Gå til hovedinnhold

Vårteikn i raudt, kvitt og blått


Viss eg skal velje meg ein favorittmånad, vel eg meg mai. Viss du spør meg kva mai er farga i, svarar eg raudt, kvitt og blått. Mai for meg betyr feiring av nasjonaldag, min eigen bursdag, russetid, og ikkje minst det store høgdepunktet; finale i Eurovision Song Contest.

Eg er vakse opp i Valdres. Det sikraste vårteiknet heimanfrå er lukta av gjødsel som vart spreidd utover jorda. Lukta sette seg i alt eg hadde av klede, og den trengte seg gjennom både vindauge og veggar. For meg var dette ein del av kulturen. Vårteikn som ikkje kan skildrast med ord – berre opplevast med sansane. Minna av flagg i mai er i stor grad knytt saman med minna av bondelukta.

Når eg no er busett i eit industriområde på Vestlandet, er dette ei lukt eg saknar. Det er nokre få gardar her, og til trass for nokre forsøk på å spreie ut lukta av jordbruk, kjem ikkje Høyanger i nærleiken av Valdres på dette området. Likevel får eg her begge delar; eg får lukta av industri blanda med lukta av jordbruk. Eg sett stor pris på begge delar. Eg føler meg heime båe plassar.

Eg føler ikkje eg sviktar Valdres ved at eg er glad i Høyanger. Eg blir ikkje mindre glad i Valdres sjølv om eg trivst her. Å uttrykke kjærleik til ein ny heimplass betyr ikkje at eg elskar røtene mine og bondekulturen i Valdres mindre. Hadde eg hatt moglegheit skulle eg laga ein pin eller eit flagg som hadde både Høyanger og Valdres i seg.  For å vise at eg føler meg heime båe plassar.

Føler eg at min norske kultur blir truga av å sjå glade ungar med flagg frå Somalia, Pakistan eller Frankrike i det norske 17.mai-toget? Føler eg at Noreg blir truga av utanlandske farger i lag med dei norske? Snarare tvert i mot.

Akkurat som eg er stolt av å kome frå Valdres her i Høyanger, forventar eg meg at folk frå andre land er stolte av sitt heimland også i Noreg. Å bli ein del at eit nytt samfunn handlar ikkje om å utslette minna frå der vi kjem frå.  Det handlar om å ta vare på det beste frå forskjellige kulturar.

Frå kulturen heime i Valdres har eg take meg med jordnærheita, glede over natur og stoltheit over dialekt, musikk og folkeliv. I Høyanger har eg møtt høgrøsta og direkte sogningar som er stolte over si industrihistorie. Høyanger formar meg no som menneske, akkurat som Valdres har forma meg i fortida. Eg blir ikkje meir integrert i Høyanger av å gløyme Valdres.

Eg er så glad eg bur i eit land med ytringsfridom. Av alle favorittfridomar, er nok det fridomen eg sett høgast. Eg gleder meg også over at eg kjem frå ein heim der eg er lært opp til at alle menneske er like mykje verdt. Dette er verdiar som betyr mykje for meg, og som eg vil bruke heile livet mitt for å kjempe for.

Folk som mislikar desse verdiane går ikkje i 17.mai-tog for å feire Noreg og Noregs grunnlov. Eg har ein mistanke om at dei held seg heime. Trusselen mot Noreg og norske verdiar er ofte ikkje i symbol vi ser i det offentlege, men heller skjult.

Regnbogeflagg eller flagg frå San Marino i 17.mai-toget er ikkje det som trugar norske verdiar eller norsk kultur. At folk vil vere med å feire Noreg og vere ein del av fellesskapen vår i mai er difor noko vi skal sette pris på; uansett korleis dei går kledd.

Eg ønskjer meg ein mai månad med mange farger og mange lukter. For meg er det fantastisk når lukta frå industrien blandar seg med lukta av jordbruk. Akkurat like mykje vil eg setje pris på at raudt, kvitt og blått blandar seg med gult, grønt og svart i mai månad. 

Innlegget var også å sjå på trykk i Nationen 3.mai 2013

Kommentarer

  1. Viser en fellesskap på nasjonaldagen ved å gå med forskjellige flagg? Ville nå heller trodd at nye landsmenn vil vise akkurat på denne dagen at de faktisk er norske, at de er med i fellesskapet Norge og dermed feire deres nye hjemland.

    En kan gjerne feire sitt hjemlands nasjonaldag i Norge, slik nordmenn feirer 17. mai i utlandet. Hvorfor er man nødt til å vise at man er stolt over sitt gamle hjemland når man feirer sitt nye?

    Det er ingen logikk i dette. Det virker som en klam måte å vise at man er tolerant overfor innvandrere. For de aller fleste innvandrere vil faktisk gå med norske flagg den 17. mai. Nettopp for å vise at de er like norske som alle andre.

    Hvorfor benytte en dag som feirer landet og fellesskapet Norge ved å markere forskjellene mellom oss?

    SvarSlett
  2. Eg har aldri sett andre flagg enn norske på 17.mai. Ei trur eg heller at vi kjem til å sjå mange andre flagg enn norske på feiring av nasjonaldagen framover. Om nokon vil syne at dei har tilhøre til både Noreg og andre land denne dagen, gjer det meg likevel ingenting!

    Eg feira 4.juli i USA ein gong ved å ha både norsk og amerikansk flagg. Eg tykte det var ein fin greie for å syne at eg hadde tilhøre til begge plassar. Eg er frå Noreg, men syner fellesskap med folk i USA og dei amerikanske verdiane. Min norske identitet vil eg uansett aldri gje slepp på (og folk i USA sett pris på at du syner identiteten din).

    Mitt mål med dette innlegget var fyrst og fremst å få fram at eg ikkje er for forbod mot noko som helst flagg eller nokon som helst måte å kle seg på. Eg ønskjer alle velkomne i 17.mai-tog for å feire grunnloven vår og ytringsfridomen!

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv. Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten. Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgon

Hanne tester trappene i Høyanger

Høyanger er visstnok kjend for sine trapper. Dette heng saman med vatnforsyning og industri (eg skal finne ut meir om dette når eg skal på industrimuseet seinare i veka). Det er to trapper i Høyanger. Ei med omlag 1250 trappetrinn og ei med 2500 trappetrinn. Optimistisk som eg er bestemte eg meg for å teste den lengste av dei. Dette bilete er take rett etter at eg har gått heimanfrå. Eg bur i eit bustadområde rett på venstresida av bileteramma. Trappa kan du sjå der langt framme på fjellet omtrent midt i biletet. Du ser det som ein grå strek som går oppover. Elva er også rett ved der eg bur, og eg såg mange fiskarar på vegen fram og attende (fisking rett utanfor stovedøra, bokstaveleg talt!). Høyanger sentrum ligg i motsatt retning, altså der elva renn ut i fjorden. No ser du at eg nærmar meg. Også eg begynner å tru at det er håp om at eg skal kome fram. Litt skeptisk på om det er lov til å gå inn på området nå, og tenkjer: "neinei, eg må snu!". Då ser

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år. Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg.  Terningkast: 2  Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt? Terningkast: 5  Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det.  Terningkast: 3 Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein