Gå til hovedinnhold

Min mørke løyndom

Eg innrømmer det; eg har ein mørk løyndom.

Eg har vore bokmålsbrukar. Eg var bokmålsbrukar i nesten ti år før eg vart redda og kom meg ut av det uføret eg var hamna i.

Dette er mi historie til dykk som er bokmålsbrukarar og som føler at livet er i ferd med å kome ut av kontroll. Klarte eg å kome meg ut av ein veldig vond sirkel, kan akkurat du også klare det!

Kva gjorde at eg i fyrste omgang vart bokmålsbrukar?

Det var latskap. Det er fort gjort å bli riven med. Eg var ung og svak, og vart påverka av dei og av det rundt meg. Eg starta med å skrive litt på bokmål. Det vart meir og meir. Til slutt gjorde eg ikkje anna enn å skrive bokmål. Eg følte aldri det var rett å gjere det, men eg klarte ikkje å kome meg ut av det.

Eg var bokmålsbrukar gjennom heile studietida mi. Til og med masteroppgåva mi er skriven på bokmål.  Eg skulle gjerne ha gjort om på det, men det er for seint no. For alltid vil eg sjå konsekvensane av dei dumme vala eg gjorde då eg var ungdom.

Eg kom ut av uføret for litt over tre år sidan. Det som var utløysande var at eg fekk ny jobb, nye vener og ny bustad. Sakte, men sikkert kom eg ut av det som kanskje har vore mi lengste livskrise.

Det var hardt i starten. Å omvende seg sjølv frå å vere bokmålsbrukar til å bli nynorskbrukar, er ikkje berre lett. Det var fleire gonger eg tenkte; "Eg klarar ikkje dette! Det var mykje lettare å berre skrive bokmål!"

Med mykje trening og mental hjelp, klarte eg å skaffe meg eit nytt og betre liv som nynorskbrukar. No går eg aldri attende. Fyrst no klarar eg å vere stolt over det eg skriv og det eg gjer. Før så berre levde eg. Eg var ikkje ekte. No har eg atter ein gong fått attende sjølvtilliten og smilet.

Eg kjem til stadigheit over gamle innlegg som er skriven på bokmål. Det er pinleg. Eg får lyst til å slette dei. Slette den vonde løyndomen frå fortida mi. Det er ikkje meg. Det er vondt å lese det. Eg klarar ikkje lese det! Det verkar ikkje ekte. Det verkar ikkje som meg. Det er som ein framand person har skrive desse klønete orda framfor meg.

Det er likevel ein del av fortida mi. Ei vond fortid eg er nøydd om å akseptere.

Eg skriv dette fordi de skal vite at også eg har slite i fortida. Eg har hatt store problem. Problem eg kom meg ut av. Eg klarte det med viljestyrke og god hjelp frå vener og kollegaer. Det var ikkje lett, men no går eg aldri attende.

Og du kan sjølvsagt klare det du også! Eg lovar deg eit mykje betre og rikare liv om du gjer som meg, og legg den mørke fortida bak deg.

Kommentarer

  1. Høres ut som man er svak når man bruker bokmål.

    SvarSlett
  2. Sjøl en ettendøl må få si i mot slikt :o)

    http://www.ironoxide.no/hekseri-pa-nynorsk/

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år.

Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg. 
Terningkast: 2 

Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt?
Terningkast: 5 
Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det. 
Terningkast: 3
Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein song som får meg i godt humør. Ved fy…