Gå til hovedinnhold

Baklengs ned alle trapper

Nei - vi pratar ikkje i overført tyding. Vi pratar bokstaveleg. I dag har eg anten gått sidelengs (når folk ser på) eller baklengs (når ingen ser) ned trappane. Dette gjer eg ikkje fordi eg ønskjer å gjere eit poeng ut av at eg har sprunge halvmaraton i helga, men fordi det gjer så innihampen vondt.

Vi hadde ei fantastisk helg på Beitostølen. Her kan du sjå ein bildeserie frå helga.


Fredag 31.mai - avreise og opplading
Med fullstendig overtenning reiste vi frå Høyanger rett etter jobb fredag. Her ved fergestoppen på Dragsvik. Veldig optimistisk på dette stadiet.


Her har vi kome fram til Beitostølen. Når vi får henta startnummeret vårt, tek det fullstendig av. Vi fann også denne plakaten. Når vi spring for eit idrettslag som "Cava Runners" er det obligatorisk med bilde her. At teksten på plakaten gjev ein viss meining kjem eg attende til seinare. 


Etter å ha henta startnummeret, er det på tide å køyre løypa. Vi køyrer 21 km til start og attende. På vegen attende finn vi dette skiltet. Dette er på toppen av monstermotbakken "Båtskaret". Vi finn ut at den einste gongen vi vil vere i nærleiken av å få ein pris for å vere fyrst ved dette skiltet er fredagskveld. 

Laurdag 1.juni. Klart for løp.

Dårleg med søvn og vaknar tidleg. Oppe klokka 0700. Hoppar i treningstøyet. Et frukostblanding og frukt. Får i oss store mengder kaffi. Så er det klart for bildetaking ute. 

Etter dette går bussen opp til Valdresflya klokka 0930. Framme kvart på ti. Ein time og eit kvarter att til start. Får gått på do. Ete ein banan. Står og gruar oss noko enormt. Det regner. Det regner meir. Ved starten regnar det. Eg kjenner eg må på do att. Men det må eg jo berre gje blaffen i. Ingen bilder frå startpunktet. Vi var for nervøse til å orke bildetaking. 

Startskotet går. Det sluttar å regne. Fyrste ni-ti kilometra går leikande lett (i nedoverbakke eller flatt). Så begynner stiginga. Når det er åtte kilometer att begynner det å gå nedover att. Ingen nytelse, men det er ikkje så jævlig som frykta. Når det er 5 km att begynner eg å forså at eg kan kome under 2:15 viss eg berre gir på. 


Endeleg i mål. Siste tre kilometra var heilt grusomme. Trudde eg skulle spy siste fem hundre metra. Såg for meg at eg skulle spy i målområdet. Klarte å unngå det. Tida vart 2:09:10. Eg kom ikkje sist og eg rakk polet. Målsetting oppnådd. 

Etterpå cavadrikking og prating om kor flinke vi var. Ingen bilde kan leggast ut. 

Sundag 2.juni - dagen derpå 

Cava rett etter halvmaraton ikkje lurt. Ikkje akkurat det som gjer at musklane blir fine att. Skjønner kanskje at alkohol rett etter trening ikkje gjev mening. Alt gjer vondt. Og det gjer berre vondare og vondare utover dagen. Men vi er eplekjekke. Og planlegg vidare.

Terminliste i "Kondis". Vi planlegg no tur til Jølster i juli, og utanlands i haustferien. Må jo ha noko meir å trene fram mot. For tidleg å legge seg på sofaen no.  

Vel framme i Høyanger etter ein slitsam køyretur. Finn denne på arbeidsplassen min. Fantastiske Aina (som blir med neste gong - garantert) er faktisk stolt av oss (og tykkjer ikkje vi er kvalme). Nydeleg med kollegaer som faktisk støttar oss i galskapen!

Måndag 3.juni - Blåmandag

Har altså slite med å gå nedoverbakke. Det er heilt grusomt. Kettlebell utgår i dag. Gruer meg allereie til tur i trappene med elevane på onsdag. Men kjenner eg faktisk er glad for at det er oppover vi skal gå, og ikkje nedover.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…