Gå til hovedinnhold

"Det ventar eg med til sommarferien"

Fy søren. Om to dagar går eg ut i min fyrste lærarferie. Og eg skal love deg at det blir fortent! På skulen har det gått i eitt dei siste vekene, og det har kåken min fått lide under. Eg har rett og slett ikkje orka å gripe fatt i noko, og har tenkt at "den ventar eg med til eg får sommarferie". Då skal eg jo få tid til ALT.

Alt av post, papirar og dokument har eg putta ned i ein pappeske. Det skal eg sortere når eg får sommarferie.

Strømper, kjoler, t-skjorter, gensere og bukser ligg hulter til pulter i klesskapet mitt. Eg skal jo rydde i klesskapet mitt når eg får ferie. Det er ikkje plass til alt i skapa mine heller, så det har danna seg ein stor og fin haug på badet. Og i sofaen. Og på og under senga. Og i gangen også ja. Og på ein stol. Og under ein stol.

Badet ja. Det er ikkje ein plass eg ville anbefalt deg å gå inn. I tillegg til kleshaugen min, ligg smykker hulter til bulter i to smykkeskrin. Eg har ikkje gidda å sortert ting. Det vil også seie at eg ikkje har brukt øyrepynt dei siste vekene; for i full fart om morgonen er det ikkje mogleg å finne to som høyrer i lag.

Og ja. Også har eg tett vask. Det har eg hatt i ein månads tid. Den har blitt berre tettare og tettare. Dei siste dagane har eg pussa tenner og vaska hendene på kjøkkenet. Lenge leve latskapen.

I dag gjekk eg barbeint på kjøkkengolvet. Føtene mine hang att i golvet.

Vindauga mine er umogleg å sjå gjennom (eg har, når eg tenkjer meg, om ikkje pussa dei sidan eg flytta inn).

No begynner eg å få hovudet over vatn på jobb (det meste er no klart, sjølv om det blir ein lang dag på jobb i morgon).

Når eg no kom heim frå jobb, så klarte eg faktisk å sette på ei oppvaskmaskin. Og bestemte meg for å ta meg saman.

Så eg gjekk på badet. Opna vasken. Fekk rensa opp. No renn det vatn gjennom vasken, men eg har jo ikkje peiling på korleis eg skal sette saman greiene att (herregud Hanne; ta bilde før du demonterer noko! Kor dum går det an å bli!). Så no har eg sett meg på verandaen for å blogge om kor stort rotehuggu eg er,  mens det ser slik under vasken min:


Eg har ikkje peiling på korleis eg skal få det saman att, og kjenner eg meg sjølv rett kjem eg sikkert til å leve med bøtte under vasken dei neste vekene. Heilt til foreldra mine har lese bloggen min mens dei ristar på hovudet og seier "ubrukelege jentunge!". Så ringer ein av dei meg, ber meg ta meg saman og rettleiar meg på telefon til eg har fått det til.

Går eg inn att ventar også dette meg på badet:
Smykkehelvete! Med ein dæsj av strømpebukse, solbriller og undertøy. Kanskje på tide å rydde her også?

Viss eg ikkje vil det, så kan eg begynne her:

 Eller her:


No er det nesten så eg gruer meg til å gå ut i ferie - fordi eg veit at dette ventar på meg når eg har fri og bør gjere noko fornuftig.

Den fyrste veka i ferien har eg sett av til "Opprydding i heim og hjerne". Og eg trur du forstår no at lærarar verkeleg treng ein lang ferie. Det handlar rett og slett om at alt anna i livet er blitt sett på vent for å bli ferdig til sommarferien.

Og Mamma; ver glad eg ikkje legg ut bilde av vinduaga mine. Du hadde då vore på fyrste buss til Høyanger!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammakroppen og meg

Det er ganske menneskeleg å ha lyst på det ein ikkje kan få. Til dømes cava i graviditet eller ein skikkeleg fest når bebien er ein månad gamal og du er lenka til han. Eller kanskje sydentur når kjærasten nektar plent å bli med. Og i mitt tilfelle akkurat no; ein joggetur.

Altså; eg har aldri likt spesielt godt å jogge. Men eg gjorde det ein periode i livet mitt fordi eg oppdaga eg fekk overskot av det og fordi det gjorde godt for kroppen min.

Meg for tre år og 10 kilo sidan. Dette var sommaren eg traff Trond og han forelska seg i meg. Eg skal tilbake dit. Innan eitt år. 

Etter fødsel får ein ikkje lov til å jogge (ikkje anbefalt før etter tre månader). Altså får eg automatisk lyst til å jogge. No har eg allereie begynt å dagdrømme om deltaking i sentrumsløp og fjellmaraton til neste år. Og eg skal springe fort! Raskare enn eg nokon gong har gjort. Sjølvsagt! (og jada; eg drømmer også om kor godt det skal bli med cava etter løpet)

Men det er berre å innrømme det; eg er ein pudding. Ein…