Gå til hovedinnhold

Partipolitisk pause - på ekte!

No er eg ikkje lenger sentralstyremedlem i Framstegspartiet. No har eg gått ut av landsmøtesalen og er ferdig med partipolitikk for denne gongen. Eg har levert inn adgangskort til partikontoret og ipad'en og snart blir epost-kontoen min sletta. Då det vart annonsert at sentralstyret skulle vere att i landsmøtesalen etter møteslutt, så gjekk eg ut.

Det er trist. Det er rart. Eg var meir trygg på at eg tok rett avgjerd før eg kom hit enn det eg føler no. No tykkjer eg det er vanskeleg. Vite at eg (truleg) ikkje skal på neste landsmøte. At eg ikkje får påverke politikken framover. Og kanskje verst av alt; det er ein gjeng med flotte menneske eg er blitt så glad i, som eg kanskje ikkje kjem til å treffe att. For den er ingen tvil om at det er det sosiale eg føler at eg kjem til å sakne mest akkurat no.
Meg og Noregs dyktigaste partileiar under landsmøtemiddagen i går kor eg vart takka av med rosande ord frå denne dama. 

Eg har hatt ungdomstida mi i FpU. Seinare gjekk eg over i Framstegspartiet. Eg har vore kandidat ved anten kommuneval, fylkestingsval eller stortingsval sidan 2001. Eg har brukt helgene mine på møte og konferanser. Eg har skrive resolusjonar, eg har diskutert politikk og eg har festa og hatt det moro i lag med gode medliberalistar. No er alt dette slutt.

Til hausten er eg ikkje kandidat til eit val. For fyrste gong på tolv år. Eg skal ikkje stå på stand, eg skal ikkje i debattar og eg har ikkje tenkt til å skrive eit einaste lesarbrev. Det einaste eg skal gjere er å karre meg til røystelokalet - denne gongen i Høyanger. For fyrste gong skal eg også stemme i eit anna fylke enn Oppland. Eg skal stemme i Sogn og Fjordane.

(Og no kom eg plutseleg på at eg har takka ja til å vere kandidat til soknerådsvalet, så eg skal faktisk stå på val likevel. Stem Hanne Maren inn i soknerådet!)

Kva har eg fått gjennom desse åra i politikken? Kva sitt eg att med etter tolv år som partipolitikar?

Mest av alt har eg lært ufatteleg mykje som kjem godt med i kvardagen. Taleteknikk, debatteknikk, nervøsitetskontroll, retorikk, stemmebruk og kompetanse i politiske prosessar og forvaltingsnivå. Dette er kompetanse eg har stor bruk for i kvardagen som lærar.

Eg har vore stortingsrepresentant (åtte dagar), fylkestingsrepresentant, kommunestyremedlem, formannskapsmedlem, gruppeleiar, fylkesleiar i FpU, politisk nestleiar i Oppland Frp, sentralstyremedlem i FpU, 1.nestformann i FpU og no dei siste to åra sentralstyremedlem i Frp. Eg har også jobba som politisk rådgjevar på Stortinget.


Eg i lag med to kollegaer frå sentralstyrebenken. Avtroppande nestleiar Per Arne Olsen, som eg har lært ufatteleg mykje av. God liberalist og moroklump! Kari Kjønaas Kjos er sentralsttremedlem og ein person som kjempar med heile seg for mange av dei svakaste i samfunnet. Flott dame!


Etter eg sa opp jobben min på Stortinget og begynte som prosjektleiar i Vågå, skulle eg ha politisk pause. Eg var kjempelei. Eg var klar for å gjere noko heilt anna. Pausa varte i litt over eitt år. Eg vart fylkestingskandidat att - og plutseleg vart eg spurd om å stille til val i sentralstyret. Pausa vart mykje kortare enn det eg hadde tenkt. Og eg gjorde comeback i ein alder av 29 år.

I helga har mange spurt meg om kvifor eg gjev meg i sentralstyret og kva eg skal finne på no.

Eg gjev meg fordi eg ikkje er motivert nok. Eg har ikkje lyst til å stå på stand i helgene. Eg vil ikkje bruke kveldane på styremøte. Eg vil ikkje inn i kommunestyret. Eg har ikkje lyst til å skrive resolusjonar. Eg er ikkje engasjert nok. Eg har ikkje gløden som trengst.

For skal eg gjere noko, skal eg gjere det heilhjarta. Eg kunne kanskje take to år til i sentralstyret med halvhjerta motivasjon, men det er ikkje nok for meg. Då er det betre å overlate plassen til nokon andre.

Eg har ikkje sløva i sentralstyret i to år. Det er ikkje det. Eg har gjort ein del også.. Ikkje minst i skule- og utdanningspolitikken. Programmet vårt på dette feltet er no blitt mykje betre enn det var. Og det er takket vere god innsats frå meg sjølv og frå eit temautval på feltet som vart sett ned i samband med programprosessen. Vi hadde gode forslag, og etter runder i både landsstyret og landsmøtet er mesteparten av det vi foreslo blitt take inn i programmet. Det er vi stolte av!

Så kva skal eg finne på no? Finst det noko liv utanom politikken?

Det siste året har vore ganske tøft. Eg har vore veldig sliten, og har følt at jobben har take mykje energi. Eg har difor ikkje hatt så mykje overskot til å tenkje politikk. Jobben er altoppslukande, og det er også ein medverkande årsak til at eg vil ha ei politikkpause.

No skal eg bruke tid på å lese fleire bøker. Skrive meir. Eg elskar å skrive, og bør vurdere om eg kanskje kan gjere noko meir ut av det enn berre denne bloggen.

Eg skal begynne på engelskstudium til hausten. Det gler eg meg enormt til. Eg elskar å undervise i faget, og klør i fingrane etter å lære meir.

Eg skal trene meir. Eg skal reise meir. Eg skal lære meir. Eg skal treffe fleire folk. Eg skal utfordre meg sjølv. Eg skal gjere noko heilt nytt.

Nei - eg vil ikkje engasjere meg i lokalpolitikk. Det fristar ikkje ein gong littegrann. Eg er lei av møte. Eg er lei av prosessar som tek tid. Eg er lei av gnål. Eg er lei av referat. Eg er lei av protokollar. Eg er lei av kverrulantar. Eg orkar ikkje diskusjon.

Eg vil heller begynne å strikke enn å engasjere eg i lokalpolitikken. Og det seier alt!

Eg lovar likevel at eg skal vere engasjert i samfunnsdebatten. Både på denne bloggen og i avisspalter rundt omkring. Og no kan eg faktisk meine akkurat kva eg vil utan å tenkje på at eg ikkje kan ta avstand frå eit parti eller politikarar. Det kan også vere litt greitt i blant. Eg kan faktisk sparke i alle retningar, og det kjem eg faktisk også til å gjere.

Min spådom for framtida?

Om ti år ser de meg som engasjert fagforeningsdame - kjempe for lærarar sine rettar, og bruke alle knep eg har lært meg i partipolitikken til å få gjennomslag for akkurat det eg vil. Og tru meg; det kjem eg til å klare!



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammakroppen og meg

Det er ganske menneskeleg å ha lyst på det ein ikkje kan få. Til dømes cava i graviditet eller ein skikkeleg fest når bebien er ein månad gamal og du er lenka til han. Eller kanskje sydentur når kjærasten nektar plent å bli med. Og i mitt tilfelle akkurat no; ein joggetur.

Altså; eg har aldri likt spesielt godt å jogge. Men eg gjorde det ein periode i livet mitt fordi eg oppdaga eg fekk overskot av det og fordi det gjorde godt for kroppen min.

Meg for tre år og 10 kilo sidan. Dette var sommaren eg traff Trond og han forelska seg i meg. Eg skal tilbake dit. Innan eitt år. 

Etter fødsel får ein ikkje lov til å jogge (ikkje anbefalt før etter tre månader). Altså får eg automatisk lyst til å jogge. No har eg allereie begynt å dagdrømme om deltaking i sentrumsløp og fjellmaraton til neste år. Og eg skal springe fort! Raskare enn eg nokon gong har gjort. Sjølvsagt! (og jada; eg drømmer også om kor godt det skal bli med cava etter løpet)

Men det er berre å innrømme det; eg er ein pudding. Ein…