Gå til hovedinnhold

Høyanger vs. Vågå. Kva er best?

For om lag to år sidan laga ein bloggsak om kva som var beste plassen å bu av min dåverande heimplass, Vågåmo, og oppvekstplassen min, Bagn. Det er no på tide å lage ein sak om kva som er best av førre buplass, Vågåmo, og noverande buplass, Høyanger.

1. Shopping-moglegheiter

Vågmo har tre matbutikkar, sportsbutikk, Lugumstugu, klesbutikk, pol, to bensinstasjonar, alt-mogleg-butikk og Coop byggmiks. Bakeriet i Lom ein halvtime unna. Otta ein halvtime unna.

Høyanger har to matbutikkar, sportsbutikk, klesbutikk, to alt-mogleg-butikkar, pol, Narvesen, ingen bensinstasjonar. Førde ein times tid unna, Sogndal 1 1/2.

Ingen av plassane skal eg vel innrømme at eg har gjort store innkjøp (utanom mat og cava). Matbutikkane (samanlagt) er hakket betre i Vågåmo, men Coop Mega hakket betre i Høyanger. Stort pluss for nærleik både til Sogndal og Førde i Høyanger. Her er det altså eigentleg dei to byane i næleik til Høyanger som slår positivt ut - ikkje Høyanger i seg sjølv.

Knapp siger til Høyanger (men eigentleg er det Førde som skal ha poenget)

Høyanger: 1
Vågåmo: 0

2. Party-faktor

Hoho! Folk i Høyanger kan å feste. Det kan eigentleg folk i Vågåmo også, altså. Men festane der var litt mindre og litt roligare. Eg har nok vore på fleire festar mitt fyrste år i Høyanger enn eg var mitt fyrste år i Vågåmo.

Høyanger: 1
Vågåmo: 0

3. Kafé-liv

Eg har eigentleg ikkje gått på kafé i Høyanger. Eg var mykje meir "ute på byen" i Vågåmo enn eg var i Høyanger. Folk i Vågåmo kan å kose seg. Dei kan det der med å gå ut. Folk i Høyanger held seg heime. Klar siger til Vågåmo.

Høyanger: 0
Vågåmo: 1

4. Bibliotek

Eg er flittig brukar av bibliotek. Biblioteket i Høyanger er større og ope oftare enn i Vågå. Klar siger til Høyanger.

Høyanger: 1
Vågåmo: 0

5. Kulturelt tilbod

Eg har ikkje vore på kino nokon av plassane. Eg var ofte på kulturelle arrangement i Vågå (vel..alt er relativt). Kanskje hadde det noko med at eg jobba med kunst og kultur i Vågå og måtte vise interesse? Kanskje har eg ikkje nytta kulturtilboda i Høyanger ofte nok? Heilskapsinntrykket er likevel at dette var noko betre i Vågå. Eg følte det alltid skjedde noko der.

Høyanger: 0
Vågåmo: 1

6. Arbeidskollegaer

I Vågå hadde eg mange gode kollegaer, men følte ikkje eg tilhøyrte eit skikkeleg arbeidsfellesskap. Både oppvekstkontoret, skulane og barnehagane var arbeidsfellesskapen, men eg tilhøyrte liksom ikkje til nokon av plassane. Eg sprang berre rundt og prøvde å vere til nytte. Etter to år begynte eg å føle at eg høyrte til, men det tok lenger tid enn i Høyanger.

I Høyanger tok det ikkje meir enn eit par-tre månader før eg følte eg høyrte til. Eg har supre kollegaer i Høyanger. Det er heilt fantastisk. Eg hadde supre kollegaer i Vågå også, men det tok lenger tid å kome inn på folk. Difor; siger til Høyanger.

Høyanger: 1
Vågåmo: 0

7. Smile-faktor

Vanskeleg å seie. Eg har smilt meir dess eldre eg har blitt. Eg følte folk i Vågåmo smilte meir enn i Bagn. No er eg usikker. Kanskje fordi eg vart kjend med fleire folk i Vågåmo enn eg er blitt i Høyanger? I Vågå jobba eg rundt omkring i heile kommunen og vart kjend med "alle". Her  i Høyanger kjenner eg berre dei som jobbar på skulen.

Eg har i tillegg ei kjensle av at folk i Vågå var lettare framme med "hei'inga" enn her i Høyanger. Her møter eg overraskande mange som ser berre bort eller ned i bakken når eg møter dei (eg prøver å helse på alle eg møter når eg er ute og går tur til dømes).

Under tvil, siger til Vågå og Vågåmo.

Høyanger: 0
Vågåmo: 1

8. Kjendis-faktor

Hoho. Denne er vanskeleg. Skal ein tenkje langsiktig eller kortsiktig?

Einar Førde er frå Høyanger. Folk har skrive biografi om Einar Førde. Einar Førde er ein legende.

Arne Brimi er frå Vågå (nei, ikkje Lom!) og har gjeve ut mange kokebøker. Arne Brimi er kjendis. Eg vaks opp med "Gutta på tur".

Folk har no også lært seg å knyte Vågå til eit anna namn, og ein annan sak. Går den saka inn i historia? Forhåpentlegvis ikkje. Eg håper Einar Førde, for Ap si skuld, vil stå sterkare i historia.

Under tvil; uavgjort.

Høyanger: 1
Vågåmo: 1


9. Nærleik til Oslo

I kilometer var Vågåmo nærmare Oslo. I opplevd avstand er Høyanger nærare. Vi har flyplass, for heaven's sake! Eller ikkje vi; Bringeland!

Eg føler faktisk eg bur meir sentralt her i Høyanger enn eg gjorde i Vågåmo. Liten siger til Høyanger.

Høyanger: 1
Vågåmo: 0

11. Hunks

Mannfolka er penare i Vågåmo. Sindige gudbrandsdøler. Jada! Punktum. Finale!

Høyanger: 0
Vågåmo: 1

12. Cava-utval

Eg har endå ikkje blitt spurt om å kome med tips om ny cava som polet bør ta inn her i Høyanger (det vart eg i Vågå). Eg blir fortsatt spurt om leg. på polet i Høyanger (jippi!). Det er fleire folk i Høyanger. Noko betre cavautval også.

Høyanger: 1
Vågåmo: 0

13. Vêr og skjønnheit

Vågå er vakkert. Høyanger er også vakkert, men det er vanskelegare å sjå skjønnheiten i Høyanger. Javisst er det dramatisk med høge fjell og fossane som slår nedover fjella. Høyanger i sol er vakkert (berre så dumt det er så sjeldan, så sjeldan; det er ein grunn til at dei la industri her i utgangspunktet). Men Høyanger i sol slår ikkje Vågå i sol.

Høyanger: 0
Vågåmo: 1

14. Sitt gode namn og rykte

Grunnen til at eg tok med denne kategorien, var at eg var hjå frisøren i Førde i dag. Ho hadde gått på vidaregåande skule i Høyanger. Fortalde om kor dårleg rykte Høyanger hadde då ho var ung. Der begynte folk med dop, dei slåss og dei var ufyselege.

Eg har skjønt, etter kvart, at Høyanger har litt av eit rykte utanfor Høyanger. Det er vanskeleg å sjå når du bur her sjølv, og ikkje mengar deg med folk utanfor bygda.

Vågå hadde eit godt rykte. Akkurat no er det ikkje lett å vere frå Vågå.

Vi kan difor seie at begge slit med omdømmet sitt. På kvar sin måte, ja. Men omdømmeproblem har begge plassane - og begge har ein jobb å gjere for å få folk til å flytte til plassane.

Uavgjort

Høyanger: 1
Vågåmo: 1

Oppsummering

Høyanger: 8
Vågåmo: 7

Liten siger til Høyanger. Truleg prega av at det er her eg bur no, og at eg trivst godt. Kanskje også prega av kva for kategoriar eg har vald.

Sjå ikkje på dette som vitskap. Sjå på det som moro. For det er tross alt moro livet handlar om. Og moro hadde eg det i Vågå, og moro har eg det i Høyanger no.

Kommentarer

  1. Artig kåring!
    Godt at det vart Høyanger som vant ;)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…