Gå til hovedinnhold

10 på topp Eurovision Song Contest 2013

Prøvene framfor årets Eurovision Song Contest er i full gang i Malmø. For oss som er blodfans av denne musikkonkurransa er veka vi snart går inn i årets høgdepunkt. Eg vaknar kvar einaste morgon og gler meg til kvar einaste prøve. Følgjer med på alt av bloggar og alt som blir lagt ut av nye klipp. Innimellom rettebunkar og anna arbeid som må gjerast, brukar eg ESC som belønning og som fluktmanøver (ja, eg er ei skrulle).

No er det tre dagar att til fyrste semifinale, og dei aller fleste artistane har prøvd seg på scena i Malmø (manglar dei "fem store" og direktekvalifiserte). No er det på tide å rangere låtane. Dette er dei eg meiner er dei ti beste i årets ESC (og eg tek her med eiga heimland).

Here are the points from the Hanne Maren-jury:


10. Storbritannia (1 poeng)

Bonnie Tyler - Believe in me



Nei, resten av lista blir ikkje like kjendisprega. Men kven hadde trudd sjølvaste Bonnie Tyler skulle vere med i ESC? Ikkje eg!

Eg skulle verkeleg ønskje ho kom med ei litt betre låt. Denne er ikkje spesielt sterk. Ganske kjedeleg, eigentleg. Eg skal vel innrømme at Bonnie Tyler får poeng fordi ho er Bonnie Tyler. Og ja; eg er ganske sikker på ho kjem til å få fleire poeng frå Noreg enn eg gjev ho her.

9. Irland (2 poeng)

Ryan Dolan - Only love survives



Det mestvinnande landet i ESC-historia kjem nok ikkje til å vinne att i år. Men sjølvaste Ryan Dolan kan nok få ei fin-fin plassering. Med desse hjerta han lagar heile tida, så kjem sikkert også dette til å sjarmere nokon unge, og ikkje fullt så unge jenter.


8. Tyskland (3 poeng)

Cascada - Glorious



Ikkje min favorittsong av den tyske artisten Cascada (skal vel innrømme at ho blir flittig brukt på treningsmusikk-lister). Men det er såpass bra at det kjem inn på topp 10-lista. Veldig spent på korleis dette blir live.


7. Ungarn (4 poeng)

ByeAlex - Kedvesem



Låta blir slakta av veldig mange. Artisten får tyn og låt får tyn. Eg likar dette. Låta festar seg på hjerna mi. Eg skjønner ingenting av kva han syng om, men eg trur på han. Eg håper verkeleg ikkje det blir bye til ByeAlex i semifinalen, men at dette går vidare. (Dessverre ser eg at det ikkje går heilt bra på prøvene i Malmø, og at låta nok er betre innspelt enn live.)

6. Russland (5 poeng)

Dina Garipova - What if



Fyrste ballade. Handlar sjølvsagt om fred i verda. Og kjem frå Russland. Treng vel eigentleg ikkje seie meir.

Bortsett frå at du truleg ikkje likar låta fyrste gong du høyrer den. Eg tykte dette fyrst begynte å bli bra på sjette gjennomlytting (og då kan du jo tenkje deg kor mange gonger eg har høyrt låtane framfor denne på lista).

5. Sveits (6 poeng)

Takasa - You and Me



Rykta frå Malmø seier at dette heller ikkje er bra live. Eg kryssar fingrane i det lengste for at det skal høyrast bra ut frå scena. Eg elskar denne låta. Er fortsatt rimeleg forbanna for at eg ikkje finn låta på Spotify, slik at eg må på youtube for å høyre den. Men livet kunne vel kanskje vore verre...


4. Ukraina (7 poeng)

Zlata Ognevich - Gravity



Også ei låt som veks for kvar gong eg høyrer ho. Musikkvideoen er berre rar. Eg skjønner ingenting. Det kjem til å bli endå rarare på scena når bittevesle Zlata skal bli frakta inn på scena av ein kjempe. Eg trudde låta skulle vinne heilt til eg såg kjempen. No trur eg ikkje det lenger (kor dum går det an å bli liksom? Øydelegge ei flott låt med sirkus).

3. Danmark (8 poeng)

Emmelie De Forest - Only teardrops



Denne låta blir også betre og betre kvar gong eg høyrer ho. Det er Danmark som er storfavoritt til å vinne heile greia. Det trur eg kanskje dei gjer også. Og eg berre seier det; sist gong Danmark vann ESC var det i Sverige finala vart arrangert (det var i 2000, og eg såg ESC i russedress).

2. Norge (10 poeng)

Margaret Berger - I feed you my love



I love you, Margaret! Fantastisk låt. Fantastisk artist! Dette kan bli så bra som kva som helst!


1. San Marino (12 poeng)

Valentina Monetta - Crisalide



Eg kjem til å vifte med både norske flagg og flagg frå San Marino i årets ESC. Denne låta tykkjer eg er heilt fantastisk vakker. Tru det eller ei, men det er same artist som stilte med den pinlege facebook-songen i fjor. Klasseskilnad.

Solide 12 poeng frå meg!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år.

Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg. 
Terningkast: 2 

Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt?
Terningkast: 5 
Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det. 
Terningkast: 3
Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein song som får meg i godt humør. Ved fy…