Gå til hovedinnhold

Syng som ei kråke, fotografer som ein rosabloggar!


Då eg starta som fersk kontaktlærar i august i fjor hadde eg enorme planar for kva eg skulle utrette i løpet av skuleåret. Det var rett og slett ikkje måte på kva for kreative undervisingsopplegg eg skulle klare å lage, og kva elevane skulle lære ved å bruke alle sansane sine.

Vi høyrer eit rop om at ungdomsskulen er for teoretisk. Vi må skape ein meir praktisk ungdomsskule, der alle elevane kan finne meistringsarenaer.

Eg underviser i engelsk, norsk, samfunnsfag og rle. Dette er fag som ofte blir sett på som lite kreative og praktiske. Norsk er lesing og skriving. Engelsk er sterke verb. Samfunnsfag er om politikk og historie. Rle er om Jesus og Buddha.

Eg har likevel tru på å bruke kunstfagleg metode også i desse faga. Eg trur elevane kan lære historie ved å bruke drama som metode, eg trur elevane kan lære engelsk ved å bruke musikk og eg trur elevane kan få utvida tekstfagleg kompetane ved å bruke foto.

Problemet mitt er at eg ikkje kan spele eit einaste instrument (ikkje ein gong blokkfløyte!), eg syng som ei kråke og bileta eg tek egnar seg meir til stemningsrapport på ein rosablogg enn i ei utstilling. Eg er ei skikkeleg drama queen, men er usikker på korleis eg skal nytte denne eigenskapen i undervisinga.

Eg føler rett og slett ofte eg kjem til kort som lærar i min iver etter å bruke kunstfagleg metode i undervisinga. I teorien veit eg godt kva eg kan gjere for å få elevane til å lære på ein praktisk måte, men eg klarar ikkje gjennomføre i praksis. Eg har ikkje kompetansen som skal til.

Det hadde vore ekstremt moro å byggje ein slags modell av ein isbre. Eg kunne tenkje meg å dramatisere den industrielle revolusjon. Eg skulle gjerne brukt song for å lære om språk. Og ikkje minst kunne eg brukt smak og mat for å lære om forskjellige religionar.

Nokre ting har eg prøvd og tenkt: ”aldri meir att!”.

Tjue elevar og ein inkompetent lærar på mat- og helsesalen for å lære om mat og kultur i jødedomen fungerte ikkje. Dramatisering av Trymskvadet gjekk også ad undas. Begge delar enda med ein sur og sint lærar som var tappa for energi og sjølvtillit etterpå.

Andre ting har fungert veldig bra. Bygging av ballongbil er alltid ein slagar (takk til fiks ferdig undervisingsopplegg). Enkle dramaøvingar slår an som berre det (takk til god veninne med dramautdanning for tips). Og når elevane får sleppe laus med kamera, er det hallelujastemning.

Eg har dårleg samvit ovanfor elevane som har altfor få praktiske fag i skulen. Ein time musikk, to timar kunst og handverk og tre timar gym er ikkje nok for dei elevane som slit med lesing og skriving. Eg ser dei blomstre opp i musikkundervisinga, og dei fortel meg jamleg: ”Vi ønskjer å gjere meir praktiske ting!”.

Å bruke kunstfagleg metode i undervisinga er lettare i teorien enn i praksis. Det er min største erfaring frå det fyrste året som lærar. Det handlar om rigide timeplanar, lærarkompetanse, utstyr, lærartettleik og tilgang til spesialrom. Det handlar også om at slik undervising krev stort forarbeid og høg kompetanse frå dei som skal undervise.

Eg har likevel ikkje gjeve opp endå. Nest-siste skuleveke før sommarferien løyser eg opp timeplanen og skal gjennomføre ei uteskuleveke. Måtte hell og lukke være med oss, slik at eg ikkje til neste år seier: ´”Nei, slik praktisk undervising prøvde eg ein gong – det funka ikkje, så det gjer eg aldri att!”.  

Innlegget stod også på trykk i Nationen 31.mai

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år.

Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg. 
Terningkast: 2 

Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt?
Terningkast: 5 
Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det. 
Terningkast: 3
Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein song som får meg i godt humør. Ved fy…