Gå til hovedinnhold

50 ting eg skal gjere før eg døyr - 43 att å gjennomføre!

For snart to år sidan laga eg meg ei liste over 50 ting eg skulle gjere før eg døyr. 

Eg har ikkje tenkt på denne lista på ei stund, og eg oppdaga til min store glede at eg faktisk har klart ein ting til på lista; nemleg å springe 10 km utan pause. Dette har eg klart utan å oppdatere lista.

Eg klarte faktisk dette målet allereie 24.februar i år. Så no har eg sjølvsagt oppdatert lista, og sjekka ut det punktet. Etterpå har eg også fullført ein halvmaraton, så viss eg hadde vore politikar ville eg sagt at målsetting er "overoppfylt".

Sommar og ferie betyr at eg må klare fleire ting på lista. Eg ser at det er ein del ting eg kan fint klare i løpet av sommaren.

Så langt har eg klart desse sju tinga:

- Gå Besseggen
- Lese Anna Karenina
- Lese Prosessen
- Gå på kino åleine i Noreg
- Reise på sydenferie åleine
- Klare å springe 10 km utan pause
- Gå oppå ein skikkeleg stor isbre og studere han på nært hald.

Eg har ein del bøker på denne lista mi, og eg har målsetting over å klare eit par av desse bøkene i sommar. I morgon går eg på biblioteket og låner meg "1001 natt". "Opptegnelser fra et kjellerdyp" har eg i bokhylla, og denne boka skal eg endeleg klare å fullføre (eg trur eg no er så stabil at eg ikkje blir gal av å lese ho).

I tillegg tenkjer eg at eg skal klare desse tinga i løpet av sommaren:

19. Reise på ein skikkeleg festival, vere hippie og bu i telt

Eg skal på Vinjerock som friviljug i år - der skal eg bu i telt og eg skal vere hippie. Det er kanskje ikkje akkurat ein slik type festival eg hadde sett for meg, men vi kan jo forsåvidt kalle det "ein skikkeleg festival". Og når eg då skal vere hippie, ete veganarmat og bu i telt, så satsar eg på at det er bra nok.

34. Kome inn att i rosa drømmekjole størrelse 36

Såg også på denne som urealistisk, men såg håp då eg i dag prøvde nokre gamle klede. Eg var faktisk ikkje så tjukk som eg trudde.

49. Ta bilen, reise på måfå-tur i Noreg og følgje konsekvent skilt med rare stadsnamn

Vurderer faktisk å gjere dette allereie veka som kjem. Heilt på eige hand, men viss nokon vil vere med, så har eg gjerne selskap i bilen (så sant du ikkje er veldig slitsam, men det får du beskjed om).


Andre ting på lista er eg nok lenger unna å klare. Per dags dato ser eg på desse tinga som mest urealistiske:

6. Lære meg spansk

Eg er for lat. That's a fact.

9. Gifte meg i Las Vegas

Det er ikkje det at eg ikkje skulle klart å få det til på eit vis om eg hadde reist til Las Vegas - eg er vel meir usikker på om eg faktisk vil gifte meg. Og om det er verdt den moroa det opplagt hadde vore å bli via av "Elvis".

20. Delta i sivil ulydnad

Eg er for feig. Det er også heilt sant.



Inntil vidare tenkjer eg i alle fall at eg skal klare alt eg berre vil i løpet av sommaren. Eg elskar den kjensla; du kan gjere kva du vil i nesten to månader. Og det skal eg jamen gjere også!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammakroppen og meg

Det er ganske menneskeleg å ha lyst på det ein ikkje kan få. Til dømes cava i graviditet eller ein skikkeleg fest når bebien er ein månad gamal og du er lenka til han. Eller kanskje sydentur når kjærasten nektar plent å bli med. Og i mitt tilfelle akkurat no; ein joggetur.

Altså; eg har aldri likt spesielt godt å jogge. Men eg gjorde det ein periode i livet mitt fordi eg oppdaga eg fekk overskot av det og fordi det gjorde godt for kroppen min.

Meg for tre år og 10 kilo sidan. Dette var sommaren eg traff Trond og han forelska seg i meg. Eg skal tilbake dit. Innan eitt år. 

Etter fødsel får ein ikkje lov til å jogge (ikkje anbefalt før etter tre månader). Altså får eg automatisk lyst til å jogge. No har eg allereie begynt å dagdrømme om deltaking i sentrumsløp og fjellmaraton til neste år. Og eg skal springe fort! Raskare enn eg nokon gong har gjort. Sjølvsagt! (og jada; eg drømmer også om kor godt det skal bli med cava etter løpet)

Men det er berre å innrømme det; eg er ein pudding. Ein…