Gå til hovedinnhold

Cavarunners klare for start!

Eg er veldig nøgd med plassen eg har busett meg på. Det skal eg berre innrømme. Her i Høyanger har eg funne folk som gledeleg deler min interesse for cava, og som også pressar meg til å bli sprekare.

Blant kollegaene mine har eg treningsgale, festgale, kongegale og berre gale menneske. Eg diggar dei alle i hop, og føler eg godt kan høre heime i alle kategoriane (faktisk også meir i "treningsgal-kategorien" også, sjølv om eg har litt å gå på).

Eg vart 32 år på måndag. Dagen vart feira med kettlebelltrening i lag med to gode kollegaer. Siste treningsøkt før halvmaraton. 

Min gode kollega Randi siktar mot gull. Ho har bestemt meg for å vere med meg til Beitostølen i helga for å springe halvmaraton (jippi!). Vi skal begge delta for idrettslaget Cavarunners (takk til Bettina for namnet - synd du ikkje blir med i helga!). Randi kjem til å gjere det sterkt (ho sprang halvmaraton i Bergen på under to timar). Eg har eit mål om å fullføre.

Randi og fleire av kollegaene på jobb inspirerer meg til å trene meir. Eg er faktisk ikkje ein gong misunneleg på dei som er i betre form enn meg - dei berre får meg til å ville bli betre.

Eg trur ikkje det finst ein kollega på Høyanger skule som ikkje har fått med seg at vi skal springe halvmaraton. Vi pratar meir om at vi skal springe enn vi klagar over dei store rettebunkane (utruleg nok).

Kjære alle kollegaer; eg skjønner de er frykteleg lei av alt treningspratet vårt. Eg forstår også om de har lyst til å be oss springe ditt pepper'n gror. Eg blir heller ikkje fornærma om de seier akkurat det. Vi veit vi er slitsamme.

Eg har fått streng beskjed frå Pappa om at eg ikkje må trene dei siste dagane før halvmaraton. Det er kanskje den best behagelege delen eg veit om. Å kvile seg i form. Det gjer eg meg glede.

Eg vart likevel litt bekymra då eg vart sliten av å gå sju kilometer i går. Formtoppen er langt unna, men eg tenkjer; eg skal fullføre i år - til neste år skal eg springe fort.

I morgon sett vi kursen mot Beitostølen. Rett etter jobb. Vi pakkar bilen full av treningstøy og cava. Rettebunkane legg vi att heime.

Vi satsar på solskin på Beitostølen laurdag. Ikkje fordi solskin og springing høyrar saman, men for å nyte ei eller fleire flaskar cava i sola mens vi kvalmande pratar om dei 21 km med rein nytelse vi har lagt bak oss. Det er kva eg gler meg mest til!


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…