Gå til hovedinnhold

I natt har eg drøymt om kven eg skal gifte meg med

Alle jenter har jo fått høyre at viss vi finn sju slag blomar og legg dei under puta på Sankthansaften, vil vi drøyme om kven vi skal gifte oss med når vi blir store.

Eg er ikkje spesielt overtruisk av meg, men har liksom hatt ein plan om at eg skal gjere dette heile livet. Det har aldri blitt slik, men sidan eg er i ferie og treng å sysselsette meg sjølv, hadde eg bestemt meg for at no skulle eg endeleg gjere det.

Det er berre det at då eg endeleg fekk surra meg til å bestemme meg for å gå ut og samle blomar, så plaskregna det her i Høyanger. Eg skal også innrømme at tanken på å bringe inn sju blomar etter å ha brukt heile dagen på å vaske soverommet mitt, heller ikkje var spesielt fristande. Å vakne opp med billekoloni eller ein edderkoppfamilie i senga mi hadde eg ikkje spesielt lyst til.

Som jente drøymer sjølvsagt også eg om ein superhelt, men eg skal love deg at sjølvaste edderkoppmannen står langt ned på ønskjelista mi. Så han ønskja eg ikkje å drøyme om.

Eg fann difor ut at eg skulle samle saman alt av plastblomar eg har i bustaden min. Eg sleit litt med sju slag, men eg fann i alle fall sju blomar.


Eg legg dei under puta, og er klar for natta då eg endeleg skal finne ut kven eg skal gifte meg med. Eg er full av optimisme og klar for å sove.


Eg sovnar fort.

Eg vaknar også fort. Måndagsmorgon betyr at eg vaknar klokka 0640. Det fyrste eg sjølvsagt tenkjer på er; "kven drøymte eg om?".

Eg trur eg drøymte om ein mann. Eg trur også denne mannen skulle lage mat til meg. Eller eg er ikkje sikker på om det var ein mann der, men det var mat. Eg har brukt heile natta på å drøyme om mat (sjølvsagt mat eg aldri får surra meg til å ete).

Eg er ikkje spesielt opptatt av mat. Men då eg vakna kom eg på at eg i løpet av Sankthansaften berre hadde ete sju oliven. Eg var sjølvsagt skrubbsvolten. Eg veit dette høyrast noko anorektisk ut, men til mitt forsvar må eg seie at eg drakk veldig mykje kaffi.

Konklusjonen på forsøket; eg blir aldri gift! Eventuelt blir eg gift, men eg klarar ikkje heilt å sjå kven han er. For eg ser berre meg sjølv og mine behov.

Kommentarer

  1. Ikke se bort fra at det ligger noe i disse olivenene. Mye kan tyde på at det blir en greker. Har du noen slike i nærheten?

    SvarSlett
  2. Blir vel ein tur til Hellas i løpet av sommaren, så satsar på at eg treff ein Stavros eg kan dele sju oliven med. :)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…