Gå til hovedinnhold

Kom indre motivasjon!

Livet er eigentleg ganske fint utan for mange fristar. For mykje press. For mykje du berre MÅ gjere. Eg trivst eigentleg veldig fint utan. Eg har hatt få fristar det siste året. I alle fall etter at eg slutta å skrive for "Dagsavisen". No har eg eigentleg ikkje hatt andre fristar enn dei eg sett for meg sjølv.

Eg kjenner meg sjølv. Eg veit at den indre motivasjonen ofte ikkje er nok. Eg treng fristar. Eg jobbar best under press. Eg klarar ikkje levere om ingen andre pressar meg til å levere. Det er eit forbanna ork, men det fungerer.

Det er liksom ein grunn til at eg aldri får fullført denne boka mi (mykje artigare å reise på fest, lese bok, sjå på filmar eller henge på Facebook). Det er ein grunn til at eg ikkje klarar å oppdatere bloggen min så ofte. Og det er ein grunn til at desse fantastisk kreative undervisingsopplegga mine aldri blir realisert. Eg manglar fristar. Og ytre press.

Heldigvis er eg også ein person som sjeldan seier nei til ting (anten det er prat om ein god fest, leie eit utval eller vere skribent), noko som gjer at det ytre presset ofte kjem dalande på eit tidspunkt der eg eigentleg treng det som mest.

Som no. Eg har fått førespurnad om å vere kulturskribent i Nationen. Kjenn på ordet. Kulturskribent...meg? Kva kan eg om kultur liksom?

Eg er oppteken av kultur. Eg les bøker, eg høyrer på musikk, det hendar eg er i teater, og eg har faktisk til og med vore i operaen. Gjennom min førre jobb, så arbeidde eg også veldig mykje med mange som kunne mykje om kultur. Eg var intenst oppteken av meir kunst- og kulturfagleg metode i skule og barnehage. Det er eg forresten fortsatt. Det er berre at no forstår eg at eg kan altfor lite om det. Eg kan jo for pokker ikkje spele eit instrument ein gong (elevane mine går meg ein høg gang, for å seie det slik!)

Kan eg meine noko om kultur? Mykje! Sjølv om eg skal innrømme at eg får litt angst når eg les innlegg av andre skribentar som skriv om kultur. Dei viftar med teoriane sine, driv med hypig name dropping og skriv så innfløkt at eg ikkje forstår ein pøkk. Samanlikna med dessa har eg eit lågt kulturelt sjølvbilete.

Kva kan eg? Eg kan vifte med den generelle læreplanen. Eg kan skryte av mykje praksis innanfor bygdekultur. Eg kan skrive så folk forstår det (trur eg). Og ikkje minst så begynner eg å opparbeide meg ein solid kompetanse på Justin Bieber. Det er i alle fall eit utgangspunkt.

Eg har også takka ja til å skrive for lokalavisa heime att. Skulle eigentleg berre mangle. Det er lokalavisa "Valdres" liksom. Det fine med den er at eg kan skrive om (nesten) kva eg vil.

Poenget er: det einaste som fungerer for å skrive meir, er å skrive meir. Sagt på ein annan måte; det blir ikkje meir ferdig bok av at eg takkar nei til å skrive andre plassar. Snarare tvert i mot. Dess meir eg skriv, dess meir får eg lyst til å skrive. Som i dag. Sendt bidrag til Nationen. Og til "Valdres". Og no skriv eg blogg. Og no bryr vi oss ikkje om at eg ikkje har skrive noko på boka mi i dag...

At ytre motivasjon fungerer betre enn indre motivasjon har eg forresten nok eit døme på. Springing. Om under tre veker skal eg springe 5 km i Bergen. Om under to månader skal eg springe halvmaraton. Min indre motivasjon er per dags dato lik null. Tanken på at eg må fullføre desse distansane fordi eg har sagt det til heile verda, gjer at eg faktisk fekk pressa meg sjølv ut på springetur etter jobb i dag.


Vurdering av blogginnlegget:

Kor er eigentleg den raude tråden i dette innlegget? For kva er det du eigentleg ønskjer å få fram her? Ønskjer du å skryte av at du er ein ettertrakta skribent for to middelmådige aviser? Eller ønskjer du å få fram at dei pedagogiske teoriane som lenar seg på indre motivasjon er bullshit?

Eg skulle også ønskje meg ei avslutting der du i større grad oppsummerte hovudinnhaldet i teksten.

Innleiinga di er ikkje så aller verst, men det gir oss håp om at du skal skrive om noko litt meir sexy. Eg føler at teksten blir kjedelegare og kjedelegare å lese.

PS: Unngå å starte alle setningane med "Og". Det ser dumt ut.

Og forresten? Las du teksten høgt for deg sjølv før du leverte? Då ville du fått retta opp nokre av bøyingsfeila og dei lange setningane.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…