anna hadde eigentleg vore galskap. Eg kom som ny innbyggjar, fersk lærar, kontaktlærardebutant og eigentleg ganske forvirra ved skulestart hausten 2012.

Eg vil påstå du treng det fyrste året til å lære deg systemet. Du treng det fyrste året til å skjønne korleis skulen fungerer. Det skjønner du eigentleg ikkje før du blir lærar sjølv, sjølv om eg meinte eg var ekspert på regelverk og skuleutvikling før eg starta som lærar.

Eg har gått på mange smellar det fyrste året. Eg har vore frustrert. Eg har vore sliten. Eg har vore sint. Eg har vore forvirra. Eg har gjort mange feil. Eg har vore destruktiv.

Mest av alt har eg likevel skjønt at eg elskar jobben min. Eg kjenner eg blir stadig tryggare i rolla mi som lærar. Eg er mindre usikker. Eg smiler meir. Eg kjeftar mindre. Eg blir ikkje like ofte hissig og sint (det fungerer ikkje; det fungerer verkeleg ikkje!).

Å skifte arbeidsplass no hadde vore galskap. Eg hadde ikkje hatt ork til å starte på nytt att ved ein ny skule no. Lære meg nye system, bli kjend med nye kollegaer og kanskje undervise i heilt andre fag. Eg ønskjer å vere kontaktlærar. Det er eg no. Eg ønskjer å undervise i norsk, engelsk og samfunnsfag. Det gjer eg no.

Alt er ikkje perfekt i Høyanger. For all del. Men eg trivst såpass godt at eg gjev det eitt år til. Og eg veit av erfaring av at du treng minst eitt år før du føler du er integrert ein ny plass og før du kan konkludere på om du trivst eller ikkje.

Hovudgrunngjevinga for at eg blir eitt år til er likevel kollegaene mine. Eg har supre kollegaer. Hadde eg ikkje hatt det moro på jobb - både på lærarrommet og i klasserommet - hadde eg nok sterkt vurdert å flytte.

Eg har gleda meg til å gå på jobb kvar einaste dag, noko null sjukefråvær også vitnar om. Også dei dagane eg har vore halvsjuk har eg tvinga meg sjølv på jobb - for eg veit at det er mykje artigare på jobb enn å ligge på sofaen der eg spelar Angry birds.

Kommentarer

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…