Gå til hovedinnhold

Sommaren utan planar

"Kva skal du gjere i sommar, då?". Det er eit spørsmål eg fekk mange gonger før eg gjekk ut i sommarferie. Eg svarte alltid: "Minst mogleg. Eg har ingen planar".

Dette skulle bli sommaren utan planar der eg berre slappa av og fekk lese ein heil masse og skrive mykje på boka mi.

Eg kjenner meg sjølv. Det går tre dagar. Så blir eg grusomt rastlaus. Eg vaknar om morgonen, sett meg for å drikke kaffi og startar å tromme fingrane på bordet. Så må eg danse litt. Så må eg gå meg ein tur. Lese bok er kjedeleg. Skrive er kjedeleg. Eg må reise ein plass. Kan ikkje bli her for alltid. Startar å planlegge kva eg kan finne på.

I går; veninne spør om eg vil vere med til Barcelona i juli. Ho har sett eg ønskjer å reise til Spania for å besøkje cavaprodusentar. Eg er ikkje vanskeleg å be. Tur bestilt og betalt allereie!

I juli blir det også to festivalar i Valdres som får besøk av meg. Både Vinjerock (som friviljug mannskap for min bror) og Trollrock. Og eg som eigentleg ikkje er festivalmenneske. Men i blant må ein vel berre overraske seg sjølv.

6.juli blir det halvamaraton i Jølster. Vi er fire jenter som har booka oss inn på ei campinghytte og skal springe. Eg ladar opp med heftig cavadrikking og gruer meg allereie.

I august reiser eg til Santorini med Mamma. Ei veke der eg skal gjere det eg kan best; ligge rett ut i sola, høyre på musikk og lese bok. Etterpå; drikke vin. Så sove. Sove masse. Bra opplading før skulestart.

No er eg snart ferdig med å vaske heile huset. Manglar berre vinduage, og det blir gjort i morgon. Etter det er fullført har eg ikkje ro i meg til å bli i Høyanger ein dag til.

SÅ! Endeleg! Eg reiser over Sognefjellet til vakre Vågå på fredag. Det gler eg meg enormt til! Eg er veldig lei meg for at eg ikkje fekk kome på besøk i løpet av skuleåret slik at kunne besøkt endå fleire tidlegare kollegaer. Men eg kjem i alle fall til å treffe nokon no - og eg er veldig glad at eg fekk kasta meg rundt og bestemt meg for å gjere dette. No blir det skravling om alt som har skjedd sidan sist, og sjølvsagt obligatorisk vindrikking.

Kjem garantert ein bloggpost om Vågå-besøk. Vakre, vakre Vågå.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år.

Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg. 
Terningkast: 2 

Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt?
Terningkast: 5 
Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det. 
Terningkast: 3
Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein song som får meg i godt humør. Ved fy…