Gå til hovedinnhold

Årets høgdpunkt er rett rundt hjørnet!

Nei, eg pratar ikkje om 17. mai. Eg pratar sjølvsagt om Eurovision Song Contest (ESC). Konkurransa starta allereie med fyrste semifinale på tysdag. I kveld er det klart for andre semifinale, der sjølvaste Margaret Berger frå Noreg deltek.

Eg har vore stor fan av denne fantastiske konkurranse sidan eg var bittelita. Laurdagskveldane med MGP var pur familielukke då eg var lita. Som ungdommar var vi ein gjeng i frå Bagn som alle var store fan av MGP. Vi prata om songane med både glede, sorg og raseri. Som russegjeng satt vi i lag og såg på Danmark vinne det heile i år 2000.

I år kan Danmark vinne på nytt. Dei er storfavorittar. Låta gjekk (sjølvsagt) vidare i semifinala på tysdag. På laurdag kan Emmelie de Forest vinne det heile.

Eg tykkjer semfinaler der Noreg deltek er meir nervepirrande enn sjølve finala. Eg er aldri heilt sikker på at Noreg skal gå vidare. Det var eg ei heller i 2009 då Alexander Rybak vann. Vi var storfavorittar, og den gleda eg kjende då vi gjekk vidare til finala, var enorm. For ikkje å prate om då vi vann det heile. Noreg, liksom! Noreg med flest sisteplassar i heile ESC. Vi vann! Og alle elska oss! Eg har aldri vifta meir med norske flagg nokon gong, og er usikker på om eg nokon gong kjem til å gjere det i tida framover.

Eg viftar meir med flagg under Eurovision Song Contest enn på 17.mai. Eg heiar alltid mest på Noreg. Nesten uansett kor håplaus eg tykkjer den norske låta er. Eit lite unntak gjer eg for det året vi sendte Guri Schanke. Då gav eg meir eller mindre blaffen. Men det har aldri skjedd seinare.

I år sender vi ein fantastisk låt med ein fantastisk artist. Eg elskar Margaret Berger. Eg elskar "I feed you my love". Låta ligg i skrivande stund på 2.plass på betting-listene. Vi er altså ein av favorittane. Eg kan ikkje forstå at låta ikkje kan gå vidare frå semifinala.

Eg kjem til å bli så skuffa om vi ikkje går vidare til finala i år, og det kjem til å bli ein enorm sorg i heimen om så skjer. Eg trur ikkje det skjer.

MEN. Eg var heilt sikker på at Stella Mwangi og "Haba, Haba" skulle gå vidare også. Eg elska den låta. Eg sang på den i fleire månader. Eg tykte den var så kul, og kunne ikkje skjønne at heile Europa ikkje kunne skjønne det også.

Låta rauk ut i semifinala. Eg måtte gå heim gjennom Vågå sentrum i den rosa partykjolen min med det norske flagget i veska mi. Djupt ulukkeleg.

Eg blir ulukkeleg når Noreg ikkje kjem til finala i ESC.

Eg har mange gonger lurt på kva det er med denne konkurransa som kan vekke slike kjensler i meg. Eg veit ikkje om noko anna i livet mitt som vekker liknande kjensler. Eg er ei skikkeleg skrulle etter MGP og ESC.

Heldigvis kan eg grunngje engasjementet rasjonelt også. Det sameinar Europa. Vi skapar samhald og god stemning mellom alle land i heile Europa gjennom noko så uskuldig, men likevel så moro som ei songkonkurranse. Genial oppfinning!

Men det handlar sjølvsagt ikkje om å vere rasjonell. Det handlar om kjensler. Og kjenslene er på plass no. Nervøsiteten, spenninga, gleda, forventingane og trua. Trua på at dette skal gå bra. For det trur eg verkeleg at det gjer. Men sikker er eg ikkje.

Eg har no opna ei flaske vin. Til flaska med vin kosar eg med meg å sjå på den internasjonale finala frå 2009 (ja, då vi vann). Eg satsar på at sendinga skal få opp trua på at dette skal gå bra. I saman med gleda over at det tross alt ikkje er så lenge sidan vi vann konkurransa sist.

For ordens skuld. Mine favorittar i kveldens semifinale er, i tillegg til Noreg, San Marino og Ungarn. Eg håper på dei alle tre. Og eg skal sjølvsagt bruke stemmeretten vi har under kveldens semifinale.

Eg ønskjer dykk alle ein fortreffeleg europeisk kveld. La dei ulike flagga frå heile Europa vaie i styrken frå vindmaskinene.



Kommentarer

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammakroppen og meg

Det er ganske menneskeleg å ha lyst på det ein ikkje kan få. Til dømes cava i graviditet eller ein skikkeleg fest når bebien er ein månad gamal og du er lenka til han. Eller kanskje sydentur når kjærasten nektar plent å bli med. Og i mitt tilfelle akkurat no; ein joggetur.

Altså; eg har aldri likt spesielt godt å jogge. Men eg gjorde det ein periode i livet mitt fordi eg oppdaga eg fekk overskot av det og fordi det gjorde godt for kroppen min.

Meg for tre år og 10 kilo sidan. Dette var sommaren eg traff Trond og han forelska seg i meg. Eg skal tilbake dit. Innan eitt år. 

Etter fødsel får ein ikkje lov til å jogge (ikkje anbefalt før etter tre månader). Altså får eg automatisk lyst til å jogge. No har eg allereie begynt å dagdrømme om deltaking i sentrumsløp og fjellmaraton til neste år. Og eg skal springe fort! Raskare enn eg nokon gong har gjort. Sjølvsagt! (og jada; eg drømmer også om kor godt det skal bli med cava etter løpet)

Men det er berre å innrømme det; eg er ein pudding. Ein…