Gå til hovedinnhold

Redd skulen vår!

Fakkeltog for Høyanger vidaregåande skule i går

Eg har aldri vore skikkeleg engasjert i skulenedleggingssakar. Det har aldri rørt meg direkte. Eg har heller stått utanfor og sett på engasjement i slike sakar med ein viss fascinasjon. Eg har sett og høyrt folkemengdene som påstår at alt går ad undas om skulen deira blir lagt ned. Ein debatt farga i svart-kvitt. Det er dei onde mot dei gode. Alt handlar om å redde skulen, elles kan det eigentleg vere det same med alt anna. Forsvinn skulen, døyr lokalsamfunnet og så vidare.

Eg har vore med å legge ned skular som lokalpolitikar. Det vil seie; vi la eigentleg berre ned ein skule, og argumenta for å legge ned var gode. For lite elevmiljø er ikkje sunt det heller. Eg trur det går ei smertegrense for kor liten ein skule kan vere. Uansett så er slike debattar vanskelege. Det er ikkje svart-kvitt. Det er ofte gode argument både for det eine og det andre. Det eg trur på er tydelege skuleeigarar som tek ei avgjerd og står ved den. Ofte ser vi dessverre at slike avgjerder blir utsett og utsett - nettopp fordi dei vekker så stort engasjement. Det er vanskeleg å vere politikar og stå i mot presset frå eit heilt lokalsamfunn. Det må likevel politikarar tore å gjere. Det er viktig å tenkje klart i slike sakar, og ikkje bli altfor mykje påverka av kjensler.

No er eg korkje kommune- eller fylkespolitikar lenger. Eg er lærar. Eg er lærar i eit lokalsamfunn eg har budd i under eitt år. Eg hadde ikkje budd her lenge før det begynte å spøke for den vidaregåande skulen i Høyanger. Dette har vore ein snakkis i mange månader no. Utgreiingar om skulestruktur i Sogn og Fjordane konkluderer med at Høyanger vgs skal leggast ned. Politikarane skal ta avgjerda i juni.

Eg har ikkje sterke kjensler for saka. Det har resten av innbyggjarane i Høyanger. Eg forstår dei godt. Reisetid til næraste vidaregåande skule er 1 time og 25 minutt (ein veg!). Dette vil i praksis bety at nesten alle elevane i Høyanger må førebu seg på å bu på hybel. Mange tilsette vil heller ikkje ha moglegheit til å pendle til andre vidaregåande skular (noko som i praksis betyr at dei må flytte eller bytte arbeidsgjevar). I tillegg kjem argumenta om samarbeid med næringslivet og målet om å skape eit robust lokalsamfunn (spesielt industrien er jo aktuell her i Høyanger), men dei viktigaste argumenta gjeld sjølvsagt omsynet til elevane.

I går var det folkemøte og fakkeltog her i Høyanger. Elevane mine hadde tidleg bestemt at dei skulle engasjere seg og møte opp (eg er for ordens skuld lærar i ungdomsskulen og ikkje på den vidaregåande skulen). Dei hadde laga plakatar, og har vore oppteken av at dei er altfor unge til å flytte på hybel som 15-åringar. Som dei hadde på plakatane sine: "Vi treng fortsatt Mamma og Pappa". Sjølv om eg ikkje personleg har budd her lenge nok til å føle at eg blir påverka av avgjerda, så veit eg at elevane mine blir det. Og når elevane er engsjerte, blir eg det også.
Eg kom ikkje inn på folkemøtet i går. Eg kom for seint. Det var smekkfullt. Eg måtte følgje møtet på tv-skjerm utanfor. 

Det var flott å oppleve engasjementet i går. Eit heilt lokalsamfunn som stod samla. Som skjønner at det einaste som fungerer for å få gjennomslag er å gje lyd frå seg. Lage så mykje støy at politikarane ikkje klarar å gjere anna enn å høyre på dei.

Ingen av dei politiske partia torde å seie i klartekst at dei ville legge ned Høyanger vgs på møtet i går. Mogleg nokon av dei meinte det, men ingen gav uttrykk for det ("vi skal ta med oss alle argumenta og engasjementet herfrå, og ta ei avgjerd etter kvart").

Omlag tusen menneske gjekk i fakkeltog i går her i Høyanger (det bur litt over fire tusen i kommunen). Eg gjorde også det. Eg gjorde det i solidaritet med elevane mine. Akkurat i denne saken vel eg å lytte til dei - for eg tykkjar argumenta deira er betre enn dei som kjem frå konsulentselskapet.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammakroppen og meg

Det er ganske menneskeleg å ha lyst på det ein ikkje kan få. Til dømes cava i graviditet eller ein skikkeleg fest når bebien er ein månad gamal og du er lenka til han. Eller kanskje sydentur når kjærasten nektar plent å bli med. Og i mitt tilfelle akkurat no; ein joggetur.

Altså; eg har aldri likt spesielt godt å jogge. Men eg gjorde det ein periode i livet mitt fordi eg oppdaga eg fekk overskot av det og fordi det gjorde godt for kroppen min.

Meg for tre år og 10 kilo sidan. Dette var sommaren eg traff Trond og han forelska seg i meg. Eg skal tilbake dit. Innan eitt år. 

Etter fødsel får ein ikkje lov til å jogge (ikkje anbefalt før etter tre månader). Altså får eg automatisk lyst til å jogge. No har eg allereie begynt å dagdrømme om deltaking i sentrumsløp og fjellmaraton til neste år. Og eg skal springe fort! Raskare enn eg nokon gong har gjort. Sjølvsagt! (og jada; eg drømmer også om kor godt det skal bli med cava etter løpet)

Men det er berre å innrømme det; eg er ein pudding. Ein…