Gå til hovedinnhold

Hjelp! Eg skal springe halvmaraton om 10 dagar..

..og det kjem truleg til å gå ad undas!

I blant sett du deg målsettingar så langt fram i tid at dei verkar realistiske. I blant overvurderer du deg sjølv. I blant er du litt for stor i kjeften. I blant fattar du ikkje kor dårleg form du eigentleg er i.

Det siste av desse punkta begynner eg å fortså no. Dei tre fyrste punkta kjem eg aldri til å lære meg at eg ikkje skal gjere.

I januar bestemte eg meg for at eg skulle springe halvmaraton 1.juni. Det verka jo så lett. Det var jo så langt fram i tid. Innan då skulle eg ha blitt så sprek at eg skulle klare det.

Det gjekk bra ei stund. 24.februar opplevde eg såkalla joggemagi då eg klarte å springe 10 km samanhengande.

Vel..det har eg ikkje gjort eller prøvd på etterpå. Då hadde eg liksom nådd eit lite mål, og då var det tydeligvis berre å legge seg på sofaen.

For, let's face it. Eg er litt lat. Eg elskar å kose meg. Eg ligg heller på sofaen med ei bok enn å springe ein halvtime. Eg likar betre å drikke cava enn å trene. Eg er lukkelegare i ein stol i sola enn eg er i treningstøy i sola. Slik er det berre.

I helga overvurderte eg meg sjølv nok ein gong. Eg spratt ut av døra i solskin. Utan drikkeflaske. Eg hadde bestemt meg for å gå opp Dalen-trappa og nedatt, og så jogge heim att (tre km, som kan vere ganske heftig etter ein tur i trappa). Halvvegs i trappa var eg så uttørka at eg måtte snu.

Etter å ha gått ned att var eg på nytt eplekjekk. Tenkte det skulle gå som ein leik å springe heim att. Begynte å springe, og gjekk på ein smell etter 100 meter. Måtte då tusle heim att dehydrert og umotivert (det høyrer vel med til historia at det einaste eg hadde ete den dagen var eit eple og ein iskaffi).

Eg har trent dårleg den siste månaden. Eg sprang 5 km på ein drøy halvtime 26.april under Bergen maraton. Det er ok (men ikkje så bra som eg burde klart om eg hadde vore i stand til å trene så hardt som eg har ein drøm om å klare). Eg skjønner likevel at målet mitt om halvmaraton på 2,15 glipp. No tenkjer eg; klarar eg det på to og ein halv time er eg nøgd.

Vel...på torsdag blir eg køyrt ut til Vadheim (blir uttala "Vaaim" her) av ein kollega. Då skal eg jogge attende til Høyanger - det er 21 km. Galskap ville eg kalla dette for eit år sidan. Eg kallar det fortsatt galskap, men eg er tydeligvis eitt skritt nærare panikkalderen. For no gjer eg slikt sjølv.

Og om eg skal fullføre halvmaraton på Beitostølen 1.juni? Det skal eg sjølvsagt - eg har berre justert ned målsettinga frå å skulle springe alt til at eg skal springe "meir enn halvparten". Så får vi berre håpe at eit useriøst utdrikkingslag eller noko også er deltakarar, slik at eg ikkje havnar sist.

For sjølv om få menneske faktisk vil innrømme det; det er faktisk flauare å bli sist enn å ikkje starte i det heile take!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammakroppen og meg

Det er ganske menneskeleg å ha lyst på det ein ikkje kan få. Til dømes cava i graviditet eller ein skikkeleg fest når bebien er ein månad gamal og du er lenka til han. Eller kanskje sydentur når kjærasten nektar plent å bli med. Og i mitt tilfelle akkurat no; ein joggetur.

Altså; eg har aldri likt spesielt godt å jogge. Men eg gjorde det ein periode i livet mitt fordi eg oppdaga eg fekk overskot av det og fordi det gjorde godt for kroppen min.

Meg for tre år og 10 kilo sidan. Dette var sommaren eg traff Trond og han forelska seg i meg. Eg skal tilbake dit. Innan eitt år. 

Etter fødsel får ein ikkje lov til å jogge (ikkje anbefalt før etter tre månader). Altså får eg automatisk lyst til å jogge. No har eg allereie begynt å dagdrømme om deltaking i sentrumsløp og fjellmaraton til neste år. Og eg skal springe fort! Raskare enn eg nokon gong har gjort. Sjølvsagt! (og jada; eg drømmer også om kor godt det skal bli med cava etter løpet)

Men det er berre å innrømme det; eg er ein pudding. Ein…