Gå til hovedinnhold

Prosjekt rydding etter Hanne-metoden

På fredag feira eg at eg skal ha lang lærarferie, i lag med gode kollegaer. Slik ser ein lærar som går inn i sin fyrste lærarferie ut:


I går låg eg på sofaen heile dagen og gjorde minimalt. Orka ikkje å ta bilde. 

I dag er prosjekt rydding av kåk i gang. Det er inga enkel oppgåve. Eg starta med klesskåpa mine. 

Rydding etter Hanne-metoden foregår slik:

Kast alt av klede på senga. Gå gjennom alt, og sorter det i tre ulike bunkar. Det som skal inn att i klesskåpet skal brettast fint saman eller hengast på hengar (i vaskemaskina viss det luktar vondt eller har cavaflekkar). Det du er usikker på om du vil bruke att, skal i ein pappeske som skal inn i boden (då ligg det der i tilfelle eg plutseleg finn ut at eg berre MÅ ha DEN kjolen attende). Også er det det eg ikkje ønskjer å bruke att (eller som eg føler smerte over at er blitt for lite); det går i plastsekk og skal til Fretex. 

Det som er skumlast med å rydde klesskåp er at du finn klede som du er glad i, men som ligg langt bak i klesskåpet fordi det er blitt for lite. Eg har eit par favorittbukser det er slik med. 

Eg fann favorittbuksa mi frå då eg var fit og flott rundt 25-årsalderen (herregud; det er sju år sidan). Den har ikkje passa på nokre år. 

Eg har ikkje mistenkt meg sjølv for å bli tynnare dei siste månadane, men det skulle vise seg at sanninga var betre enn frykta. 

Hahahahaha. Lykke på jord:

Bukse passar (nesten) perfekt. Haha. Trening funkar!

Ikkje berre er låra mine tydeligvis blitt mindre. Eg har også fått mindre puppar. Eg får no att knappane på min favoritt-rutete skjorte. Nytt antrekk for dagen! Rydding gjer meg lykkelegare enn eg hadde trudd. 

No har eg altså funne ut at eg blir tynnare av trening (bombe). Då får unge Blåfjelldal blod på tann. Eg kjøpte nemleg ein kjole (på Uff i Oslo) som er for liten, for nokre månadar sidan. No kjem eg då til å sette meg på ein knallhard diett for å kome inn i denne kjolen i løpet av sommaren. Når Victoria Beckham kan leve berre på jordbær, kan vel jamen eg klare det også. 


Kjolar ja...eg har 47 stk (må jo bruke litt tid på telling også). Det er miljøvennleg det. Ikkje rart eg må vere veganar for å kompensere for det store klesforbruket mitt. Eg skal no ha ein shoppingfri sommar. Eg skal ikkje kjøpe eit klesplagg. Det er målet. I tillegg til berre å ete jordbær. 

Eg har nokre fantastiske kreasjonar i klesskåpet mitt. Det er slik at du lurer på kva i alle dagar som gjekk av deg då du kjøpte det. Var eg full? 

Sjekk denne jakka! Nyyydeleg. Eg skjønner verkeleg ikkje korleis eg skal få denne til å kome til sin rett, men eg må ha hatt ein eller annan lur plan då eg kjøpte ho. Tredje mål for sommaren; å bruke denne jakka ute blant folk! Og ikkje bry meg om at folk stirar rart på meg. 

Det er ikkje rart det går litt sakte med ryddinga. Når det er viktigare å dokumentere rydding, prøve klede og finne fram det mentale bilde av meg sjølv i drømmekjoler med eit glas cava i handa. 

Eg begynner no å nærme meg slutten på rydding av klesskåp. Etterpå er det badet som står for tur. Same metode der. Så kjem kjøkkenet der kjøleskåp og komfyr skal få gjennomgå. Gled dykk til bilde av soyayoghurten som har stått i kjøleskåpet eit halvt år og veganske middagsrestar som det plutseleg er blitt liv i. 


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…