Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2013

Sommaren utan planar

"Kva skal du gjere i sommar, då?". Det er eit spørsmål eg fekk mange gonger før eg gjekk ut i sommarferie. Eg svarte alltid: "Minst mogleg. Eg har ingen planar".

Dette skulle bli sommaren utan planar der eg berre slappa av og fekk lese ein heil masse og skrive mykje på boka mi.

Eg kjenner meg sjølv. Det går tre dagar. Så blir eg grusomt rastlaus. Eg vaknar om morgonen, sett meg for å drikke kaffi og startar å tromme fingrane på bordet. Så må eg danse litt. Så må eg gå meg ein tur. Lese bok er kjedeleg. Skrive er kjedeleg. Eg må reise ein plass. Kan ikkje bli her for alltid. Startar å planlegge kva eg kan finne på.

I går; veninne spør om eg vil vere med til Barcelona i juli. Ho har sett eg ønskjer å reise til Spania for å besøkje cavaprodusentar. Eg er ikkje vanskeleg å be. Tur bestilt og betalt allereie!

I juli blir det også to festivalar i Valdres som får besøk av meg. Både Vinjerock (som friviljug mannskap for min bror) og Trollrock. Og eg som eigentleg ikkje er …

I natt har eg drøymt om kven eg skal gifte meg med

Alle jenter har jo fått høyre at viss vi finn sju slag blomar og legg dei under puta på Sankthansaften, vil vi drøyme om kven vi skal gifte oss med når vi blir store.

Eg er ikkje spesielt overtruisk av meg, men har liksom hatt ein plan om at eg skal gjere dette heile livet. Det har aldri blitt slik, men sidan eg er i ferie og treng å sysselsette meg sjølv, hadde eg bestemt meg for at no skulle eg endeleg gjere det.

Det er berre det at då eg endeleg fekk surra meg til å bestemme meg for å gå ut og samle blomar, så plaskregna det her i Høyanger. Eg skal også innrømme at tanken på å bringe inn sju blomar etter å ha brukt heile dagen på å vaske soverommet mitt, heller ikkje var spesielt fristande. Å vakne opp med billekoloni eller ein edderkoppfamilie i senga mi hadde eg ikkje spesielt lyst til.

Som jente drøymer sjølvsagt også eg om ein superhelt, men eg skal love deg at sjølvaste edderkoppmannen står langt ned på ønskjelista mi. Så han ønskja eg ikkje å drøyme om.

Eg fann difor ut at eg…

50 ting eg skal gjere før eg døyr - 43 att å gjennomføre!

For snart to år sidan laga eg meg ei liste over 50 ting eg skulle gjere før eg døyr. 

Eg har ikkje tenkt på denne lista på ei stund, og eg oppdaga til min store glede at eg faktisk har klart ein ting til på lista; nemleg å springe 10 km utan pause. Dette har eg klart utan å oppdatere lista.

Eg klarte faktisk dette målet allereie 24.februar i år. Så no har eg sjølvsagt oppdatert lista, og sjekka ut det punktet. Etterpå har eg også fullført ein halvmaraton, så viss eg hadde vore politikar ville eg sagt at målsetting er "overoppfylt".

Sommar og ferie betyr at eg må klare fleire ting på lista. Eg ser at det er ein del ting eg kan fint klare i løpet av sommaren.

Så langt har eg klart desse sju tinga:

- Gå Besseggen
- Lese Anna Karenina
- Lese Prosessen
- Gå på kino åleine i Noreg
- Reise på sydenferie åleine
- Klare å springe 10 km utan pause
- Gå oppå ein skikkeleg stor isbre og studere han på nært hald.

Eg har ein del bøker på denne lista mi, og eg har målsetting over å klare eit…

Prosjekt rydding etter Hanne-metoden

På fredag feira eg at eg skal ha lang lærarferie, i lag med gode kollegaer. Slik ser ein lærar som går inn i sin fyrste lærarferie ut:

I går låg eg på sofaen heile dagen og gjorde minimalt. Orka ikkje å ta bilde. 
I dag er prosjekt rydding av kåk i gang. Det er inga enkel oppgåve. Eg starta med klesskåpa mine. 
Rydding etter Hanne-metoden foregår slik:
Kast alt av klede på senga. Gå gjennom alt, og sorter det i tre ulike bunkar. Det som skal inn att i klesskåpet skal brettast fint saman eller hengast på hengar (i vaskemaskina viss det luktar vondt eller har cavaflekkar). Det du er usikker på om du vil bruke att, skal i ein pappeske som skal inn i boden (då ligg det der i tilfelle eg plutseleg finn ut at eg berre MÅ ha DEN kjolen attende). Også er det det eg ikkje ønskjer å bruke att (eller som eg føler smerte over at er blitt for lite); det går i plastsekk og skal til Fretex. 
Det som er skumlast med å rydde klesskåp er at du finn klede som du er glad i, men som ligg langt bak i kles…

"Det ventar eg med til sommarferien"

Fy søren. Om to dagar går eg ut i min fyrste lærarferie. Og eg skal love deg at det blir fortent! På skulen har det gått i eitt dei siste vekene, og det har kåken min fått lide under. Eg har rett og slett ikkje orka å gripe fatt i noko, og har tenkt at "den ventar eg med til eg får sommarferie". Då skal eg jo få tid til ALT.

Alt av post, papirar og dokument har eg putta ned i ein pappeske. Det skal eg sortere når eg får sommarferie.

Strømper, kjoler, t-skjorter, gensere og bukser ligg hulter til pulter i klesskapet mitt. Eg skal jo rydde i klesskapet mitt når eg får ferie. Det er ikkje plass til alt i skapa mine heller, så det har danna seg ein stor og fin haug på badet. Og i sofaen. Og på og under senga. Og i gangen også ja. Og på ein stol. Og under ein stol.

Badet ja. Det er ikkje ein plass eg ville anbefalt deg å gå inn. I tillegg til kleshaugen min, ligg smykker hulter til bulter i to smykkeskrin. Eg har ikkje gidda å sortert ting. Det vil også seie at eg ikkje har brukt…

Uteskuleveke = læring? Eller berre ein sliten lærar?

Denne veka har eg gjort eit tappert forsøk på å gjennomføre ei uteskuleveke med klasse 8a. Målsettinga med ei slik veke er å finne andre type meistringsarenaer enn dei vi finn i klasserommet og oppnå kompetansemåla i læreplanverket også utanfor klasserommet, der tradisjonell undervising finn stad.

Eg har prøvd å gjennomføre uteskuleveke tidlegare. Det var på tida då eg var prosjektleiar for eit skule- og samfunnsutviklingsprosjekt i Vågå og påtok meg å steppe inn som lærar i 50 % frå januar til juni fordi den læraren som eigentleg var i klassen måtte overta som rektor. Vi var to ganske ferske lærarar som skulle vere inne i 5. og 6. klasse - ei klasse som var vant til ein friluftskar som lærar og som hadde fast tradisjon med uteskuleveke kvar vår. På fyrste foreldremøte fekk vi klar beskjed om; "Vi må ha uteskuleveke. Ikkje tull med den".

Vi bestemte oss for å kople uteskuleveka opp mot foto. Vågå hadde kjøpt inn eit klassesett med kamera (det burde alle skular ha!) og vi køy…

Baklengs ned alle trapper

Nei - vi pratar ikkje i overført tyding. Vi pratar bokstaveleg. I dag har eg anten gått sidelengs (når folk ser på) eller baklengs (når ingen ser) ned trappane. Dette gjer eg ikkje fordi eg ønskjer å gjere eit poeng ut av at eg har sprunge halvmaraton i helga, men fordi det gjer så innihampen vondt.

Vi hadde ei fantastisk helg på Beitostølen. Her kan du sjå ein bildeserie frå helga.


Fredag 31.mai - avreise og opplading
Med fullstendig overtenning reiste vi frå Høyanger rett etter jobb fredag. Her ved fergestoppen på Dragsvik. Veldig optimistisk på dette stadiet.

Her har vi kome fram til Beitostølen. Når vi får henta startnummeret vårt, tek det fullstendig av. Vi fann også denne plakaten. Når vi spring for eit idrettslag som "Cava Runners" er det obligatorisk med bilde her. At teksten på plakaten gjev ein viss meining kjem eg attende til seinare. 

Etter å ha henta startnummeret, er det på tide å køyre løypa. Vi køyrer 21 km til start og attende. På vegen attende finn vi dette …