Gå til hovedinnhold

Komplett galskap!

I dag har eg klart å bevege kroppen min 21 km berre ved hjelp av eige muskelkraft. Og littegrann viljestyrke, og press frå ho eg jogga i lag med.

Eg jogga altså frå Vadheim ("Veeim") til Høyanger.

Korleis er kjensla no?

Heilt jævleg. Eg vekslar mellom å vere svolten, ha lyst til å spy, ha lyst til å sove, ha krampe i alle tær, ha krampe i leggane og til å faktisk vere litt stolt av meg sjølv.

Alt eg har fått i meg etter at vi kom i "mål" er ein smoothie (gjorde meg kvalm) og mykje vatn (blir aldri nok). No har eg take meg ein dusj. Eg stod og frøys i kokvarmt vatn og har no fått på meg ull. Eg har lyst til å legge meg rett ut på sofaen utan å gjere noko som helst.

Tanken på å pakke til landsmøte eg skal på i morgon gjer meg sliten. Tanken på å lage mat gjer meg endå meir sliten. Eg blir andpusten av å tenkje på å ete.

Dette var jo eigentleg berre ein test. Eg skulle sjekke om det var mogleg.

Eg skal liksom springe halvmaraton neste laurdag. Eg har tenkt at det går ad undas. At eg må melde meg av og heller springe "miniton" på 7 km. Eg har trent dårleg dei siste månadane, og er livredd for å havne sist neste laurdag.

Vi tikka inn på tida litt under to timar og 28 minutt i dag. Det var det eg hadde forestilt meg at eg kunne klare på ein god dag. Og eg klarte det.

Eg hadde aldri klart det åleine. Hadde eg jogga åleine hadde eg tatt meg fleire gåpauser. Eg hadde gjeve opp dei siste fem hundre metra.

For dei siste fem hundre metra var jævlige. Eg fekk krampe fyrst i eine foten, så i andre, så i begge. Eg spurte Randi (som hadde kontroll på kilometermålaren): "Kor mange meter er det att no?" kvar hundrande meter. Inne på skuleplassen til Høyanger skule kunne ho stolt vise meg at klokka hennar synte 21 km. Då var eg lukkeleg! Eg hadde ikkje klart ein meter til!

Fyrste ti kilometra gjekk greitt. Vi gjekk i dei tøffaste motbakkane, og gjekk også når vi drakk vatn (vi hadde lagt ut vatnflasker og litt bananar omtrent kvar femte kilometer). Vatn var faktisk det einaste eg følte behov for undervegs. Og behovet vart større og større dess nærare vi kom mål.

Vi jogga mesteparten. Då det var att omlag sju kilometer begynte det å gjere vondt. Skikkeleg vondt. Og viss eg gjekk så vart det faktisk nesten vondare. Eg kjende det i baksida av leggar og lår, og under føtene. Til slutt kjende eg det også i armane.

Men vi kom i mål. Til tross for at det dei siste to kilometra nok vart meir gåing enn jogging.

Tusen takk til Randi for at du vart med meg. Du hadde klart å springe distansa på under to timar viss du hadde køyrt i ditt tempo. Du var med meg heile vegen! Eg hadde fått ei mykje dårlegare tid og ein dårlegare oppleving utan deg!

Takk også til Aina, som køyrte oss ut til Vadheim. Takk for at du gav oss tips og råd om kor vi skulle legge ut drikkeflasker og proviant. Og takk for at du møtte meg med eit smil og gratulasjonar då eg kom heim til Dale. Du var til stor mental støtte i dag! Og neste gong (herregud, eg har allereie begynt å planlegge neste gong) blir også du med!

Og ja; det er jo ikkje sunt å springe så langt på asfalt. Det er ikkje normalt å springe halvmaraton eller maraton. Det er jo galskap. Det er også litt kvalmt. Men fy søren så kjekt det er å ha ei målsetting som du kan strekke deg fram mot!

Utan ei slik målsetting hadde nok eg tilbrakt også denne ettermiddagen på sofaen i staden for i solskinnet på trange vestlandsvegar med utsikt mot den vakre Sognefjorden.

Kommentarer

  1. Gratulerer med fin innsats, Hanne! Fra toppolitiker til ultraløper!

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…